Viser arkivet for stikkord valresultat

Valresultatet sett frå Praha

Etter fem veker med intens valkamp, etter å ha overnatta på ulike hotell mesta kvar natt, etter utalige paneldebattar, bedriftsbesøk og stands, har eg bevilga meg sjølv og familien ein ferietur til Praha.

No hadde eg eigentleg tenkt å la denne pc-en av respekt for familien kvile mest mogleg under ferieturen, men det er sjølvsagt mykje som bør gjerast i samband med stortingsarbeidet og dei nye regjeringsforhandlingane. Då er det om å gjera å sende dei to andre på byen ein tur og få oppgåvene unna raskast mogleg.

Då eg først hadde gått inn på nettet, tenkte eg berre at eg skulle sjekke medieoppslaga dei siste dagane. Då oppdaga eg mykje rart av kommentarar i avisene. Men det eg kanskje stussar mest over, er fråveret av kommentarar om at Senterpartiet gjorde eit såpass godt val som vi faktisk gjorde.

Regjeringsslitasje er det noko som heiter. Det at den raud-grøne regjeringa får halde fram som fleirtalsregjering, var absolutt ikkje gitt på førehand. Og når Ap gjekk så mykje fram som dei gjorde, var det heller ikkje gitt at Sp skulle halde stand. Det er det største partiet som lettast får gevinsten i ein konstellasjon.

Dersom observasjonen min er rett, at det er forhaldsvis lite merksemd rundt Sp etter valet, kva kan årsakene vera? Det er sjølvsagt meir morosamt å feire sigerherrar og å hengje ut taparar – det kan vera ei årsak.

Eg blir likevel litt stuss når eg les i regionavisa på Nordmøre at eg som nyvalt stortingsrepresentant for Sp i Møre og Romsdal blir rekna for å ha vorte svikta av mine eigne i Surnadal når framgangen for Sp “berre” var på 7,4 pst og resultatet vårt vart på 27,8 pst.

Møre og Romsdal er eitt av fire fylke der Sp gjekk fram ved dette stortingsvalet. Eg har ikkje tenkt å ta æra for dette, for det er mange som har jobba hardt og godt for framgangen. Men når eg som førstekandidat har valt å jobbe minst 70-80 timar i veka for at resultatet skulle bli best mogleg, og at eg har villa og måtta vera tilstades i heile fylket (ergo lite på Indre Nordmøre), tykkjer eg ikkje valresultatet i Surnadal var så aller verst.

Senterpartiet har eit lite valkampbudsjett. Vi har ingen rike onklar verken blant private aktørar eller organisasjonar som drysser millionar over oss. Vi kan såleis ikkje smøre ansikta til førstekandidatane våre stort utover mange stader, men vi arbeider hardt og prøvar å bruke ressursane våre best mogleg.

Likevel er vi prisgitt media. Det visest ikkje godt nok kor hardt vi arbeider eller kva slags resultat vi oppnår politisk og i val dersom media vel å framstille det som om vi anten ikkje eksisterer eller at vi mislukkast når vi faktisk lukkast.

Håpet mitt – og trua mi – er at folk flest ser kva vi i Senterpartiet har betydd og betyr for utviklinga av landet vårt. Når eg saman med familien ruslar rundt i slottsområdet i Praha om ein par timars tid, skal eg la antydninga til irritasjon over det eg har skrive om her bli att i bloggen.

For når eg kjem tilbake frå ferie, skal eg som ein del av den nye stortingsgruppa til Sp gyve laus på nye oppgåver. Då treng eg å vera opplagt, ikkje irritert.