Viser arkivet for stikkord valfridom

Heime somtid best

Kontantstøtteordninga har vore under press, og eg er derfor letta og glad for at Senterpartiet sin modell for vidareutvikle denne har vunne fram. Den skal no gjelde for eitt år fram til ungen fyller to, men summen skal aukast monaleg.

Vi meiner at summen ein kan få utbetalt per månad medan ein er heime med smårollingar må vera såpass høg at den gjer det mogleg for fleire familiar å velje dette.

Somme kan reagere på at familiar vil kunne motta kontantstøtte berre fram til ungen er to år og ikkje til tre år slik som i dag.

Det er imidlertid ingen tvil om at det er eittåringane som vil ha mest att for å vera heime eit ekstra år. Fred og ro er faktisk ikkje så dumt for dei minste. For toåringane vil imidlertid barnehagen ofte vera ein ypperleg stad for å utvikle sosiale evner og språket.

Dette er særleg viktig for ungar av innvandrarar. Dessverre er det desse som oftast held ungane heime til dei fyller tre med dagens kontantstøtteordning, og det tener ikkje integreringa.

Eg meiner ikkje at å sende eittåringar i barnehagen er gale, tvert i mot er det for mange familiar nødvendig for å få kvardagen til å gå ihop. For somme ungar er det dessutan ein fordel pga ymse forhold heime.

Men eg er oppteken av at familiane skal ha eit reelt val mellom barnehage og å vera heime med ungen lenger enn fødselspermisjonen varar. Derfor er den nye modellen for kontantstøtta eit framsteg.