Viser arkivet for stikkord tigging

Lokale tiggeforbod eit framsteg

Senterpartiet har programfesta at vi ønskjer å innføre forbodet mot tigging igjen. Det er ikkje for å skjule fattigdom eller for å “forby sosial nød”. Det er slik, lett sarkastisk, mange av dei som kritiserer standpunktet vårt formulerer det.

Derimot er det for å forby eit fenomen som opprettheld sosial nød, og som er knytt til ulike typar lovbrot, som vinningskriminalitet og menneskehandel.

Primært vil Senterpartiet ha eit generelt forbod mot tigging igjen, slik vi hadde fram til 2006. Vi har likevel valt å støtte dei endringane i politilova som nyleg vart gjort av eit raud-grønt fleirtal på Stortinget. Dette fordi endringane kan bidra positivt til å dempe tilstrøyminga og omfanget.

Alle tre regjeringspartia har erkjent at tigging er eit problem, og at noko må gjerast. At vi ikkje er einige om kor langt vi skal gå i å førebyggje tigging, er opplagt.

Kommunane får eit nytt verktøy for å avgrense tigginga når dei no skal kunne innføre lokale forbod – ved å definere tidspunkt og plassar der det ikkje skal vere lov å tigge. Vi må følgje utviklinga og resultata nøye, og om dei kommunale reguleringane ikkje fungerer godt nok i praksis, er vi eit steg nærare eit generelt forbod.

Somme meiner at det er humant og hjelpsamt å la tigging vere tillatt. Eg tvilar ikkje på dei gode intensjonane. Men eg veit jammen ikkje om vegen ut av fattigdom går gjennom å sitje på asfalten i timevis kvar dag med ein kopp i handa.

I samfunnet vårt meiner vi at ungar som veks opp, har best av å få utdanning og bli motiverte til å arbeide. Vi har obligatorisk skulegang og tiltak for å få folk i jobb viss dei ikkje klarer det sjølve. Kulturen vår er innretta slik – haldningar og handlingar heng ofte i hop.

Fenomenet tigging har ikkje eintydige, enkle årsaker. Det er likevel på sin plass å påpeike at hos grupper av menneske der det er kultur for å tigge heller enn å arbeide til livsopphald, blir ungane ofte hindra i å ta skulegang.

Det blir for lettvint å seie at tigging berre kjem av diskriminering og mangel på andre moglegheiter. Mangel på ønske og vilje til å ta i bruk andre moglegheiter kan òg spele inn.

Mange av dei som kjem til Noreg for å tigge synest å vera av romfolket. Noreg løyver årleg pengar til ulike EØS-tiltak retta mot fattige romfolk i ti andre europeiske land – aller mest til Romania og Bulgaria. Meir av dette er vegen å gå.

Eg håpar at myndigheitene i åra som kjem sørgjer for at meir pengar blir brukte for å sikre ungar ei framtid. Sosiale tiltak i heimlandet – kombinert med tilbod om skulegang – er viktig. For å få best mogleg effekt må vi samtidig med dette gjere det mindre attraktivt å tigge her til lands.

Eit tiggeforbod vil gjere marknaden dårlegare. Dette handlar om å gjere eit fornuftig justispolitisk grep her til lands og samstundes støtte opp om gode sosialpolitiske tiltak i heimlandet til tiggarane.

Det blir ofte sagt av forkjemparane for at tigging skal vere lov, at det å tene pengar på å tigge er betre enn ingenting. For somme fattige familiar hadde det òg vore betre enn ingenting om vi tillét barnearbeid igjen, men det gjer vi ikkje fordi vi meiner ungar skal sleppe det. Men at ungar skal bli tvinga til å tigge, er visst ikkje fullt så ille, skal ein tru debatten innimellom.

Eg håpar kommunane vil bruke dei verktøya dei no får. No kan kommunar og byar rundt i landet f.eks. hindre tiggarbandar i å etablere seg rundt gamleheimar og trafikknutepunkt. Det blir også mogleg å definere heile sentrum som eit område der det ikkje skal vere lov å tigge.

Oslo kommune – som landets hovudstad – har eit spesielt ansvar for å gjere noko.
Dagens endringar i politilova er eit reelt steg framover, men det er etter mi meining òg eit mogleg steg mot eit generelt forbod. Det vil vere det aller enklaste for alle partar å rette seg etter – for kommunane, politiet og dei som lurer på å reise hit for å tigge. Foreløpig håpar eg på at endringane vi vedtek i dag, vil gje positive resultat.

Brutalt mot romfolket

Frps Per Sandberg vil nekte romfolk adgang til riket. I eit intervju med TV2 har Sandberg sagt at ein paragraf i politilova gjer dette mogleg “når det er fare for at det skal komme grupper til Norge hvor det kan oppstå kriminalitet i kjølvannet av det”.

Det er eit hardt og brutalt skyts mot ei enkelt folkegruppe som leiaren i justiskomiteen no kjem med. Vi kan ikkje skilje ut romfolk ved grensa og seie at «Sorry, du tilhøyrer feil folkeslag.»

