Viser arkivet for stikkord valkamp

Uhøfleg valkamp

Korleis skal ein unngå å vera uhøfleg i valkampen? Og korleis er eigentleg livet for nokon som driv valkamp?

Nyleg fekk stortingsrepresentant Trond Giske frå Ap overraskande kritikk frå rektor ved Molde vidaregåande skule, Oddgeir Overå. Rektoren meinte Giske verka uinteressert under eit besøk på skulen, fordi han fikla med mobiltelefonen i staden for å følgje med på presentasjonen hans.

Sidan har somme ergra seg over Giske, medan andre har ergra seg over Overå. Dei i sistnemnte kategori meiner det var unødvendig av rektoren å gå ut offentleg med slik kritikk.

Sjølv er eg ein av dei tidvis (eller heller ofte) forhatte politikarane som rek land og strand rundt for å besøke skular, sjukeheimar, gardsbruk og andre store og små bedrifter, lensmannskontor, brannstasjonar, fiskebåtar, vegprosjekt, fengsel, sjukehus og domstolar (puh!) med meir. Vi gjer dette heile året, men sjølvsagt aller mest under valkampane.

Min første valkamp var for seksten år sidan, og sidan har eg vore med i lokalvalkamp, fylkesvalkamp og stortingsvalkamp. Somme av oss som sit på Stortinget liker å drive valkamp, andre av oss hatar det. Felles for oss er at vi må gjera det uansett. Og felles for dei fleste av oss er at valkampen er inni hampen travel.

I tillegg til å reke rundt skal vi ta unna telefonar, meldingar og e-postar, vera aktive i sosiale media, følgje med i tradisjonelle media og aller helst koma med geniale medieutspel undervegs. Det er møte med lokallag eller paneldebattar etter at besøksopplegga på dagtid er slutt, og mange av oss har mange kilometer å leggje attom oss på veg mellom kvar stoppestad.

Ferjetider må sjekkast, overnatting må vi hugse å bestille, og pinadø må vi ikkje ha mat innimellom også.

Berre dette siste kan by på store nok problem, for det er ikkje alltid lagt opp til at det skal vera tid til å eta. Og når dagens program endeleg er over, kan det hende ein skal køyre i tre timar til før ein når fram til hotellet, og ein innser at restauranten der vil vera stengt før ein kjem fram. Då blir det å eta pølse og brød på ferja, viss ein reiser med ei ferje som har open kiosk og viss ein tåler brød (det gjer ikkje eg).

Det eg i staden kan gjera på ferja, er å trimme litt. Eg håpar kvar gong at det ikkje skal vera eit skjult kamera på toalettet, for det er dit eg fer for å få litt etterlengta trim. Knebøy og andre øvingar på ferjetoalettet er undervurdert som fysisk fostring for travle menneske, men ein må innimellom sjølvsagt sjekke om det er kø utanfor.

Løysinga mi på matproblemet er å ta med seg kokte egg på tur, gjerne termos med varmt vatn og Real Turmat-pakkar. Gullbrød og mørk sjokolade er eit must.

Eit av dei mest komiske minna eg har frå valkamp, er då eg for to år sidan hadde stoppa i ein vegkant og stod og kakka skalet på eit kokt egg mot autovernet for å få stappa i meg eit egg før neste post på programmet. Eg kunne ikkje like godt gjera dette medan eg køyrte. Med det same kom ein bil køyrande, og det forundra uttrykket i ansiktet på karen bak rattet gløymer eg aldri. Eg innsåg at eg måtta ha framstått som eit menneske som verkeleg trong hjelp. Og det trong eg også – eg trong hjelp til å få dekt grunnleggjande behov som mat, og også til å få dagane til å gå i hop.
Men mange av oss reiser aleine på desse ferdene.

I historia om Trond Giske som sat og fikla med mobiltelefonen, vart det forklårt med at han ikkje hadde rådgjevaren sin med på reisa (han er nok ein av dei privilegerte som vanlegvis har med seg nokon på tur). Eg veit nøyaktig kor stressande det kan vera å vita at ein skulle ha gjeve beskjed om noko – eller at ein skulle ha fulgt med på telefonen fordi det kan koma ein viktig beskjed som ein må svara på raskt – samstundes som ein sit i eit møte der ein sjølv er hovudgjesten.

