Viser arkivet for stikkord terror

Tilrekneleg vondskap

Skal litt tvil om nokon var tilrekneleg vera nok til å frikjenne vedkomande for skrekkelege handlingar? Kanskje, kanskje ikkje.

Eg sit og høyrer på opplesinga av dommen mot Breivik, terroristen som har rysta oss med tilsynelatande kald og likegyldig vondskap. Orda forvaring og strafferettsleg tilrekneleg førte til at det gjekk eit lettelsens sukk rundt om i rettssalen, i stover og møterom i det ganske land. For mange sit og følgjer med no.

Dommen er ikkje rettskraftig før vi veit om han blir vedteken. Det kan koma ei anke. Såleis skal eg vera forsiktig med å kommentere saka. Men eit spørsmål som har trengt seg fram det siste året, er kva kriteria skal vera for å bli kjent strafferettsleg utilrekneleg.

For Breivik har det i følgje advokatane hans vore viktig å bli kjent tilrekneleg. For andre tiltalte kan det vera eit mål å bli overført til tvunge psykisk helsevern i staden for å måtte sone i fengsel.

I Noreg ligg det medisinske prinsipp til grunn for vurderinga om nokon er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje. Det er nok at vedkomande var (relevant og tilstrekkeleg) psykisk sjuk på gjerningstidspunktet, uavhengig av om han/ho var klår over følgjene av handlingane og ville utføre dei likevel.

Det psykologiske prinsipp blir praktisert i mellom anna Danmark og Sverige. Der må ein vurdere om den straffbare handlinga var eit resultat av psykotisk sjukdom. Berre då kan nokon sleppe fengselsstraff for handlingane.

I Tidsskrift for Den norske legeforening nr 1 2002 blir det vist til ei utgreiing om dette temaet. Ei vurdering der er at “Det er verre å dømme en som skyldig som egentlig ikke hadde skyldevne pga. en psykose, men hvor rettspsykiaterne ikke klarte å bevise en sammenheng mellom sinnstilstanden og lovbruddet, enn å frifinne en person som riktignok var psykotisk, men som utførte lovbruddet uavhengig av psykosen.”

Dette er det vanskeleg å vera ueinig i når ein les det som eit avgrensa sitat. Likevel tør eg påstå at det er rett å revurdere dei rettslege kriteria for utilreknelegheit. Dessutan: korleis er det for ein person som er frisk å bli tvinga til år med psykiatrisk oppfølging i ein lukka institusjon dersom han feilaktig blir vurdert som psykisk sjuk? Det er ikkje sikkert dette blir opplevd som betre enn fengselsstraff.

Eg tykkjer det er nyttig å få innspel på sosiale media til saker vi jobbar med på tinget. I dag fekk eg denne Facebook-kommentaren til det aktuelle emnet: "Psykiatri er en sosialvitenskap, og ikke en eksakt naturvitenskap. Dermed blir det alltid tvil, og det er håpløst dersom litt tvil (som det alltid er) skal bety automatisk utilregnelighet. Så groteske handlinger er jo i seg selv “syke”, men vi kan ikke komme dit at du automatisk unngår straff bare handlingen din er tilstrekkelig grotesk."

Eg vil understreke at eg ikkje er nokon ekspert på dette temaet, og at noko av det eg skriv er ukvalifisert synsing. Likevel er det rett å meine noko. Dette handlar ikkje berre om medisinske vurderingar, det handlar også om prinsipp og politikk.

Det er ikkje enkelt å skilje mellom kva som er galskap og kva som er vondskap, og når det er ein kombinasjon av desse. Planlagt og overlagt vondskap bør kunne føre til straff, sjølv om vondskapen framstår som ein gal manns verk. Dersom det ikkje er galskapen, men vondskapen som forårsaker ugjerningane, er det ikkje urimeleg om ein ugjerningsmann må i fengsel.

Du mitt lille Nordmøre

Nordmøre er der eg vaks opp, men ikkje fann rotfeste før i seine ungdomsår. Eg er av dei rotlause som har vorte rotfast, av dei rastlause som har vorte rolegare.

Dette er ei personleg forteljing, der eg tek ein liten omveg om terrorhandlingane som rysta Noreg i fjor. Kan folk frå framande land bli nærare knytt til vårt og mitt lille land som eg vart til mitt lille Nordmøre?

