Viser arkivet for stikkord vrakpant

Vrake - og velge miljøbil

I ei tid der framtida for miljøet vårt er eit viktig diskusjonsemne, blir vegbygging uglesett av ein del. For oss i Senterpartiet er det viktig å få fram at det ikkje er vegane som forureinar, men bilane – all den tid dei går på fossilt drivstoff og er såkalla bensinslukarar. Vi lanserer derfor ein høg vrakpant på opptil 40 000 kroner ved innbyte til miljøbilar.

USA har hatt suksess med ei tilsvarande ordning, der omlag 800 000 bilar har vorte byta ut med miljøvenlege bilar. Nøkkelen ligg i at det ikkje er nok å vrake ein gammal bil, men at den bilen ein kjøper i staden må spara miljøet. Per i dag står transportsektoren for om lag 25% av klimagassutsleppa.

Bilbransjen slit naturleg nok i ei tid med økonomisk usikkerheit. Men bilsalet bør ikkje oppatt igjen for ein kvar pris. Etter mi meining er det ei god løysing for denne bransjen om dei får selt fleire bilar som bidreg til at transportsektoren blir langt meir berekraftig, som el-bilar og plugg-inn-hybridar.

Vrakpanten kan vera viktig for å få i gang ei utskifting av bilparken. Aukar ein denne til minst 15 000 for å vrake ein bil uavhengig av om ein kjøper ein annan bil eller kva slags bil ein kjøper, får ein byta ut mange av dei mest forureinande bilane med mindre forureinande bilar. Dersom ein i tillegg innfører ei ordning der ein får opptil dobbelt 40 000 kroner dersom ein byter til ein miljøbil, vil dette bidra til ein betydeleg betre og meir miljøvenleg bilpark.

I tillegg til eit slikt grep, må det sjølvsagt gjerast andre tiltak for å få fleire til å velje miljøbilar. Plugg-inn-hybridane kan ladast i garasjen heime, men for å gjera det aktuelt å bruke dei, bør ein vera trygg på at det går an å lade batteriet også når ein er heimefrå. Derfor har Senterpartiet i regjering bidrege til at det blir bygd ut ladestasjonar over heile landet. Forutan ein høgare vrakpant og fleire ladestasjonar må avgiftssystemet brukast aktivt for å fremje kjøp og bruk av miljøvenlege bilar.

Uansett om bilparken blir meir miljøvenleg, må vi halde fram med å redusere bilbruken særleg i byområde og tettbygde strøk ved å byggje ut kollektivtransporten og planleggje arealbruken betre. Men i store delar av landet er det ikkje mogleg å klare seg utan bilen. Derfor er det rett å satse på ein meir miljøvenleg bilpark. Ein høg vrakpant i tråd med framlegget til Senterpartiet kan vera ein viktig del av løysinga.