Legg kommunereforma daud

Det har vore nok av truslar og press frå regjeringa og kommunalminister Sanner som kunne ha medført ja-fleirtal i folkerøystingane i kommunane – sjølv om folk eigentleg ikkje var så lystne på samanslåingar.

Fleirtalet av folkerøystingane i kommunane i Møre og Romsdal, som er heimfylket mitt, viser at innbyggjarane også her har vore modige nok til å ha tru på sin eigen kommune. Signalet er klårt: Fleirtalet ønskjer ikkje reforma til Sanner. Det finst ikkje ein stor samanslåingsiver i det vakre og mangfaldige fylket vårt.

Det er nok fleire grunnar til det. Mellom anna har mange sett at kommunereforma til regjeringa ikkje er ei reform for betre skule og betre helsetenester, men ei reform for sentralisering. Og sentraliserer ein, får ein meir sentralisering.

Folk har truleg også forstått at alt ikkje blir betre berre det blir større. Dei fleste undersøkingar viser då også at det er i dei minste kommunane innbyggjarane er mest nøgde med dei store og viktige tenestene som kommunen leverer.

Folk ønskjer å ha nærleik til skulen sin, til omsorgsbustadane. Og dei vil vera nær dei som skal ta avgjerdene om kva veg kommunen og lokalsamfunnet skal ta i tida som kjem.

Folk rundt om i kommunane i heile Noreg har begynt å stille kritiske spørsmål til kommunereforma: Blir lokalsamfunnet mitt verkeleg i mindre grad ein utkant viss kommunen min slår seg saman med ein annan? Kva vil skje med representasjonen vår i kommunestyret i ei ny storkommune? Kva vil skje med arbeidsgivaravgifta om vi slår oss saman med nabokommunen? Vil ungane våre framleis få moglegheita til å gå på ein skule i nærleiken? Vil dei eldre få lov å bli gamle på ein aldersheim i nærleiken, eller vil denne også bli lagt ned og sentralisert?

Høgre har vore tydelege på at dei vil gjennomføre ei kommunereform, men dersom målet var massive samanslåingar, har dei ikkje lukkast i gjennomføringa så langt. Reforma er eit uforsvarleg stressopplegg med korte fristar, og reforma har attpåtil begynt i feil ende. I staden for å sjå på oppgåver og tenester har regjeringa fokusert på samanslåing og struktur.

Det er prisverdig at fleirtalet av innbyggjarane i mange kommunar har hatt mot nok til å stå imot eit utidig tidspress frå regjering og fylkesmann, og at dei ikkje har latt seg skremme av økonomiske truslar eller utspel om mogleg tvang. Fleire og fleire meiner at kommunereforma er ein fiasko, men kampen for lokaldemokratiet og dei gode og nære tenestene i kommunane våre er diverre ikkje over.

Sanner og co kjem garantert til å kome med nye truslar og nye metodar for å tvinge gjennom samanslåingar. Inntektssystemet som Sanner truar med og som etter sigande vil føre til dårlegare økonomi i fleire kommunar, har fått mange til å tru at det ikkje er nokon veg utanom ei samanslåing. Då er det viktig å hugse på at inntektssystemet er vedteke med knappast mogleg fleirtal på Stortinget, og at det om litt over eit år er val igjen.

Eit inntektssystem varer med andre ord ikkje evig, men legg ein ned kommunen skal det mykje til for å reversere det. Dessutan: viss vi trur Sanner sitt inntektssystem held fram, og vi går inn i ein større kommune i håp om å behalde nokre millionar, er det jo denne nye, store kommunen som skal disponere desse millionane i det store, felles budsjettet. Då er det lite sikkert at pengane hamnar der ein håpar.

Senterpartiet er ikkje mot at kommunar som har fornuftige grunnar til å slå seg i hop gjer nettopp det viss dei får godkjentstempel frå innbyggjarane sine i tillegg. Men vi er mot at ei kommunereform skal bli pressa gjennom ved hjelp av truslar og ved hjelp av påstandar om fordelar ved samanslåing som ikkje heng på greip.

Innbyggjarane i Møre og Romsdal og i resten av landet har talt, og regjeringa bør no respektere dette ved å leggje kommunereforma daud.

Ei due i lysekrona på Stortinget – og Lynet McQueen

Eg visste ikkje at ei fredsdue har hengt i lysekrona i stortingssalen før, men eg veit at Lynet Mcqueen har hengt der oppe i taket rett ved denne flotte lysekrona.

Snart skal eg fortelje om begge desse hendingane, men først litt om bakgrunnen for at eg fortel om dette:

Vi veit lite om kva framtida bringer oss. Den 6. november i 2006 vart eg oppringt av administrasjonen på Stortinget, som fortalte meg at eg som andre varamedlem for Senterpartiet i Møre og Romsdal måtte møte allereie same kveld for å vera klår til å delta på stortingsmøte dei komande dagane.

Eg kom fram til Oslo før midnatt denne mørke og regnvåte haustkvelden, og ringte på der ute på Løvebakken. Medan eg venta på vakta som skulle leie meg inn og vise meg kor eg skulle sova den natta (det finst varamannsrom i eit bygg som er knytt til stortingsbygninga med tunnel), stod eg og var spent og litt uroleg for dei neste dagane.

No i mars feirar vi at Stortinget har heldt hus i den flotte stortingsbygninga vår i 150 år. Vi har feira med kulturinnslag av høg klasse, høgtidelege talar ved stortingspresidenten og med mat inspirert av menyen i samband med opninga i 1866. I tillegg var det eit talkshow som Anne Grosvold leidde, der ho tala med fleire personar om historia til og livet i bygget.