Eg bestemte meg tidleg i livet mitt som folkevalt for at telefonen min ikkje skulle vera synleg når eg var på slike besøk. Viss eg absolutt må fikle med denne telefonen, seier eg frå på førehand om kvifor, og avgrensar bruken til eit minimum.

Med dette kritiserer eg ikkje Giske-hendinga. For alt eg veit kan han ha hatt ein alvorleg sjuk slektning å oppdatere seg om. Eg kritiserer ikkje Overå for å ha reagert med kritikk heller, for eg kan forstå frustrasjonen viss hovudgjesten framstår som uinteressert. Eg veit berre at slike situasjonar best kan bli unngått dersom vi som kjem på besøk tydeleg forklårer det viss mobilen må vera framme, og dersom vi i dei fleste tilfella let mobilen få ein pause frå oss og vi frå han.

Vi får heller gå glipp av informasjon der og då eller gå glipp av ein henvendelse frå ein journalist. Verda står til påske likevel.

Tilbake til dei praktiske sidene ved det å drive valkamp: Har vi familie og ungar, må desse heller ikkje gløyme at vi eksisterer. Den mest hektiske valkampen eg har hatt, var den gongen eg overnatta heime berre to gongar på fem og ei halv veke. Slikt skal ikkje gjenta seg, det har eg lovt meg sjølv. Eg kunne gå meg på hotellveggar då eg var oppe på do nattestid, fordi eg gjekk i surr om korleis hotellromma såg ut, og trudde veggen var på andre sida av senga.

I skrivande stund sit eg på nok eit hotellrom under nok ein valkamp, og er lukkeleg fordi eg tidlegare i kveld fekk lurt inn tid til å sjå sonen min og fotballaget hans spela kamp. Mobiltelefonen låg i lomma, på lydlaus. Eg stønna då eg såg på mobilen etter kampen, fordi eg såg det var mange som ville ha tak i meg.

Eg fekk heldigvis gjeve svar til alle på ferja over fjorden. Knebøy får vente til morgondagens ferjeturar. For å unngå å vera uhøfleg politikar på valkampturné då, skal eg passe på at ingen blir ståande i dokø på grunn av meg.

(Denne artikkelen har vore publisert på nettavisa Panorama, som høyrer til Høgskulen i Molde, tidlegare i valkampen.)

Godt for noko

Eg har eit år bak meg med telefonintervju på toalettet, og golv som har vorte skøytebane ved golvvask. Valår, provisorisk bustad og stadig forseinka husbygging er ein dårleg kombinasjon. Men regjeringsskiftet viser seg å ha gjort meg godt. Ingenting så gale at det ikkje er godt for noko.

I dag rusla den nye regjeringa ut på slottsplassen, etter ein månad med hektiske sonderingar, forhandlingar og personkabalar som skulle leggjast. Vi raud-grøne har naturleg nok blanda kjensler til dette regjeringsskiftet. Vi har styrt landet i åtte år no, og har etter mi klåre meining hatt ei god retning på politikken.

Landet har klart seg godt gjennom vonde tider, til forskjell frå mange andre land i Europa. Slikt blir ikkje av seg sjølv, og vi er sjølvsagt spente på om resultata av dette arbeidet står seg, eller om den nye regjeringa og det nye stortingsfleirtalet vil føre landet og innbyggjarane inn i ein verre situasjon framover. Den som lever får sjå.

I mellomtida må eg likevel innrømme at regjeringsskiftet har vore godt for noko. Etter eit hektisk valår og ein endå meir hektisk valkamp, etter eit år med husbygging og mykje stress knytt til dette, er det absolutt ikkje til å forakte at det vart færre møtedagar i Oslo i oktober enn eg trudde.

Sjølv om det er aldri så kjekt å vera på møte og arbeide på eit kontor bak tjukke murar i hovudstaden, er det verkeleg kjekt å få lande litt heime også.

