Viser arkivet for stikkord varulv

Varulv? Nei då!

Eg innrømmer det glatt: Eg er eit kronisk B-menneske, og eignar meg ikkje til å ha ein ordinær 8-16-jobb.

Når augene til hederlege A-menneske tek til å gå i kryss og tvers, vaknar eg til liv. Heldigvis ikkje berre når det er fullmåne, så ver trygg: eg skiftar ikkje ham og blir til ein varulv.

Overtrua på at mennesker kan skapast om til varulvar, samt til andre dyr, blir kalt lykantropi. Trua på at B-menneske kan skapast om til A-menneske, kan også like gjerne kallast overtru.

Eg vart letta ein gong eg fann ein snutt i ei avis med overskrifta “B-menneske er ikkje late”.

Endeleg kunne eg slå i bordet til alle som ymtar frampå om at morgonstund har gull i munn og at effektivitet er knytt til evnen til å “stå tidleg opp om morran”, som vår alles kjære Lundteigen gjerne seier.

Sjølv seier eg heller at morgonstund har dårleg ande, og at kveldsstunda og timane rundt midnatt er kraftig undervurderte.

Så no har eg trent, klunka på pianoet og lese på justisbudsjettet. Og eg har fundert på om vi B-menneske skulle rotte oss saman for å gjera dette samfunnet meir B-menneskevenleg.

I altfor mange år har A-menneska fått bestemme arbeidstida for oss alle og definert kva som er normalt.

Kanskje eg har ei god valkampsak til neste stortingsval? Varulvar er sjølvsagt også velkomne til å stemme.