Bygget var særprega då det var nytt, og er det enno. Eg må innrømme at stolane i somme parlamentssalar i andre land som eg har fått prøvesitje har vore betre å sitje i enn stolane i stortingssalen vår. Og salane og bygga kunne også vera flotte i desse andre landa – og endå mykje større og på eit vis meir storslagne.

Men stortingsbygninga vår har ikkje gått ut på dato. Tvert i mot er det både viktig og rett å la ho halde fram med å huse virket til Stortinget. Det fungerer godt i praksis, og vi har med oss historia vår inn i framtida på ein fin måte. Og vi er nær folkelivet.

Som stortingspresidenten sa i ein tale: «Den intime, men mektige stortingssalen er godt synleg frå utsida. Frå Karl Johan kan forbipasserande skimte folkestyret i arbeid.»

Det er i halvsirkelen vi debatterer og voterer, og det er staseleg og fint der inne i salen. Men ein gong var det visst ei fredsdue som vart slept ut frå galleriet. Under det nemnte talkshowet til Grosvold fekk eg høyre om denne dua for første gong.

Visstnok flaug ho rundt oppe i taket på stortingssalen etter at ein eller annan hadde slept ho laus, og nokon fekk oppdraget med å skyte ho ned.

Skoten vart ho, men ho datt ikkje ned – ho hamna oppe i lysekrona og vart hengjande der, stakkars lita. Oddvar Nordli kommenterte då møtet starta opp igjen etter pausen at det ikkje var for å vera makaber han sa dette, men det kunne hende det kom til å drype blod ned frå taket, og det beklaga han i så fall.

Mange år etter hadde eg debutert på Stortinget. Og ikkje berre det – etter å ha vorte innkalla for å møte på tinget ei veke, viste det seg at eg vart der i åtte månader i strekk i den første omgangen.

Såleis passa det jo å ta med seg den seksårige sonen min til Oslo på 17. mai-feiring våren 2007. På veg til Stortinget maste han seg til ein gassballong med bilete av Lynet Mcqueen på, og eg tok bilete av han på Løvebakken med denne ballongen. Så var vi på kontoret mitt, der eg også knipsa eit bilete av den lille, gromme guten, framleis med ballongen svevande frå ein tråd knytt om handa hans.

Eg burde jo ha tenkt betre, men denne ballongen vart deretter med opp i – ja nettopp – stortingssalen. Eg har eit bilete av meg sjølv der oppe ved stolane, og guten visest bak meg der han står midt på golvet nede i salen, framfor talarstolen, med ballongen framleis blidt svevande frå tråden.

Akkurat då dette biletet vart teke, høyrte eg eit vræl, og snudde meg brått. Og der såg eg ballongen flaug til vêrs, sakte og veldig sikkert, opp mot taket ved lysekrona. Der la han seg fint til, på nasjonaldagen i nasjonalforsamlinga vår, og eg sa gloser inni meg som eg absolutt ikkje kan gjengi her.

Eg fekk overbevist guten om at det var viktig å finne ei vakt som kunne hjelpe oss. Ho eg tala med rynka ein smule skeptisk på panna då eg sa eg kunne prøve å skyte ned ballongen viss dei hadde ein luftpistol. (Gode råd er dyre, men dette var ikkje nødvendigvis eit godt råd, tenkte ho nok.) Eg fann så ut at det var like greitt å skugge banen.

Då eg nyleg fekk høyre historia om fredsdua under jubileumsmarkeringa, lo eg godt inni meg og tenkte på gassballongen. Og eg har tenkt ein del på dette Stortinget vårt, kva det er for ein institusjon og ein arbeidsplass.

Grosvold nemnte at det har vore sagt at ein kan få gjort alt her inne, bortsett frå ein hårklipp. Då fortalte ein mann i panelet at det faktisk var ein betjent som klipte håret på folk her tidlegare. Det vi har no, er høve til å arbeide med allslags hjelpemiddel og kyndig bistand frå folk i administrasjonen eller i eige partiapparat. Vi kan kjøpe oss mat, vi kan trene og dusje, og er du vararepresentant, kan du sova her også.

Då eg var inne som vara (det vart til saman nesten to og eit halvt år), budde eg mesteparten av tida på eit lite hotellrom her, og oppdaga ein fredag då eg skulle reise heim at eg ikkje hadde vore ute av Stortinget sidan eg kom til Oslo på søndag ettermiddag.

No som eg har vorte fast representant og har eiga leiligheit, søv eg ikkje her lenger, bortsett frå når eg treng ein dupp på sofaen i løpet av lange arbeidsdagar. Men for mange av oss langpendlarar verkar det nok som om det i periodar berre er akkurat det å sova vi gjer andre stader enn på tinget.

Guten har vorte femten år og går ikkje rundt med gassballongar lenger. Både fredsdua og Lynet McQueen kom ned igjen frå taket i stortingssalen, og ting går sin vante gang. Det er greitt at noko består også, og det er fint at nettopp stortingsbygninga vår gjer det.

(Denne teksten har tidlegare vore publisert på nettavisa til Høgskulen i Molde, Panorama.)

Språk er makt – og maktmisbruk?

Språket vårt, som vi uttrykkjer kjærleik og humor med, kan også nyttast som ufint maktmiddel. Slik er det berre. Men det er ein fordel om flest mogleg er klår over korleis ord og språk kan misbrukast, for då kan ein avdekkje dette og unngå å bli offer for maktbruken.

Språket vårt er viktig – vi kommuniserer og uttrykkjer identitet med det – både gjennom form og innhald. Oppi alt dette er språk også makt, fordi vi kan manipulere andre med måten vi bruker språket på. I 1973 kom boka «Språk er makt» ut. Forfattaren var professor i psykologi, Rolv Mikkel Blakar.

