Viser arkivet for stikkord ulv

Skyt regjeringa - ikkje ulven

Dette er altså ikkje ei oppmoding, men ei skildring av kva Høgre og Frp no gjer i rovdyrsaka. Dei siste 5 åra har dei klaga over manglande moglegheiter til å vera med å leggje premissane for utviklinga i norsk politikk. Men når dei først blir inviterte til dette, startar eit hylekor som overdøyver ulvehyla.

Vi har eit rovdyrforlik som vart inngått av stortingsfleirtalet i 2004. Berre Senterpartiet og Framstegspartiet stemte mot. No er eit nytt rovdyrforlik på trappene, men på grunn av at det openbart er stor usemje i regjeringa om saka (stor motsetnad mellom Sv og Sp), har regjeringa valt å leggje saka fram for Stortinget med ei open tilnærming. Stortinget får altså høve til å koma med framlegg til kva eit nytt rovdyrforlik skal innehalde.

Senterpartiet ønskjer ein meir restriktiv rovdyrpolitikk, sjølv om eg vil presisere at vi ikkje ønskjer å fjerne rovdyra heilt frå norsk fauna. Vi kan ikkje akseptere at store mengder husdyr på beite må gjennomgå dei store lidingane som rovdyrangrep påfører dei. Og vi vil leggje til rette for matproduksjon også i område der rovdyrstammane no veks.

Vi treng fleire aktive gardbruk i landet, men mange bønder teller no på knappane. Somme har opplevt at 25 prosent av saueflokkane blir tekne av rovdyr. Dette er uhaldbart. Også dei som bur i område med mange rovdyr kjenner frykt for ungane sine og seg sjølv. Dette forringar livskvaliteten.

No har opposisjonen ein gylden anledning til å bidra til ei ny retning på rovdyrpolitikken. Nye mål skal setjast for kor stor rovdyrbestand Noreg skal ha. Høgre og Frp har slått seg vrange og skyt på regjeringa i staden for å gå konstruktivt inn i eit samarbeid for å finne ut kor mange ulvar ein skal kunne skyte dei neste åra.