Vi har budd så provisorisk det siste året at eg har måtta halde meg på éin plass i sofaen i den gamle kårenden vi budde i for å ha nettilgang. I den sofaen har sonen og kjærasten min også oppheldt seg mykje, og eg har hatt ein smule problem med å konsentrere meg.

Eg har måtta halde meg på toalettet for å ta avis- og radiointervju per telefon, for det har vore einaste staden med både grei mobildekning og minst risiko for å bli forstyrra. På det toalettet – og i dei fleste romma for øvrig – var golvet iskaldt, så eg måtte gå med tre par med tjukke lestar på føtene for å halde ut.

Det høyrer med til historia at det ofte ikkje gjekk an å vaske ganggolva i vinter, fordi vatnet fraus til is og gjorde om golva til skøytebane. Ein av dagane eg fraus som verst køyrte eg desperat til butikken og kjøpte meg ull- og fleeceklede til 4000 kroner. Og eg gjekk somtid med panneband og buff inne.

Så når vi i slutten av september ENDELEG fekk flytte inn i det nye huset med golvvarme, god nettilgang, kontor og oppvaskmaskin, var det som å koma til himmelen. Eg har kvidd meg til å måtte begynne å reise masse til Oslo igjen berre kort tid etter flyttinga, men dette regjeringsskiftet har berga humøret på det personlege planet, om enn ikkje på det politiske.

Heimekontoret fungerer som smurt, eg kan opphalde meg på ein anstendig plass når eg talar med journalistar (dei mange eg har tala med det siste året visste heldigvis ikkje kor eg oppheldt meg under intervjua). Ikkje minst får eg vera meir saman med dei eg er aller mest glad i, inkludert den 14 år gamle hunden vår. Eg får til og med tid til å lufte hunden innimellom arbeidsøktene. Fantastisk!

No gjenstår det å sjå korleis resultata av politikken til dei blå-blå blir. I morgon er det stortingsmøte med regjeringserklæring og neste veke trontaledebatt. Viss den varsla politikken blir deprimerande og det går feil veg, noko eg jo fryktar at det gjer, er eg i alle fall godt opplagt og i godt humør no før showet startar for fullt. Ikkje verst berre det.

Matt av valkamp

Eg misliker valkampar. Dette er noko ein politikar sikkert ikkje bør innrømme, men nokon kan like gjerne gje slike som meg eit ansikt også. For sjølv om valkamp er viktig for å få plass i eit kommunestyre eller på tinget, er det somme av oss folkevalte som mistrivst med det.

Valkamp er eit middel for å få nok stemmer til å vera med der vedtaka blir fatta. Men eg skulle ønskje veljarane vart mindre påverka av dei store orda dei siste vekene før valet, og meir av dei lengre linene. Dei kunne gjerne i større grad vurdere truverdigheita partia (i beste fall) byggjer opp gjennom fleire år.

Gjennom 8 år i formannskap og kommunestyre i Surnadal kommune lærte eg noko viktig: Valkamp er noko som bør gå føre seg i heile fireårs-perioden, og vera basert på politisk handverk og ikkje store ord og feitt flesk. Vilje og evne til å gjennomføre ein god politikk for lokalsamfunn og fedreland er det viktigaste.

Eg vil ikkje påstå at eg har denne evnen, men eg prøver å forbetre meg år for år. Ein del av jobben min består i å traske mellom møtelokale og kontoret mitt i Oslo. På møtefrie dagar reiser eg land og strand og besøker til dømes bedrifter, organisasjonar og kommunale institusjonar. Målet er å lære nok til å kunne vedta fornuftige ting og byggje opp eit kontaktnett eg kan ha bruk for i jobben. Sjølvsagt vil eg også synleggjera Senterpartiet sine meiningar og vår politikk.

Men når eg reiser rundt slik dei siste vekene før eit val, føler eg meg ubekvem. Eg er bekymra for at dei eg besøker skal tru at eg kjem berre for å koma med lovnader som kan sikre partiet fleire stemmer, men at lovnadene blir gløymte straks valet er over. Dette kan folk absolutt ha grunn til å mistenkje når vi politikarar spinn rundt som blide og ivrige snurrebassar i valkampen.