I Wikipedia finn vi at Blakar ville synleggjera at det ikkje finst «nøytrale mønster» i språket, og at tema i boka er kvinneundertrykkjande språkmønster, «forskjellsbehandling mellom bokmål og nynorsk i mediene, og språklige mønster som uttrykk for klasseståsted eller underforstått politisk ståsted».

Hausten 2015 kom det ei ny bok, med tittel «Ord er makt», skriven av Sara Gunnerud og Wegard Harsvik. Dei tilhøyrer venstresida, og skreiv i ein kronikk om boka si i Dagbladet 31. august 2015 om korleis høgresida bruker ord bevisst og målretta for å vinne større terreng.

Då eg las denne kronikken, tenkte eg på min eigen reaksjon då eg tidlegare den sommaren høyrte direktøren i NHO Møre og Romsdal bli intervjua på lokalnyheitene. Torill Ytreberg uttalte då i samband med temaet kommunesamanslåingar at det blir viktig med «utviklingsorienterte» og «endringsvillige» ordførarar etter valet, når prosessen skal førast vidare.

Eg brumma litt om dette i ettertid, for det ergrar meg grøn at det skal bli sett likskapsteikn mellom det å vera utviklingsorientert og endringsvillig og det å vera for massive kommunesamanslåingar.

Kommunekartet NHO la fram som eit ønskemål bestod av 77 kommunar i heile Noreg, og berre tre kommunar i Møre og Romsdal. Dei ordførarane som tykkjer dette er ein dårleg idé er (i følgje NHO) tydelegvis nokre sidrumpa vrangpeisar, som ikkje er villige til eller i stand til å tenkje utvikling og endring.

Slik eg kjenner ordførarane i kommune-Noreg, heng ikkje offensiviteten deira saman med synspunktet på kommunestruktur. Og fleire enn eg let seg provosere av forteljinga om at det kjem til å gå ad undas med landet vårt dersom vi framleis skal ha eit mangfald av kommunar.

I internasjonal samanheng er norske kommuner faktisk ganske store allereie. Med NHOs framlegg ville norske kommunar vera i Europa-toppen kva gjeld innbyggjartal per kommune, og i geografisk storleik absolutt i toppen.

Poenget er jo at det ikkje er kommunestrukturen i fylket og landet vårt som er dyr, men busetnadsmønsteret. Og det går an å snu på det, og heller sjå det som eit gode at vi har spreidd busetnad og at vi tek heile landet i bruk, i et land kor ressursane ikkje er samla rundt Oslo-gryta, men langs kysten og i innlandet over heile det langstrakte landet vårt.

Når eit intervjuobjekt bruker orda slik Ytreberg gjorde, er det svært sjeldan å høyre at journalistane stiller spørsmål ved ordbruken, sjølv om det ligg ein tydeleg politisk agenda bak. Dei kunne i oppfølgingsspørsmålet sagt: «Meiner du med dette å seie at dei ordførarane som ønskjer at kommunen deira skal halde fram som eigen kommune ikkje er opptekne av endring og utvikling?» Dei kunne også ha spurt om følgjene av kommunesamanslåing i dei delane av den nye kommunen som får størst avstand til kommunesenteret, kor mykje utvikling og positiv endring kan dei vente seg der?

Når media ukritisk bringer begrep vidare som det ligg ein tydeleg politisk agenda bak, kan dei bidra til å fremje denne politiske agendaen. Og når det som skal vere den nøytrale pressa også sjølve byrjar å bruke ord med ein politisk agenda bak, kan ein verkeleg seie at ord har blitt til makt og maktmisbruk.

“Language is the dress of thought”, eller “språket er tanken sitt antrekk» på norsk, er eit sitat av den kjende britiske forfattaren Samuel Johnson. Og han har heilt rett, for språket er avgjerande for korleis vi ynskjer å framstille tanken vår.

Det er vi som kler opp tankane våre med den språkbruken vi meiner passar best eller tener oss mest. Dette gjeld sjølvsagt for meg også, som stortingspolitikar som helst vil få det som eg vil i politikken.

Det er ikkje alltid like enkelt å koma på det i kvardagen, men derfor er det desto viktigare å kle av språkdrakta til personar med makt, om det så er folk i NHO, statsrådar eller stortingsrepresentantar – eller kjendisar med sterke meiningar. Det er ikkje alltid det vi finn under er like rett, fint og bra som det gir uttrykk for å vera.

Målet må vera debattar og meiningsytringar som er mest mogleg ærlege både i innhald og form.

Telefon til glede og uhygge

Sjølvsagt er det eit framsteg at vi har mobiltelefonen. Vi kan ringje etter hjelp viss vi under ein skogstur blir angripne av bjørn, eller viss vi vinterstid køyrer oss ut i grøfta på ein aude stad.

Men mobiltelefonen inneber jammen meg nokre tilbakesteg også. Eg skal utlevere meg sjølv og bruke min stressande kvardag som døme.

Akkurat då eg hadde skrive tittelen til denne teksten, tikka det inn ei tekstmelding, som eit talande samantreff. Klokka er halv åtte ein kvardagskveld, og det avsendaren avkrev svar på, er kva vi politikarar kan gjera med ei sak som eg veit at vi politikarar ikkje kan gjera noko som helst med.

Slike spørsmål er det mange av, og det er ein del av demokratiet vårt at vi politikarar må svara på slikt. Derfor skal eg svara høfleg på meldinga.

Eg er likevel ikkje fullt så sikker på om det er ein naturleg del av demokratiet at vi må svara på slikt klokka halv tolv ein laurdagskveld, klokka åtte ein søndagsmorgon, og heller ikkje på julekvelden, nyttårskvelden eller på ein langfredag. Men det er utruleg kor mange personar der ute som kjem på å ta kontakt på ukristelege tider på døgnet og på heilagdagar.

