Viser arkivet for stikkord valdtekt

Makteslaus i ei brutal verd

Vi politikarar har ansvaret. Det gjer seg ikkje å innrømme at ansvaret vi har ikkje nødvendigvis inneber at vi maktar å gjera viktige endringar i samfunnet. Det skal eg likevel innrømme no.

Kritiser gjerne at eg, dei andre på stortinget og i regjering ikkje har fått slutt på mobbinga i skulen. At dei fleste valdtektsmenn framleis ikkje blir dømte. At rasistar brukar ukvemsord mot menneske frå framande land. At vi ikkje får slutt på at folk døyr i trafikken.

Men ikkje tru at eg ikkje bryr meg, og at eg ikkje gjer så godt eg kan. Det er berre det at eg kan ikkje sørgje for at politiet får ut fingeren når konkrete, alvorlege saker dukkar opp, og få dei til å etterforske grove valdtekter raskare og betre. Eg kan ikkje fortelje dommarar, når dei sit og skal avgjera skuldspørsmålet, at dei skal tru på valdtektsofferet med sønderrive underliv og store skadar sjølv om gjerningsmannen fortel at det var frivillig.

Eg kan ikkje fotfølgje folk på gata for å passe på at dei oppfører seg godt mot andre menneske. Eg kan heller ikkje hindre at bilførarar trakkar ned gasspedalen og gir blaffen i om små ungar leiker bak neste sving.

Når det gjeld mobbinga: eg har vorte mobba i fleire år sjølv på barneskulen. Eg veit kva det gjer med eit menneske. Eg har argumentert politisk i mange samanhengar for at vi må arbeide betre mot problemet. Men – unnskuld uttrykket – desse smådjevlane som nokre av mobbarane framstår som, kan ikkje eg oppdra. Lærarar som vel å ikkje tru på dei som blir plaga, kan eg heller ikkje overbevise.

Kvifor skriv eg dette akkurat i dag? Det kjem nok av at eg kjenner meg makteslaus, og det kan kanskje vera greitt at også politikarar kan innrømme dette. Forteljingar frå Libya og Syria om ungar som blir torturerte får meg til å grine. Eg blir forbanna og fortvilt av historiar om valdtektsoffer og mobbeoffer som ikkje blir trudde eller som ikkje får hjelp. Det går rett og slett skikkeleg innpå meg.

Eg har behov for å seie det høgt: Det er for jævleg å sitje med dette politiske ansvaret og samstundes vera så makteslaus.

Det vi politikarar kan gjera, og som vi gjer, er å arbeide for stadig betre rammevilkår for dei viktige etatane. Men kva i all verda hjelper det dersom pengane ikkje blir brukt der det trengst mest? Det er snakk om prioriteringar. Eit kjedeleg, men viktig ord.

Folk som arbeider med sårbare menneske må ta sitt ansvar, og hjelpe i staden for å oversjå. Og det handlar ikkje minst om det ansvaret kvar og ein av oss har som enkeltmenneske. Bilførarar må køyre rolegare. Rasistar burde helst gå inn i seg sjølv og endre menneskesyn. Valdelege menn må be om sinnemeistringskurs og prøve å endre seg.

Eg for min del må prøve å overbevise meg sjølv om at innsatsen min som stortingsrepresentant utgjer ein forskjell. Det veit eg jo at han gjer i enkelte saker. Eg skal sjølvsagt halde fram med å seie tydeleg kva eg meiner. Eg får håpe at det bidreg til at vi får gjort gode vedtak, og at debattane kan påverke korleis folk tenkjer og handlar.

Somtid kan eg like gjerne krype inn under dyna og gråte av den brutale verda vi lever i. Det blir verken betre eller verre av det.

Kampen mot valdtekt

Temaet valdtekt stod på dagsorden i Stortinget i dag. Forrige justisminister, Knut Storberget, brukte ordet “nestendrap” om slike overgrep.

Dette illustrerer nok dessverre korleis det å bli valdteken rammar den enkelte, fordi hendinga ikkje berre er grusom når den skjer, men også i verste fall blir eit livslangt traume som reduserer livskvalitet og øydelegg helsa.

Fjorårets mange anmeldte overfallsvaldtekter gjorde at vi fekk ein stor debatt om dette. Faren er at vi kan gløyme problemet når etterdønningane frå valdtektsbølgja er over.