Eg sat i dag tidleg og lurte på kvifor eg ikkje var hyperaktiv i valkampen dei siste vekene før valet, og konkluderte med at det er dette som er problemet mitt. Eg liker ikkje å lova noko utan at eg veit eg kan stå for det. Å drive valkamp er ikkje meininga med livet eller meininga med politikken. Derfor jobba eg omtrent som vanleg desse vekene.

Eg reiste nok rundt meir enn vanleg og smilte ekstra breitt på bileta, men av respekt for at det var eit lokalval konsentrerte eg meg om saker som er relevante både på lokalt og nasjonalt plan i samspel.

Ein fornuftig regel for oss folkevalte er etter mi meining denne: at vi under bedriftsbesøk og liknande der viktige saker kjem opp seier at vi ikkje kan garantere noko resultat, men at vi kan garantere at vi vil prøve. (Og dette må ein sjølvsagt seie berre om ein faktisk kjem til å prøve.)

No er eg glad for at det er eit par år til neste runde med valkamp. Eg gler meg til kvar månad med arbeid dei to komande åra. Så får eg kanskje prøve å eta meg opp til stortingsvalet i 2013, og motivere meg betre til å dele ut store mengder med valflesk då. Eller? Nei, eg trur eg held fram omtrent som eg stemnar.

Riks- eller lokalpolitikk?

Eg og mange med meg har uttrykt ønske om at denne valkampen skal bli ein lokalvalkamp – ikkje berre når listekandidatane står på stand utanfor butikksenteret, men også i mediebiletet. Det er feil at rikspolitikarane skal dominere debattane når valet handlar om kven som skal bli kommunestyrerepresentantar og ordførarar i dei enkelte kommunane.

Samstundes har vi som representerer partia på Stortinget og i regjering ei rolle all den tid vi legg rammene for kva kommunane har å rutte med og gir retningsliner for aktiviteten. Vi skal ikkje overspela denne rolla i lokalvalkampen, men heller prøve å få fram kor viktig det er med dyktige og engasjerte lokalpolitikarar frå våre parti for at vi skal kunne gjera ein god jobb for heile landet.

Eg har som stortingsrepresentant ønske om å bidra til at eldre får betre omsorgstenester, at ungane trivst og lærer mykje på skulen, at viktige vegar blir bygde og at næringslivet får blomstre. Dette er ikkje mogleg utan eit godt samstel mellom riks- og lokalpolitikarar.

I Senterpartiet er vi særs opptekne av å lytte til ordførarane våre. Vi veit kor viktig det er med flest mogleg Sp-lokalpolitikarar landet rundt for å drive god politikk for både bygd og by. Og som parti talar vi svært sjeldan med to tunger frå lokalt og sentralt hald i viktige politiske saker, om det så er snakk om lokal velferd eller landbruks- og rovdyrpolitikk.

Eg skal ikkje påstå at vi er unike i så måte, men veljarane kan gjerne ta ei vurdering av kor samstemte riks- og lokalpolitikarane i dei ulike partia er. Dette handlar om politisk truverdigheit slik eg ser det.

Kven har veljarne mest tru på?

No kan vi diskutere politikk igjen, etter nokre veker med borgfred på grunn av terrorhandlingane i Oslo og på Utøya. Valkamp er viktig, for veljarane må få vita kva partia står for før dei skal bestemme seg for kven dei vil stemme på. Det betyr faktisk noko for utviklinga kven som sit i kommunestyra.

Forhåpentlegvis tek veljarane stilling til kven dei skal stemme på utifrå både valkampen og ikkje minst kva partia har stått for i praksis dei siste åra. Dette er viktig for å kunne vurdere om det er sannsynleg at lovnadene i valkampen blir følgte opp framover.

Sjølv sat eg i kommunestyre og formannskap i Surnadal i åtte år, og var varaordførar dei siste fire åra. Då såg eg at både partisamansetnaden og i høgste grad også personsamansetnaden betydde mykje.