Og det er då mobiltelefonen går frå å vera framsteg til tilbakesteg. Det er jo ingen sperre på mobiltelefonane våre som sørgjer for at vi overheld normal folkeskikk.

Jau då, dette er eit ordentleg i-landsproblem, og det er kanskje feil å bruke spalteplass til å klage over dette problemet. Likevel, eg har ei historie som illustrerer at somme ikkje heilt evnar å forstå mottakaren sin situasjon i den iveren dei sjølv har for å få fram bodskapen sin.

Eg vekependlar mellom Surnadal og Oslo/Stortinget, og det tek ofte fem-seks timar kvar veg inkludert køyring, ferjer, fly, flytog og så vidare. Ein gong eg skulle heim frå Oslo og reiste om Værnes, var det ein kar som veldig intenst ville ha ein prat om noko han var oppteken av; vegstandard og trafikksikkerheit.

For at eg skulle rekkje flyet denne tidlege fredagskvelden, ba eg han ringje meg oppatt etter at flyet hadde landa. Han ringte med det same eg hadde starta bilen. I og med at eg hadde handsfree og godt over to timar att å køyre, passa det for så vidt greitt å ta samtalen då.

Dette var i januar. Det var nokre få plussgradar då eg køyrte frå flyplassen, men det oppstod eit problem nokre få mil seinare: nemleg underkjølt regn. Altså livsfarleg glatt utan at isen såg ut som is, og eg mista kontrollen på bilen i 90 km/timen på motorvegen.

Han karen hadde jabba i eitt sett sidan eg tok telefonen, men då bilen begynte å segle ned den lange bakken, måtte eg få han til å halde stilt slik at eg fekk konsentrere meg om å få bilen på rett kjøl igjen. Eg kunne ikkje sleppe rattet for å slå av telefonen, så eg sa: «Eg har mista kontrollen på bilen, du må vera stille no.»

Karen svarte: «Det er ikkje noko problem, eg kan tala likevel eg.» Så heldt han fram, og eg sa, lite diplomatisk: «Nei, hald kjeft, eg må få kontroll her.» Då heldt karen munn, og eg fekk manøvrert og etter kvart stoppa bilen utan at det vart ei skramme på han.

«Takk og pris, det gjekk bra», sa eg letta til meg sjølv, noko som førte til at karen, som enno var på tråden, sa: «Å ja, då kan eg fortsetje.» Så gjorde han nettopp det: han heldt fram, og han jabba og jabba, medan eg himla med augene og tenkte mitt og køyrte vidare mot heim og helg.

No på nyttårskvelden fekk eg telefon frå ein som ringte tre-fire gongar før han la att talemelding og i tillegg sendte tekstmelding. Temaet var politireforma. Dette er jo eit viktig tema, men på nyttårskvelden? Eg hadde denne gongen gjort noko så uhøyrt som å leggje att mobiltelefonen heime for så å dra på hytta, så eg fekk ikkje sett dei ivrige oppringingane før første nyttårsdag. Resultatet er ikkje at eg blir imponert over iveren, eg blir rett og slett litt stressa og sur av det.

Eg ser sonen min så sjeldan at eg kjenner eit visst behov for kontakt med han i ro og fred. Sjølv om vi som sit på tinget skal tene folket, er vi berre menneske vi også. Og eg trur ikkje landet vårt blir styrt noko betre dersom det berre blir rekruttert folk som meiner dei skal vera like disponible for veljarane på langfredag og nyttårskveld som for familien sin.

Det same gjeld for andre yrkesgrupper, dei fleste gjer nok ein best jobb om det er eit klårt og greitt skilje mellom kva som er arbeid og kva som er fritid.

Så ja, telefonen er både til nytte og uhygge. Han er eit nyttig arbeidsverktøy, og vi kan vera sosiale med han. Men det vi treng av fritid og privat hygge saman med dei som står oss nærast, kan vera vanskeleg å oppnå når den same telefonen er like aktiv på ørk og helg.

Kva er løysinga? Eg kan jo leggje frå meg telefonen for å sleppe å bli forstyrra. Men den same telefonen skal familie og vener også nå meg på, så då blir eg utilsikta utilgjengeleg for dei. Eg har tru på fornya folkeskikk og køyrereglar for telefonbruk. Viss fleire tenkjer over og endrar mobilbruken sin, blir problemet mindre – og framsteget med å ha mobiltelefon større.

(Dette innlegget er også publisert på Panorama, nettsida til Høgskulen i Molde, http://panorama.himolde.no/2016/01/08/telefon-til-glede-og-uhygge/)

Uhøfleg valkamp

Korleis skal ein unngå å vera uhøfleg i valkampen? Og korleis er eigentleg livet for nokon som driv valkamp?

Nyleg fekk stortingsrepresentant Trond Giske frå Ap overraskande kritikk frå rektor ved Molde vidaregåande skule, Oddgeir Overå. Rektoren meinte Giske verka uinteressert under eit besøk på skulen, fordi han fikla med mobiltelefonen i staden for å følgje med på presentasjonen hans.

Sidan har somme ergra seg over Giske, medan andre har ergra seg over Overå. Dei i sistnemnte kategori meiner det var unødvendig av rektoren å gå ut offentleg med slik kritikk.

Sjølv er eg ein av dei tidvis (eller heller ofte) forhatte politikarane som rek land og strand rundt for å besøke skular, sjukeheimar, gardsbruk og andre store og små bedrifter, lensmannskontor, brannstasjonar, fiskebåtar, vegprosjekt, fengsel, sjukehus og domstolar (puh!) med meir. Vi gjer dette heile året, men sjølvsagt aller mest under valkampane.