Frå barndommen av visste eg ikkje heilt kva eg var – som barn av to innflyttarar frå Smøla og Trondheim. I og med at mor mi tala trøndersk og eg tok etter ho, prega dialektbruken min også identiteten min. Smitta som ein gjerne blir av foreldra sine, likte eg ikkje nynorsken noko særleg sjølv om eg hadde han som hovudmål frå 1. klasse.

Det var eit gryande medvit om språk og identitet som vaks fram over fleire år som gjorde at eg landa annleis. Norsklæraren min på ungdomsskulen, målmannen Bjarne Finnanger, viste ein slik kjærleik til dette språket som gjorde meg nysgjerrig på kvifor.

Med meir kunnskap om bakgrunnen for nynorsken som motvekt mot det danske språket og embetsmannsveldet, såg eg også ein politisk dimensjon ved språkstriden. Ikkje berre historisk, men også slik nynorsken har utvikla seg fram til vår eiga tid. Makt og motmakt, identitet og folkeleg språk.

Det er ikkje veldig mange som vel nynorsken framfor bokmålet når dei startar på vidaregåande, og endå færre som legg om til breiare dialekt etter eitt år i Oslo. Men det gjorde eg. Eg lånte bøker av Hans Hyldbakk, bygdediktaren vår, tok dei med til hovudstaden og las meg opp på surnadalsdialekta. I og med at eg ikkje hadde tala dette målet, måtte eg ha slik hjelp trass i at eg hadde budd i Surnadal på heiltid frå eg var fødd til eg vart 17 år.

Redselen for at trønderdialekta mi skulle bli fintrøndersk var delvis årsaka til denne endringa. Eg håpa surnadalsdialekta var meir motstandsdyktig mot knoting. Mor mi såg forundra på meg då eg kom heim til jul og hadde kutta ut “æ” for “e” og “å snakk” for “å talla”. Det var det å gå over til å seie ”e” om meg sjølv som var det vanskelegaste, det andre kom fort då eg fekk til dette. Enno i dag, over 15 år etterpå, er eg ikkje heilt stø på dialekta, men viljen har vore og er her.

Det var ikkje berre det at eg ikkje tala surnadalsdialekta som gjorde meg rotlaus i barndommen. Ikkje hadde eg anna slekt enn nær familie i nærleiken. Alle besteforeldra mine hadde gått bort før eg vart fødd. Såleis mangla dei lange linene ein gjerne kan få kjensla av at er der om eldre generasjonar viser vegen frå før til no.

På skulen trivdest eg ikkje noko særleg. Fagleg gjekk det godt, sosialt vart eg utanfor. Slik er det dessverre med ein del ungar, dei har vonde dagar, veker og år på skulen. Når skuledagane er mange og lange blir dette ein stor del av livet, som formar ungar på godt og vondt.

Eg har tenkt mykje på om det å bli mobba og falle utanfor på skulen gjer at tilknytninga til heimkommunen blir mindre enn om ein er inkludert og trivst. Det påverka i alle fall meg slik. Var det noko eg var sikker på, var det at eg ikkje skulle bu i Surnadal når eg vart stor.

Maria Mena sin versjon av songen ”Mitt lille land”, som Ole Paus har skrive, vart songen mange trøysta seg med i tida etter terroråtaka den 22. juli. Det var mykje som rørte meg desse dagane i slutten av juli. Den massive støtten til terrorofra, varmen som folkemengdene strålte ut. Og så vart eg sterkt gripen av alle dei som kjem frå andre land og frå framande kulturar og religionar – når dei så tydeleg uttrykte at dei såg dette som eit åtak på deira land også.

Mitt lille land var deira lille land. Det skulle ikkje vera påfallande at dei tenkte slik. Likevel ga dette meg ei sterk påminning om kor viktig det er at vi inkluderer alle for å kunne ha eit stort, godt norsk fellesskap der vi kan stå saman når noko alvorleg hender.

Rotlaus og rastlaus innvandrarungdom er kanskje litt som eg i barndommen – dei har hamna på ein stad med foreldre som ikkje har vakse opp her og som ikkje talar språket. Om besteforeldra deira ikkje er døde, er dei på den andre sida av kloden. Og dei blir somtid kalt stygge ting i skulegarden og trivst ikkje på skulen. Kva slags tilknytning får desse til landet vårt?

Det er sjølvsagt stor skilnad på det å tala ei anna dialekt og det å ikkje kunne norsk. Eg vil likevel peike på kor viktig nettopp språket er som identitetsberar og identitetsskapar. At alle som kjem til landet får læra seg det norske språket (gjerne nynorsk) er naudsynt dersom identiteten som norsk skal kunne vekse fram over tid. Kjensla av å vera velkomen og inkludert er det same.

