Viser arkivet for stikkord trafikkulukker

Fleire prikkar på lappen

No skal det bli lettare for unge bilførarar å miste lappen. Frp og NAF kritiserer. Eg applauderer. For er det ei gruppe som er overrepresentert blant dei som blir alvorleg skadde eller døyr i trafikkulukker, er det dei unge.

Frå 1. juli blir det nye regimet innført. Terskelen for å miste førarkortet blir lågare for alle bilførarar. Men strengast reglar blir det for dei yngste sjåførane på mellom 18 og 20 år, som får dobbel prikkbelastning. Akkurat denne gruppa har ti gongar så høg risiko for å døy i trafikken som dei mellom 35 til 64 år.

Altfor mange tek for lite ansvar når dei sit bak rattet. Ikkje berre går det ut over sjåføren sjølv når han køyrer for fort og uforsvarleg. Er ulukka først ute, går det ofte fleire liv enn berre sjåføren sitt. Eg skriv han, sjølv om det sjølvsagt også er mange jenter som køyrer farleg. Men det er overmodige gutar som er farlegast, og som oftast døyr i trafikken.

Som offentleg person er det så som så å ytre seg om høg fart og uforsvarleg bilkøyring. Plutseleg kan ein få ei klekkeleg bot sjølv, og då ser det berre dumt ut. Uansett: di fleire av oss – både unge og vaksne sjåførar – som tenkjer over kva følgjer det kan få om vi ikkje tek ansvar i trafikken, di færre ulukker blir det. Vi må avpasse farten etter forholda, vise omsyn til andre trafikantar og stoppe og sova når vi blir trøytte (noko eg må gjera ganske ofte sjølv).

At Frp og NAF er mot den nye ordninga, forstår eg lite av dersom målet er færre alvorleg skadde og drepte. Strengare reglar kan redde liv, særleg når det ikkje er knytt berre til storleiken på trafikkbøtene. Dei som har mykje pengar, bryr seg lite om ei høg bot. Å miste lappen er det derimot dei fleste som fryktar.

Farleg fart

Alle menneske gjer feil i trafikken, men somme køyrer fortare og farlegare enn andre – og med vilje. Menneske som slik utset andre for å bli drept eller hardt skadd i trafikken, må stoppast. Derfor er det betenkeleg når Bård Hoksrud frå Frp blankt avviser gjennomsnittsmåling av fart som eit nyttig verkemiddel for å redde livet til uskuldige trafikantar.

Personvern eller vern av liv?

Dette er på sett og vis ei absurd motsetning, men likevel: Bård Hoksrud meiner gjennomsnittsmåling av fart strir så gale mot omsynet til personvernet at vi ikkje kan ta det i bruk. Dette er eit pussig standpunkt. Til og med Datatilsynet godtek denne nye forma for fartskontroll. Dei meiner at gjennomsnittsmåling kan vera tvilsamt i høve personvernet, fordi alle bilar blir tekne bilete av når dei passerer dei to kameraboksane. Datatilsynet godtek likevel dette fordi bileta av alle dei som ikkje køyrer for fort automatisk vil bli sletta berre få sekund etter at bilane har passert.

Skremmande

Det er skremmande å sjå videoar som unge råkøyrarar har teke under villmannskøyring i tunnelar, eller å lesa om alvorlege ulukker som skuldast høg fart der menneske i fleire bilar blir ramma.

Dei fleste av oss trur det ikkje kan hende oss. Men det kan det. I møte med nokon som kjem fykande i 160 km/t og som mistar kontrollen, kan det skje kven som helst. Det kan vera ein familie på veg til hytta. Det kan vera ei glad jente på 22 år som har vore på jobbintervju og som har fått vita at ho kan begynne i ny jobb på måndag. Og alltid er det mange fleire enn dei som døyr som blir ramma – alle dei som mistar sine.

I fjor sommar var ulukkestala særleg høge, og diskusjonane var mange om korleis vi skal sørgje for at færre døyr i trafikken. Skytset vart retta mot vegstandarden – mot for dårleg asfalt og krappe svingar.

Sjølv om det er rett at vi no satsar mykje meir på å ruste opp vegane, er det dessverre ikkje så enkelt. Kvar og ein av oss som køyrer bil må ta ansvar også for liva til andre menneske. Og når ein del gir blaffen i dette, må vi gjennomføre tiltak som førebyggjer ulukker på grunn av uvettig køyring.

Betre effekt

Vi veit at dei automatiske trafikkontrollane på særleg ulukkesbelasta punkt langs vegane våre reduserer talet på alvorlege ulukker der. Og Statens Vegvesen seier tydeleg at det neste steget – gjennomsnittsmåling av fart – vil gje endå betre effekt. Frå no i juli blir denne forma for fartskontroll teke i bruk på to stader i landet, mellom anna i Telemark der Hoksrud kjem frå.

Personvern er viktig, men det er fullt mogleg å finne praktiske løysingar som tek omsyn til personvernet, samstundes som vi vernar folk mot å bli drepne i trafikken. Dei fotoboksane vi kjenner til frå før reduserer farten på farlege punkt langs vegane. Kamera som måler gjennomsnittsfart vil kunne nyttast der høg fart er eit problem på heile strekningar. Tunnelar er særs relevante i så måte. Det handlar trass alt om å berge liv.