Min første valkamp var for seksten år sidan, og sidan har eg vore med i lokalvalkamp, fylkesvalkamp og stortingsvalkamp. Somme av oss som sit på Stortinget liker å drive valkamp, andre av oss hatar det. Felles for oss er at vi må gjera det uansett. Og felles for dei fleste av oss er at valkampen er inni hampen travel.

I tillegg til å reke rundt skal vi ta unna telefonar, meldingar og e-postar, vera aktive i sosiale media, følgje med i tradisjonelle media og aller helst koma med geniale medieutspel undervegs. Det er møte med lokallag eller paneldebattar etter at besøksopplegga på dagtid er slutt, og mange av oss har mange kilometer å leggje attom oss på veg mellom kvar stoppestad.

Ferjetider må sjekkast, overnatting må vi hugse å bestille, og pinadø må vi ikkje ha mat innimellom også.

Berre dette siste kan by på store nok problem, for det er ikkje alltid lagt opp til at det skal vera tid til å eta. Og når dagens program endeleg er over, kan det hende ein skal køyre i tre timar til før ein når fram til hotellet, og ein innser at restauranten der vil vera stengt før ein kjem fram. Då blir det å eta pølse og brød på ferja, viss ein reiser med ei ferje som har open kiosk og viss ein tåler brød (det gjer ikkje eg).

Det eg i staden kan gjera på ferja, er å trimme litt. Eg håpar kvar gong at det ikkje skal vera eit skjult kamera på toalettet, for det er dit eg fer for å få litt etterlengta trim. Knebøy og andre øvingar på ferjetoalettet er undervurdert som fysisk fostring for travle menneske, men ein må innimellom sjølvsagt sjekke om det er kø utanfor.

Løysinga mi på matproblemet er å ta med seg kokte egg på tur, gjerne termos med varmt vatn og Real Turmat-pakkar. Gullbrød og mørk sjokolade er eit must.

Eit av dei mest komiske minna eg har frå valkamp, er då eg for to år sidan hadde stoppa i ein vegkant og stod og kakka skalet på eit kokt egg mot autovernet for å få stappa i meg eit egg før neste post på programmet. Eg kunne ikkje like godt gjera dette medan eg køyrte. Med det same kom ein bil køyrande, og det forundra uttrykket i ansiktet på karen bak rattet gløymer eg aldri. Eg innsåg at eg måtta ha framstått som eit menneske som verkeleg trong hjelp. Og det trong eg også – eg trong hjelp til å få dekt grunnleggjande behov som mat, og også til å få dagane til å gå i hop.
Men mange av oss reiser aleine på desse ferdene.

I historia om Trond Giske som sat og fikla med mobiltelefonen, vart det forklårt med at han ikkje hadde rådgjevaren sin med på reisa (han er nok ein av dei privilegerte som vanlegvis har med seg nokon på tur). Eg veit nøyaktig kor stressande det kan vera å vita at ein skulle ha gjeve beskjed om noko – eller at ein skulle ha fulgt med på telefonen fordi det kan koma ein viktig beskjed som ein må svara på raskt – samstundes som ein sit i eit møte der ein sjølv er hovudgjesten.

Eg bestemte meg tidleg i livet mitt som folkevalt for at telefonen min ikkje skulle vera synleg når eg var på slike besøk. Viss eg absolutt må fikle med denne telefonen, seier eg frå på førehand om kvifor, og avgrensar bruken til eit minimum.

Med dette kritiserer eg ikkje Giske-hendinga. For alt eg veit kan han ha hatt ein alvorleg sjuk slektning å oppdatere seg om. Eg kritiserer ikkje Overå for å ha reagert med kritikk heller, for eg kan forstå frustrasjonen viss hovudgjesten framstår som uinteressert. Eg veit berre at slike situasjonar best kan bli unngått dersom vi som kjem på besøk tydeleg forklårer det viss mobilen må vera framme, og dersom vi i dei fleste tilfella let mobilen få ein pause frå oss og vi frå han.

Vi får heller gå glipp av informasjon der og då eller gå glipp av ein henvendelse frå ein journalist. Verda står til påske likevel.

Tilbake til dei praktiske sidene ved det å drive valkamp: Har vi familie og ungar, må desse heller ikkje gløyme at vi eksisterer. Den mest hektiske valkampen eg har hatt, var den gongen eg overnatta heime berre to gongar på fem og ei halv veke. Slikt skal ikkje gjenta seg, det har eg lovt meg sjølv. Eg kunne gå meg på hotellveggar då eg var oppe på do nattestid, fordi eg gjekk i surr om korleis hotellromma såg ut, og trudde veggen var på andre sida av senga.

I skrivande stund sit eg på nok eit hotellrom under nok ein valkamp, og er lukkeleg fordi eg tidlegare i kveld fekk lurt inn tid til å sjå sonen min og fotballaget hans spela kamp. Mobiltelefonen låg i lomma, på lydlaus. Eg stønna då eg såg på mobilen etter kampen, fordi eg såg det var mange som ville ha tak i meg.

Eg fekk heldigvis gjeve svar til alle på ferja over fjorden. Knebøy får vente til morgondagens ferjeturar. For å unngå å vera uhøfleg politikar på valkampturné då, skal eg passe på at ingen blir ståande i dokø på grunn av meg.

(Denne artikkelen har vore publisert på nettavisa Panorama, som høyrer til Høgskulen i Molde, tidlegare i valkampen.)

Når nært blir fjernt i politiet

Då regjeringa presenterte politireforma si som «nærpolitireformen», skal eg glatt innrømme at eg rista på hovudet og tenkte «hor med ord».

For reforma, som vart vedteken i Stortinget 10. juni i år, legg opp til større avstandar og dermed eit mindre nært politi. Ikkje berre blir talet på politidistrikt redusert frå 27 til 12, mange lensmannskontor skal også bort. Det er berre uvisst kor mange.