Men det blir ikkje av seg sjølv – det krev noko. Det krev noko av oss som skal ta varmt imot andre menneske. Det krev noko av dei som kjem hit frå andre land. Vilje og eigeninnsats må til for å lære seg språket og få kjennskap til kulturen. Å bli integrert er såleis ikkje ein prosess som avheng berre av korleis samfunnet legg opp til det. Det går begge vegar. Hadde ikkje eg gjort eit aktivt val om å lære meg surnadalsdialekta, ønskt å knytte meg nærare til Surnadal og Nordmøre og slå rot der, ville det ikkje vore mitt Nordmøre no.

Eg, som absolutt ikkje skulle flytte tilbake til Surnadal, kjenner no gleda over å ha vorte rotfast. Denne vakre nordmørskommunen har verkeleg vorte heimkommunen min, ein stad eg er stolt av å høyre til. Eg håpar nye landsmenn på same viset kan slå rot i landet vårt og bli glade i det, slik vi fekk sjå at mange var etter at terroren råka oss i fjor sommar. Mitt lille land er meir enn berre mitt.

(Denne teksten har tidlegare vore publisert i tidsskriftet “Du mitt Nordmøre”)

Vondskapens glatte ansikt

Eg sit og ser på direktesendinga frå rettssaka mot terroristen frå 22. juli i fjor. Eg vil eigentleg ikkje sjå og høyre, for sjølv om eg langt ifrå var råka av terroren sjølv, kjenner eg – og mange med meg – eit stort ubehag ved denne saka.

Som medlem i justiskomiteen på Stortinget tykkjer eg likevel at eg bør følgje med. Men også fordi eg som dei fleste andre norske borgarar opplevde attentatet som eit åtak både på enkeltmenneske og på samfunnsordenen vår.

Måten det norske rettsvesenet handterer denne saka på seier mykje om landet vårt. Førebels er det verdig, grundig og med stor respekt for og omsyn til ofra.

Akkurat no fortel statsadvokat Holden korleis Breivik gjekk fram før han skulle sprengje bomba i Oslo sentrum. Vi er mange som meiner at han representerer ein kald og ufatteleg vondskap. Når bilete av terroristen frå der han sit på tiltalebenken blir vist, blir eg uvel. For makan til glatt ansikt og beherska uttrykk på ein kar som høyrer om eigne ekstreme ugjerningar.

At eg blir uvel, er ingenting mot det offer og pårørande må føle denne dagen. Eg håpar dei blir godt tekne vare på. Det er heilt sikkert at dei komande veka blir ei stor belastning for mange.

PST passar ikkje best i öppna landskap

PST-sjef Janne Kristiansen gjekk av i natt. Ho uttalte noko som kan vera gradert informasjon på den opne høyringa om 22. juli på Stortinget i går. Det var rett av ho å gå på grunn av dette.

Eit spørsmål eg likevel stiller meg, er om det er rett at PST skal måtte sitje i ei opa høyring og bli avkrevd svar om forhold som openbart er og bør vera hemmelege.

Det ligg i PST si oppgåve at det dei driv med ikkje skal ut for alle og kvarmann. Dei skal beskytte norske borgarar og myndigheitspersonar mot farer, og for å gjera dette kan ikkje moglege terroristar eller krigshissarar vita alt om korleis dei jobbar.

Samstundes er det klårt at det må vera demokratisk styring med verkemidla dei kan bruke. Personvern, omsynet til enkeltmennesket og målet om eit ope og fritt samfunn må vektast opp i mot moglegheitene dei har for å avlytte folk til dømes.

Eg vil presisere at det er mykje av PST si verksemd som dei kan vera opne om, og at vi ikkje må gå tilbake til tidlegare tiders synder med massiv overvaking.

Men det finst folk der ute som ikkje har denne respekten for andre menneske sine liv og for det demokratiske samfunnet vi lever i. Desse må PST ha midlar og verktøy for å stoppe. Og vi kan ikkje gjera det lettare for potensielle forbrytarar å gjennomføre terror ved at PST må informere for mykje.

Sjølvsagt burde Janne Kristiansen visst at ho skulle sagt “ingen kommentar” – det er det inga usemje om. Men er det også ikkje enkelte spørsmål vi på Stortinget bør vi la liggje?