Sandberg er opptatt av å få bukt med kriminalitet, og det målet deler jo alle parti. Men verkemidla er tydelegvis svært forskjellige. Dersom vi skal førebyggje grensekryssande kriminalitet, må vi mellom anna stoppe fleire kriminelle ved grensa gjennom betre grensekontroll, ikkje plukke ut enkelte folkeslag ut i frå ei kortslutning om at alle i folkegruppa er kriminelle.

Senterpartiet har programfesta at vi ønskjer Noreg ut av Schengen-samarbeidet for å kunne gjeninnføre passkontroll av alle som kjem til landet, uavhengig av om dei kjem frå Schengen-land eller frå andre land. Dette inneber ei likebehandling av folk. Terskelen for kriminelle for å koma inn til landet vårt skal vera like høg uansett nasjonalitet og etnisk bakgrunn.

Frps Sandberg ønskjer ikkje å gjeninnføre passkontrollen ved å gå ut av Schengen. Han går laus på romfolk i staden. I praksis inneber det han seier at politifolk skal stå på grensa og plukke ut folk med ein annan hudfarge og ein bestemt utsjånad.

Det mykje diskuterte problemet med tigging er ikkje eit problem med eitt folkeslag, som Sandberg synest å meine. Vi må hugse at dei fleste romfolk i Romania lever på samme vis som majoriteten av rumenarar, ved å jobbe og forsørgje seg sjølv.

Ei dame justiskomiteen møtte då vi besøkte Romania tidlegare i stortingsperioden, var sjølv av romfolket og arbeidde med sosiale tiltak for folkegruppa. Ho understreka dette poenget, og sa det gjeld 1,5 av 2 millionar romfolk.

Vi må ikkje setje likheitsteikn mellom romfolk og tiggarar, og mellom romfolk og kriminelle. Menneske av romfolket skal vera like velkomne i Noreg som alle andre. Når det gjeld kriminelle romfolk, er dei like lite velkomne som kriminelle britar eller kriminelle franskmenn.

Ta tiggarane, ikkje røykarane

Det var heilt rett å forby røyking på restaurantar og utestader. Men det er å gå for langt å forby dette i parkar og på opne plassar. Politiet har viktigare ting å gjera enn å bøtleggje røykarar. Det er betre å gjeninnføre forbodet mot tigging og rette ein innsats mot dette.

Røyking er noko svineri, men vi kan ikkje fortrengje røykarar frå alle stader. Så lenge som vi ikke vil gå så langt som å totalforby røyk, må dei kunne opphalde seg nokre stader.

Røykarar må sjølv ta ansvar for å ikkje vera til plage for andre. Dersom røyking i parkar er eit stort problem, kan det alternativt opprettast retningsgjevande røykesoner slik som det blir gjort på togperrongar o.l.

Røykarar er ikkje organiserte kriminelle. Derimot er det stor grunn til å tru at utanlandske tiggarar ofte er knytt til organiserte kriminelle nettverk. Det er eit stort problem at mobile kriminelle bandar opererer rundt om i landet. Tigginga er ein slags dekkoperasjon for å kunne drive kriminell aktivitet til andre tider på døgnet.

Eg meiner bestemt at massiv tigging i Oslos gater og i andre byar er til større sjenanse enn røyking. Det skapar eit negativt inntrykk av Oslo og andre byar for tilreisande utlendingar og nordmenn at tigginga er så påtrengjande.

Det er straffbart å organisere tigging, men politiet kan ikkje lenger gripe inn overfor tiggarar med mindre dei utgjer eit openbart ordensproblem eller at tigginga er trugande og plagsam. Dette er ei skjønnsmessig og vanskeleg vurdering, og terskelen er høg for å gjera noko.

Problemet når tigging i seg sjølv ikkje er straffbart, er å vita når den er organisert eller ikkje for eventuelt å kunne gripe inn. Ergo er det langt viktigare å gjeninnføre forbodet mot tigging enn å forby røyking i parkar og på opne plassar.

Somme bagatelliserer tigginga

Etter det siste innlegget mitt om å forby tigging, har det kome masse reaksjonar i ymse nettmedia. Dette tykkjer eg er fint, for vi treng å diskutere dette temaet.

Eg har ingen problem med å bli kalla både det eine eller det andre i samband med at eg ytrar det mange andre tenkjer, men ikkje tør seie høgt. Men eg reagerer ein smule på den måten somme bagatelliserer konsekvensane av tigging på.

Det er akkurat som om det å la tigginga halde fram skulle vera eit av dei viktigaste ledda i å sikre utjamning mellom rike og fattige. Det er jo nettopp for å gi alle eit økonomisk grunnlag for eit verdig liv at vi har jobba fram velferdsordningane. Tigging bør såleis strengt tatt vera unødvendig.

For utlendingar som kjem til landet, er det også fullt mogleg å få arbeidstillating for å skaffe seg jobb. Dessverre er ikkje dette føremålet til dei som kjem for å tigge, men – som Hanne Sophie Greve uttrykte i fleire media i går – dei er derimot ofte brikkar i omfattande organisert kriminalitet. Eg meiner det er sosialt uansvarleg å la dette halde fram.