I reforma manglar det rett og slett klåre kriteria for kor det skal vera lensmannskontor i framtida. Det er ein slags lovnad om at 90 % av innbyggjarane skal ha maksimalt 45 minutts køyretid til næraste tenestestad.

Dette høyrest jo fint ut, men det inneber at 500 000 innbyggjarar kan få langt større avstand til politistasjonen eller lensmannskontoret. Eg har spurt justisminister Anundsen om Justisdepartementet har rekna på kva dette vil kunne bety i praksis, altså kor mange lensmannskontor ein kan leggje ned og likevel oppfylle dette kravet.

Svaret er enkelt og nedslåande: dei har ikkje rekna på det. Justisministeren tykkjer tydelegvis dette ikkje var relevant for politireforma.

Senterpartiet har også arbeidd for ei politireform og gått inn for endringar i etaten. I staden for massive strukturendringar som gjerne er ein fin måte for regjeringar å vise handlekraft på, har vi vore meir opptatt av at politiet skal ha handlekraft i staden.

Derfor har vi gått inn for ein fylkesmodell, det vil seie å redusere talet på politidistrikt frå 27 slik det er i dag, til om lag 18 politidistrikt (Agder-fylka er allereie eit felles politidistrikt). Denne modellen ivaretek målet om høveleg avstand mellom nivåa i politiet. Fylkesmennene, som har beredskapsansvar på vegne av regjeringa, har også same struktur. Fylkesmodellen ville vidare ha gjeve god samhandling på tvers av naudetatane.

Meir politi på hjul skal vera ein av konsekvensane av den såkalla nærpolitireforma. Politi på hjul er også viktig, men noko av styrken ved å ha mange lensmannskontor er nettopp at politiet kjenner folk og at folk kjenner politiet.

Rullande patruljar med mørke bilruter legg ikkje til rette for nærheit. Det er snakk om å ha eit ansikt på politiet. Dette er viktig for korleis politiet kan arbeide førebyggjande, og korleis dei handterer ulike situasjonar.

Det handlar ikkje berre om å rykke ut når det har skjedd kriminelle handlingar, men om å ta vare på folk som har opplevd kriser, gje råd og bistand til barn og unge, eller vera tryggheit når det skjer noko både på godt og vondt i nærmiljøet.

I politietaten har statistikkar og måleparameter vorte stadig meir brukt dei siste åra. Det er viktig for å følgje med på resultat. Noko som er vanskeleg, om ikkje umogleg, å måle, er resultatet av å arbeide med førebygging. Og verdien av eit nært politi – korleis kjem verdien av eit lokalt lensmannskontor fram i statistikkane?

Ofte tenkjer vi på førebygging som at vi sjølv skal unngå å bli utsette for kriminelle handlingar. Men førebygging handlar også om at unge som veks opp skal unngå å bli kriminelle, og at dei i staden for å hamne bak lås og slå kan få eit godt liv. Når eg talar med politifolk som fortel om korleis dei arbeider med ungdom og om suksesshistorier, slår det meg ofte at dette handlar om å sjå enkeltmenneske der dei er.

Det har i fleire år vore tverrpolitisk semje om å auke talet på polititenestemenn til to per 1000 innan 2020. Dessverre er det ikkje tverrpolitisk semje om kor desse stillingane skal koma. Vi i Senterpartiet er heilt klåre på at auken må koma heile landet til gode. Dette vil kunne bety mykje for mange små og mellomstore lensmannskontor, og gjera det mogleg for politiet å ha handlekraft i praksis.

Vi vil altså bruke denne auken målretta til å styrke eit reelt nærpoliti. Eit nærpoliti som kan sjå endå fleire enkeltmenneske der dei er.

Eit teikn på at regjeringa faktisk har forstått at den såkalla nærpolitireforma vil gje eit fjernare politi, er at reforma inneheld «bulystmidlar». Dette dreier seg om tiltak for at politifolk framleis skal bu i område der lensmannskontora forsvinn. Dei kan tilbys kompensasjon for lang reiseveg til jobb, og i tillegg kan lensmannskontoret prioritere søkjarar som skal bu langt unna kontoret.

Regjeringa viser med dette at også dei meiner det er viktig med politifolk i heile landet, men medan dei vil sikre busetnad, vil vi sikre at politifolk også skal jobbe og vera til stades i lokalsamfunna der dei bur.

Sjølv om politireforma er vedteken i Stortinget mot Senterpartiet sine stemmer, vil vi arbeide målretta for å sikre eit godt og nært politi i Noreg for framtida. Med vår modell kunne vi ha sikra eit nærpoliti i ordets rette forstand.

Framover må vi jobbe for unngå at sentraliseringa går for langt, og for å gi politiet handlekraft i heile landet. Veljarane kan vise kva slags utvikling dei vil ha framover med korleis dei bruker stemmeseddelen sin i årets kommune- og fylkestingsval.

Engel på to hjul

Aiai, det er vanskeleg å vera meg også når det er Norway Cup, men det finst englar til og med på to hjul. For ein sjeldan gongs skuld skulle eg få sjå sonen spela fotballkamp i dag, og kom over ein time for tidleg til Abildsø-feltet for ikkje å gå glipp av dette.

For det første: Eg hadde feilberekna temperaturen, og var for lettkledd. Etter mange veker med dårleg vêr på Nordmøre, gjekk eg ut frå at sol på Austlandet automatisk betyr varme. Eg fraus så gale i vinden der oppe at eg spurte cup-sekretariatet om det gjekk an å få kjøpe ein genser eller eventuelt ein termokjeledress. Dei forbarma seg over meg ved å gje meg det einaste plagget dei fann i boda: ei T-skjorte med Aalesunds-farger. (Det er ikkje akkurat dette eg syt over altså).