Alle typer valdtekt er alvorlege og krenkar offeret grovt. Overfallsvaldtekter har som ei ekstra følgje at dei gjer mange kvinner og deira næraste redde. Denne redselen kan føre til at ein ikkje lenger tør å opphalde seg og ferdast på stader der ein tidlegare har følt seg trygg. Dette gjer kvinner mindre frie i eit samfunn der likestilling og friheit for enkeltmennesket er verdiar vi set høgt.

Domstolane har fått klåre og begrunna føringar frå Stortinget på at normalstraffenivåa for valdtekt og seksuelle overgrep må bli høgare enn det praksis har vore i mange år. Dette går på at domstolane har høve til og bør bruke dei øvre delane av strafferammene oftare.

Det synest som at eit overveldande fleirtal av overfallsvaldtektsmenn har ikkje-vestleg bakgrunn. Eg meiner tiltaka vi skal gjennomføre for å få bukt med overfallsvaldtektene må vera målretta for å førebyggje at menn som kjem frå enkelte kulturar begår slike ugjerningar.

Såleis er det interessant å sjå til Stavanger, der ein for å få bukt med ei valdtektsbølgje i 2009 mellom anna inngjekk eit samarbeid mellom politiet og asylmottaket og innvandrarorganisasjonar for å formidle rådande norske haldningar til kvinner og likestilling. Vidare gjer regjeringa rett i å sørgje for at kriminelle asylsøkjarar blir sendte raskt ut av landet.

Det er etter mi meining særs viktig at ein skjermar samfunnet mot valdtektsmenn. Dessverre er det ikkje alle ein kan sende ut raskt, fordi ein manglar nødvendige papir frå heimlandet deira eller fordi det er fare for livet deira dersom dei blir sendte tilbake.

Utanlandske valdtektsmenn som veit at dei omsider kjem til å bli utsendte, har låg terskel for å begå nye valdtekter. Dette gjer at det etter mi meining er utruleg viktig å halde valdtektsdømte asylsøkjarar utan opphaldsløyve unna gatene i påvente av at dei kan sendast ut.

Det er eit paradoks at somme valdtek kvinner og såleis øydelegg andre sine liv samstundes som dei ikkje kan sendast ut av Noreg fordi det er fare for livet deira.

Det er rett å styrke politiet og byggje opp kunnskapen om valdtekt og etterforsking av dette i politiet. Politi og strengare straffar er likevel ikkje nok aleine. Tiltak på ein brei front er vesentleg. Fjorårets mange overfallsvaldtekter førte til ei mobilisering blant mange aktørar. Eg håpar dette held fram vidare også. Problemet er ikkje borte sjølv om fjorårets bølgje har lagt seg.

Valdtekt, alkohol og skam

Oslopolitiet har lagt fram rapporten ”Voldtekt i den globale byen”. Dette er dyster lesing for alle som er opptekne av kvinners ve og vel. Vi les om overfallsvaldtekter, overgrep i nære relasjonar og mange valdtekter på fest med mykje alkohol inne i biletet. I sistnemnte kategori blir det ofte begått overgrep mot kvinner som er overstadig berusa og som søv.

Kva i all verda er det overgriparen tenkjer på når han bryt seg på forsvarslause kvinner slik?Kvinner som opplever eit seksuelt overgrep føler skam etterpå, men det er heller overgriparen som burde skjemmast. Dersom det er så vanskeleg å skaffe seg ein seksualpartner som vil delta frivillig, finst det butikkar som Kondomeriet som sel rekvisita som verken er aktive eller gjer motstand…

Det er lett at debatten om korleis ein skal førebyggje valdtekt handlar om kvinners bevegelsesmønster, klesstil og alkoholbruk. Det er greitt nok at vi kvinner får råd om ikkje å drikke for mykje, men det rådet burde definitivt også gå til menn. Dersom alkoholbruk gjer risikoen større for å bli valdtektsmann i løpet av ein festkveld, er det viktigast at menn dempar alkoholbruken. Vi må aldri ta ansvaret bort frå der det ligg – hos overgriparen.

Dei fleste menn er heldigvis ikkje slik. Alle desse kan ta eit ansvar for å formidle til andre menn at det er uakseptabelt å krenke jenter på det grovaste, sjølv om dei er aldri så fulle eller lettkledde.