Viser arkivet for stikkord vekt

Feit, mobba og fortvilt

Eg klarte ikkje å halde tårene tilbake då eg nyleg såg klippet frå konkurransen “Britain`s got talent”, der Jonathan Antoine på 17 år syng så vakkert at alle reiser seg og klappar. Rett før såg mange i salen skeptiske og hånlege ut, for guten som stod på scena og skulle syngje er sterkt overvektig.

Jonathan fortalte at sjølvtilliten hans har vore dårleg i mange år på grunn av vekta, og han var tydeleg sjenert. Guten verka varmhjarta, triveleg – og han har eit songtalent som overgår dei fleste.

Har det verkeleg vore så vanskeleg å sjå personlegheita og talentet hans – og det eigenverdet alle har attom utsjånaden, at han måtte opp på ei scene og få ståande applaus før han fekk respekt? Og kva er det som får folk til å mobbe andre for alt frå vekt og utsjånad til bustadsadresse?

Sjølv har eg opplevd seks år som mobbeoffer på barneskulen, der “feit” var eitt av fleire skjellsord som vart spytta ut då eg gjekk forbi. Sjølv om eg ønskjer å framstå som sterk, har dette gjort meg svakare enn eg hadde behøvd å vera. Til og med i dag, 25 år etter, kan eg tidvis bli kvalm av å sjå meg sjølv i speilet. Men mest kvalm blir eg av dei som mobbar andre.

Når ungar mobbar, er det ikkje alltid lett å oppdage for vaksne, det forstår eg. Men ungane rundt får med seg mykje. Desse må lære at det å fortelje vaksne om at nokon blir mobba, ikkje er å sladre, men å ta ansvar som medmenneske. Og dei vaksne må ta på alvor det dei blir fortalt.

Det var veninna til Jonathan, Charlotte, som overtalte han til å bli med og syngje duett saman med ho på “Britain`s got talent”. Ho fortalte at ho ikkje klarer å høyre nokon seie noko stygt til venen utan at ho seier frå.

Då dommar Simon Cowell sa at han trudde Charlotte kunne halde Jonathan tilbake seinare i konkurransen fordi ho ikkje syng like godt som han, responderte han med at dei kom dit som ein duo, og at dei skal vera det vidare også. Endå meir jubel i salen.

Takksemd og lojalitet gror av medmenneskelegheit og ekte venskap. Kva som gror av mobbing, veit vi mykje om. Dårleg sjølvtillit, psykiske problem og smertelidelsar, i verste fall også sjølvmord.

Vi alle bør hugse at for kvar gong vi seier godord til andre menneske, kan vi bidra til å byggje opp noko i dei som andre har prøvd å bryte ned. Etterverknadene etter mobbinga kjem alltid til å vera ei bør Jonathan må dra med seg, men den overveldande gode responsen han fekk på synginga si veg heldigvis opp for noko.

Vekt og mobbing av kjente personar

For blodtrykket sin del prøver eg å ikkje la meg provosere for ofte. Dette er ikkje enkelt, for alt frå valdtektsbølgjer til omskjæring av ungar gjer meg sint. No er det noko heilt anna som provoserer meg: alt snakket om vekta og utsjånaden til høgreleiar Erna Solberg.

Vi talar ofte om at vi må bekjempe mobbing i skulen og på nett. Å bekjempe medias mobbing av vaksne menneske på grunn av korleis dei ser ut, er sjeldan eit tema.

Eg veit ikkje om Solberg reagerer på dette sjølv, men eg tillet meg å reagere på hennar vegne. Eg tykkjer det er pinleg at journalistar bruker spalteplass på å kommente opp og i mente når dei meiner vekta har endra seg eller kvar gong klesstilen og hårsveisen er ny.

No vil eg få sagt at eg tykkjer Erna Solberg er ei flott dame. Skulle alle vore 175 cm høge og 60 kilo, hadde det vorte inni hampen einsformig.

Dessutan trur eg langt dei fleste gir blankt f i kor tunge toppolitikarar er eller om dei kjøper kleda sine på Hennes & Mauritz eller Steen & Strøm. Såleis meiner eg media undervurderer lesarane sine dersom dei trur det er lurt å skrive om utsjånaden til Erna for å selje meir.

Men media bidreg også til å gjera arbeidet mot mobbing generelt vanskelegare. Dersom vaksne seier til ungane sine at dei ikkje skal kommentere vekta til medelevar og det same dag er oppslag i riksmedia om vekta til kjente personar, blir bodskapen vanskeleg å skjønne for ungane.

Det gjorde godt å få ut denne frustrasjonen. For å seie det slik: eg kjenner meg fleire kilo lettare…