For det andre: Då det var ti minutt att til kampen skulle starte, og eg endå ikkje hadde sett eit kjent fjes, begynte eg verkeleg å ane uråd. Ein telefon bekrefta mistanken min: eg hadde rota meg til feil stad på grunn av endringar i kampoppsettet som eg ikkje hadde fått med meg.

Då gjekk eg noko stressa tilbake til sekretariatet og uttrykte med ekte og nesten tårevåt sjølvmedlidenheit at eg kom til å gå glipp av kampen, og at sonen min kom til å gi meg opp viss eg aldri klarte å dukke opp på noko.

Det endte med at eg fekk tilbod om skyss frå to karar i sekretariatet, medan han tredje kommenterte at eg nok ikkje hadde hatt like mykje hell viss eg var ein kar. (Det er såpass mange ulemper med å vera kvinnfolk at eg tykkjer dette bør vera eit heilt akseptabelt gode.)

Han som hadde motorsykkel insisterte på at han kom til å klare det raskare enn han med bilen i all trafikken som var, og eg fekk ein hjelm på hovudet og det bar laus.

Snirklete køyring i mykje trafikk og ein u-sving for å finne ei betre rute undervegs, men eg kom løpande til den rette banen på Ekebergsletta ikkje så veldig langt ut i omgangen.

Det er vanskeleg å gi ein kar med hjelm ein klem, men han fekk ein skikkeleg klem likevel. Det er inga større sak å vera ein rotekopp når det finst så snille folk!

Betre med våpen for hand?

Norsk politi er ikkje væpna til dagleg, til liks med politiet i nokre få andre land som New Zealand, Irland og Storbritannia. I Sverige, der politiet er væpna, blir det skote ti gongar meir enn hos oss, og talet på skadde og drepne er såleis også høgare.

Erfaringane viser klårt at eit politikorps som ber våpen til dagleg fører til at både politiet og dei kriminelle bruker våpen oftare.

Diskusjonen om generell væpning av norsk politi er oppe frå tid til anna, men akkurat no er debatten ekstra sterk. Årsaka til at temaet er så aktuelt, er at 5800 politifolk over heile landet går med våpen på seg no i førjulstida. Ordren om å bera våpen, førebels gitt for fire veker, er ein reaksjon på trusselvurderinga frå PST der nettopp politifolk vart peikt på som ei mogleg målgruppe for terroristar.

Gitt denne situasjonen, med ei open trusselvurdering der ein ser for seg at enkeltterroristar kan angripe enkelttenestemenn, er det forståeleg at politidirektøren og justisministeren konkluderer med at dei må gje politifolka våre våpen å forsvare seg med.

Det er imidlertid ei side ved saka som gjer det heile vanskelegare: Trusselvurderinga avgrensar ikkje situasjonen til nokre veker eller månader, men til eit heilt år. Tolv månader altså. Og når desse 365 dagane er gått, kva då? Er risikoen plutseleg så mykje mindre? Sjølvsagt ikkje.

Kva skal justisministeren gjera om han får gjentekne søknader frå politidirektøren om våpen i fire nye veker framover? Viss vi ser på væpninga av politiet no som avgjerande for at dei skal vera trygge, kan vi like gjerne gi blankofullmakt til politidirektøren på generell væpning av politiet til evig tid.

Dette var eg også innom i spørjetimen på Stortinget onsdag 26. november, då Bård Vegar Solhjell frå SV spurte justisministeren om han kunne garantere at dette ikkje er ei varig innføring av væpna politi, men at det vil opphøyre straks det er trygt. Poenget mitt er at vi aldri kan vita om det er trygt. I spørsmålet om våpen til alle politifolk, blir det viktig at vi held fast på årsaka til at vi ikkje har generelt væpna politi frå før.

Vi må klare å tenkje både praktisk og prinsipielt i vanskelege situasjonar. Og vi må gjennomføre balanserte tiltak for å tilpasse oss utryggheita som er knytt til terrorfare.

Som professor ved Politihøgskulen, Johannes Knutsson, har skrive i ein kronikk på NRK Ytring 9/11 2012: “Et vanlig argument for bevæpning er at det beskytter politiet. Her savner vi dessverre gode data. Men ved de mest tragiske hendelsene i Norge de siste årene, der tre politifolk har blitt drept i tjeneste, var politiet bevæpnet. Den verste saken i Sverige var en hendelse der to politifolk ble henrettet med sine egne skytevåpen – altså ikke noe som gir styrke til argumentet om generell bevæpning.”

Det er dessutan interessant å sjå på prosessen kring avgjerda om væpning. Politimeistrane vart visst ikkje spurte på førehand om dei var einige i at politidirektøren skulle søkje Justisdepartementet om å få væpne alle politifolk. Dei burde strengt tatt vera meiningsberettiga.

Politimeister Arne Hammersmark har uttalt til TV2 om den midlertidige væpninga at: «Den kommer på bakgrunn av en svært ullen og ikke særlig presis og god trusselvurdering fra PST. Jeg kan ikke se at det er noe vi skal bevæpne oss på grunn av.»

Det er viktig å understreke at norsk politi sjølvsagt også til vanleg har tilgang på våpen ved behov, ved såkalt “framskoten lagring” i bil, der ein etter å ha fått lov frå politimeisteren (eller ein representant for han) kan bruke våpenet. Forskjellen desse fire vekene vi er inne i no, er at politiet går med våpna på seg.

Seinast då eg kom med fly frå Oslo til Molde på veg heim sist, stod det ein blid politimann inne i terminalen med eit våpen hengjande på høgre hofte. Sjølv om han var blid, tykte eg ikkje det var noko kjekt med det våpenet. Eg vil ikkje at verken han eller vi andre skal bli vant til at han går med det.