Ved lokalval kan vi kumulere dei listekandidatane vi har mest tru på. Eg oppmodar veljarane om å gjera dette. Kryss frimodig på dei de trur best kan utvikle lokalsamfunnet og kommunen vidare. Kumuler positive, ansvarlege, kreative og energiske ja-menneske som ønskjer at ting skal skje i staden for dei som ser problem heller enn moglegheiter.

Sjølvsagt er det ok å høyre på rikspolitiske debattar, men dette er eit kommune- og fylkestingsval. Det er dessverre ikkje alltid at parti står for det same sentralt og lokalt. Det er ikkje sikkert det er så dumt å ta omsyn til dette også når valet skal takast.

Framtida og framskrittet

Det er noko som heiter at framtida kjem av seg sjølv, framskrittet ikkje. Eg er spent på valresultatet fordi eg er oppteken av framtida for fylket og landet vårt – at den skal bera med seg framskritt og ikkje tilbakeskritt.

Eg er overbevist om at ei ny raud-grøn regjering er best for både fylket og landet. Etter å ha sitte i kommunestyre og formannskap i Surnadal i åtte år, og vore varaordførar og på fylkestinget i fire, har eg sett kva ulike regjeringar og stortingsfleirtal har å seie for velferden i samfunnet vårt.

Som næringsdrivande er eg også oppteken av stabile rammevilkår og ei satsing på samferdsel og breiband.

Erfaringane mine er eintydige: Ei ny regjering basert på to eller fleire av dei fire opposisjonspartia er ikkje løysinga dersom vi ønskjer framskritt, vekst og velferd.

Til alle som meiner at Senterpartiet i denne regjeringa kanskje ikkje har fått til ting fort nok, har eg ei oppmoding: Det er verdt å tenkje over om det vi treng då er ei ny regjering – à la Bondevik II som sultefora kommunane og prioriterte skattelette framfor velferd – eller eit sterkare Senterparti i ei ny raud-grøn regjering.

Eg meiner bestemt at det siste er det beste. Får eg tilliten av veljarane til å halde fram med å arbeide for fylket og landet i nye fire år, lovar eg å gjera ein innsats for at framtida skal innebera framskritt. Godt val!

Som årstidene går

Ja, så er det berre ein dag att til den store valdagen. Eg skal likevel tusle veg for å stemme allereie i dag. Eg har nemleg fått det for meg at det kan hende eg får svineinfluensa i natt, og at det dermed hastar å få gjort det unna.

I og med at eg har drive intens valkamp i fem veker og omtrent ikkje vore heime, har eg eigentleg ikkje fått med meg at årstidene har skifta.

Eg har drege rundt på ein gigantisk koffert der eg mellom anna hadde pakka sommarkjole og sandalar. Då valkampturneen min tok til, var ikkje dette direkte upraktisk – det var jo godt over 20 grader somme dagar. Dei siste par vekene derimot har det vore såpass kaldt at synet av sandalane har vore meir lattervekkjande enn fristande.

Det har vore utruleg lærerikt og spennande å få vera førstekandidaten til Senterpartiet i Møre og Romsdal denne hausten. Men det har vore ganske krevjande også.

For det første er det eit stort fylke å rekkje over. Mange kilometer med asfalt har fått kjent Subaru`en min rulle over seg, og eg har fått relativt god oversikt over rutetabellane på ferjestrekningane i fylket.

For det andre må ein fara frå bedriftsbesøk og medietreff til paneldebattar og stands samstundes som ein helst skal framstå som nokolunde klårtenkt og fornuftig. Men med mange netter utan meir enn 5-6 timar søvn og utan å ha hatt fri på vekesvis, er ikkje dette alltid like enkelt.

For alle oss stortingskandidatar og politiske parti er dommens dag i morgon. Og dommarane, det er veljarane. Eg håpar at veljarane ønskjer fire nye år med Senterpartiet ved roret, og at eg får sjansen til å arbeide for dette flotte fylket framover.

Ein ting er i alle fall sikkert, haust vil bli til kald vinter omsider. Men politisk kan både hausten og vinteren bli varm – raudgrøn og framtidsretta. I håp om dette fer eg no straks til kulturhuset i Surnadal for å putte stemmeseddelen i urna.

Godt val og god haust vidare!