Viser arkivet for stikkord vald

Nære valdsutøvarar

Alle har rett til eit liv utan vald, men ikkje alle slepp fri. Korleis skal ein kunne utvikle seg godt om ein lever i utrygge forhold der ein ikkje opplever teikn på kjærleik, men ofte teikn på det motsette?

Som stortingsrepresentant og medlem i justiskomiteen har eg fått jobbe med mange viktige saker. Ei av dei aller viktigaste er stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar som Stortinget handsama før sommaren.

Vi menneske har ein ibuande trang til å utvikle oss, til å vera trygge, til å vera glad i nokon og til at nokon er glad i oss. Vi er sosiale skapningar, vi lever liva våre i relasjonar med andre. Vald i nære relasjonar er grove overtramp mot enkeltmenneske som får krenka grunnleggjande rettar.

Dessverre opplever altfor mange rundt i verda å bli utsette for vald og overgrep. Vi skulle gjerne ønskt oss at vi i det vi ser som eit moderne, sivilisert samfunn kunne seie: Sjå her, kor langt vi er komne. Vi skulle ønskt oss at det vi såg av vald i det norske samfunnet berre var etter­levningar av usivilisert framferd frå tidlegare tider. Men det er ikkje slik.

Begge kjønn blir utsette for vald i nære relasjonar, men særleg kvinner og ungar. Manglande likestilling og maktfordeling mellom kjønna blir ofte dratt opp som ei av årsakene. Det er rett nok. Men eg trur ikkje ein må gjera dette til eit spørsmål om likeløn eller stillingsprosentar.

Det er snakk om enkeltmenneske som utøver vald og som er offer for valden. Dei fleste av dei som utøver valden er sterkare fysisk enn offeret, har høgare testosteron-nivå og er meir aggressive. Mange av dei har opplevd vald i barndommen sjølv, og ser ut for å føre vidare uvesenet inn i eigne forhold.

Derfor må vi sjå på kva som kan få valdsutøvarar til å slutte med det. I stortingsmeldinga sa vi tydeleg at tilbodet om sinnemeistringskurs skal styrkast. Desse kursa har vist seg effektive, og fleire bør få hjelp.

Den raud-grøne regjeringa gjorde ein stor innsats for at færre skal bli offer for vald og overgrep. Som justisminister var Knut Storberget flink til å setje temaet på dagsorden. Med den nemnte stortingsmeldinga peika vi ut ei klår retning for arbeidet vidare.

Det er eit uttalt mål at helse- og omsorgstenesta, politiet og rettsvesenet betre skal kunne førebyggje vald, og at dei skal gje betre hjelp til dei som opplever og dei som blir utsette for vald. Når vi i meldinga skreiv «opplever», var det ein måte å inkludere også dei som ser og lever med valden, til dømes ungar som lever med frykt fordi dei veit at ein av foreldra når som helst kan gå laus på den andre.

Tidlegare vart omgrepet «vitne til vald» meir brukt. Omgrepet «oppleve vald» får betre fram at dette rammer hardt også dei som blir offer for valden utan sjølv å bli slått.

Planer, strategiar og stortings­meldingar er viktige, men det er den konkrete oppfølginga som tel når alt kjem til alt. Vi har dei siste åtte åra mellom anna oppretta stadig fleire barnehus, der overgreps­utsette ungar blir tekne langt betre vare på enn før. Vi har fått oppretta familievaldskoordinatorstillingar i politidistrikta, og politiet har vorte flinkare til å gripe fatt i vald i nære relasjonar. Det blir ikkje kalt husbråk lenger, det i seg sjølv er eit framsteg.

Aldri før har temaet vorte løfta så mykje fram, og det har aldri før vorte gjort så mykje konkret mot problemet. Det store håpet mitt no, er at den nye blå-blå regjeringa vil følgje opp dei viktige tiltaka vi sette i gang og dei tiltaka vi peika på stortingsmeldinga. Gjer dei det, vil forhåpentlegvis fleire i framtida vera trygge både utanfor og i heimen.

(Dette er ein omskriven versjon av eit innlegg eg har hatt på trykk i Klassekampen.)

Betre rettsvern for ungar

Samfunnet må ta eit større ansvar for å verne ungar som veks opp i utrygge heimar – heimar der dei blir utsette for vald og overgrep som i verste fall også kan føre til dødsfall.

Stortinget vedtok i dag ei lovendringa om at politiet skal ha plikt til å etterforske når ungar under 18 år døyr plutseleg og uventa. Dette er eit resultat av at alle partia på Stortinget og Regjeringa har ønskt å styrke rettsvernet også til drepte barn. Ansvarlege skal bli stilt til ansvar og dømmast.

Endringane i straffeprosesslova er retta mot tida etter at det verste har skjedd – korleis ein best skal kunne etterforske og avdekkje moglege drap av ungar. Eg håpar likevel at endringane også vil førebyggje at slikt skjer.

Kanskje vil auka risiko for å bli tatt for drap ha ein viss almennpreventiv verknad, sjølv om dette er vanskeleg å vita sikkert. Utvilsamt vil det at fleire gjerningspersonar blir dømt og straffa bidra til at desse i alle fall medan dei er fengsla ikkje kan begå ny vald og nye overgrep mot fleire av ungane sine eller mot andre barn og unge. Og når dei slepp ut att, vil ein kunne følgje opp dei og familien deira.

At nokon kan mishandle ungar så grovt er uforståeleg for dei fleste av oss. Desto viktigare er det at vi tør å sjå i kvitauget at det skjer – at ungar lir kvar dag fordi dei som skulle teke vare på dei ikkje gjer det. Då er det alle vi andre kjem inn i biletet.

Vi politikarar når det gjeld lovverket og rammene for at grov vald og drap kan førebyggjast og oppdagast. Barnehagepersonell, lærarar og barnevernet som ved mistanke må ta sakene vidare til politiet. Naboen som ikkje berre må snu seg vekk, men innsjå at ikkje alt som føregår innanfor nabohusets fire veggar er ei privatsak.

Ein samla justiskomité har primært ønskt ei obligatorisk ordning med eit team beståande av personell med både etterforskingskompetanse og helsefagleg kompetanse, noko som i følgje lovavdelinga i Justisdepartementet truleg er i strid med Grunnlova. Då har det vore maktpåliggjande å finne ein måte å utforme lovverket på som fører oss nærast mogleg dette primære ønsket, og eg meiner lovframlegget som vi behandlar i dag gjer det.

Ei etterforskingsplikt vil gjera det mogleg for politiet å oppdage og oppklåre fleire tilfelle av vald og drap. Eit obligatorisk tilbod til foreldra om at dødsstaden blir undersøkt saman med etterforskingsplikta er eit stort framsteg. Og politiet skal informerast om nokon takkar nei.

Politiet kan likevel ikkje undersøke sjølve dødsstaden utan at foreldra gir samtykke til dette eller at det føreligg skjellig grunn til å mistenkje eit straffbart forhald. Såleis vil eg peike på at vi bør følgje nøye med på korleis det nye lovverket vil bli praktisert og korleis det vil fungere for om nødvendig å gjera fleire tiltak.

Målet er klårt, og det er at færrast mogleg ungar skal bli utsette for grov vald og drap, og at ugjerninga blir oppdaga når det verste likevel skjer.