(Dette er ein noko endra versjon av ein artikkel som har vore publisert på nettavisa til Høgskolen i Molde, Panorama.)

Vi stemmer mot omskjering

Temaet omskjering av små gutar har engasjert meg lenge, og eg har delteke i utalige debattar om dette. Mange av dei med Bent Høie, no som helseminister og tidlegare som leiar av Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Noko av det som plagar meg, er uviljen både frå helseministeren og mange andre til å diskutere om det er prinsipielt rett at småungar skal bli utsette for ein operasjon som går ut på å fjerne ein funksjonell og beskyttande del av eit friskt kjønnsorgan utan at ungen har høve til verken å samtykke eller nekte.

Små ungar kan ikkje beskytte seg sjølv mot fysiske overgrep, og nettopp derfor er det så viktig at vi som vaksne og som samfunn vernar dei mot truslar. Eg meiner klårt at det å bli utsett for omskjering er ein type overgrep, sjølv om eg ikkje trur at årsaka til at det blir utført er å gjera skade.

Når folk trur på ein religion og påbod om det eine og det andre, følgjer dei vel desse religiøse boda for å oppfylle viljen til ei høgare makt. Det er vel og bra så lenge som det ikkje går utover nokon, så lenge som ikkje andre må li som følgje av religiøse handlingar og ritual.

Når det gjeld omskjering, har grensa vorte passert for kva som er greitt av konsekvensar for andre menneske av religiøse handlingar. I fleire andre land er det heldigvis mange som meiner det same, og det er stadig fleire som argumenterer og arbeider for å få sett ei nedre aldersgrense for ikkje medisinsk begrunna omskjering av gutar.

Eg meiner denne aldersgrensa må vera 18 år, same aldersgrensa som det er for å køyre bil, drikke alkohol, og ta brystforstørrande operasjonar for den del. Dette er eit val som vil ha store konsekvensar for den enkelte, derfor fortener gutane å få velje sjølv når dei er myndige.

Eit merkverdig argument mot ei aldersgrense for dette inngrepet er at ikkje noko anna land har innført det før. Eit kvart framskritt har skjedd fordi nokon har gjort noko som ingen andre har gjort før. Det ligg i ordet. Ein tek eit skritt framover, og nokon må begynne.

Noreg er eit føregangsland kva gjeld å setje rettigheitene til ungar først, og det kan vi vera i denne saka også. Då må vi ikkje legitimere inngrepet omskjering av småungar ved å gjera det til eit offentleg tilbod.

Også i dei andre landa der temaet omskjering av gutar blir diskutert, blir det brukt som argument mot ei aldersgrense at noko slikt ikkje finst i andre land. Det at Noreg går framom, vil såleis kunne føre til at andre land raskt kjem etter. Dette er eg for min eigen del ikkje i tvil om.

Saman med Heidi Greni og Anne Tingelstad Wøien har eg fremja eit framlegg om å innføre ei nedre aldersgrense for ikkje medisinsk begrunna omskjering av gutar. Heldigvis er det fleire i Senterpartiet som meiner det same og som står for det. Også nokre få i andre parti tør å stå for dette standpunktet offentleg.

I kveld stemmer vi i alle fall mot omskjering. Sjølv om eg veit at vi er langt unna å få fleirtal, er eg er spent på kor mange det blir.

(Dette er ein lett redigert versjon av innlegget som eg heldt i debatten i Stortinget i dag om omskjering av gutar: innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om lov om rituell omskjering av gutar, Innst. 290L (2013-2014), jf Prop. 86L.)

Luktesans og prøvekaninar

Eg fann ein pølsepakke med “siste forbruksdato 13. mai” i kjøleskåpet tidlegare i kveld. I og med at eg meiner luktesansen er viktigare enn å kunne å lesa når det gjeld å vurdere om mat er etande, vart kveldsmaten steikt pølse og egg.

Eg lever i beste velgåande endå. Som då eg åt yoghurt med utløpsdato 8 månader tidlegare, det gjekk godt det også. Einaste gongen eg har angra, var då eg åt surkål som var utgått på dato fire år tidlegare. Det førte nok til luktplager for folk rundt meg i eit område på nokre kvadratkilometers radius.

Sjølv om akkurat den surkålen burde gått i søpla, blir altfor mykje mat kasta. Det er rekna på dette, og visstnok kastar kvar nordmann over 10 kg brød og 12 kg frukt og grønsaker kvart år. Tilsaman hivar vi 255.000 tonn mat årleg.

Dette er jo ein skam i ei verd der mange svelt, og der sytete nordmenn meiner dei må over grensa til Sverige for å få kjøpt mat dei har råd til.

I tillegg til dei tala eg presenterte ovanfor, blir det kasta mat i landbruket, industrien, butikkane og i storhusholdningane. Vi bør vel begynne å bruke hovudet og nasen oftare, så blir det mindre matsøppel.

Til det med over åtte månaders gamal yoghurt: Slike eksperiment gjer eg sjølvsagt ikkje overfor gjestar. Det er berre den næraste familien som eventuelt heilt uvitande får vera prøvekaninar på om luktesansen min er god nok.

Ingen av dei har vorte matforgifta endå. (Bank i bordet).

Klinge på tinget

Følges av 51 medlemmer.

Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Det finst mykje sunt bondevett rundt om i heile landet, derfor er det viktig at all makta ikkje er samla i hovudstaden. Eit godt samspel mellom by og land er vesentleg for landet vårt. Senterpartiet arbeider for betre vegar og kollektivtransport, lokal velferd og betre vilkår for næringslivet. Mer om sonen

Origo Klinge på tinget er en sone på Origo. Les mer
Annonse