Viser arkivet for stikkord statsbudsjettet

Gode tal for 2010

La meg seie dette med ein gong: Eg kjem ikkje til å forsvara alt som står i statsbudsjettet for 2010, for det er ikkje alt eg er einig i. Men politikk er det mogleges kunst, og handlar om å ta og gi.

Vi i Senterpartiet har måtta gjeve oss på ein del punkt, men det har sanneleg dei to andre partia måtta også. I fellesskap maktar vi å styre landet på ein god måte.

Det er såleis bra at det vart ei ny raud-grøn regjering – dette betyr at den positive utviklinga av landet vårt kan halde fram. Trass i finanskrise og stigande arbeidsløyse klarar vi å sikre og forbetre velferdsordningane, leggje til rette for ei grønare næringsutvikling og satse på samferdsel.

Nok ein gong har Noreg vorte kåra til verdas beste land å bu i. Vi raud-grøne slår oss ikkje til ro med dette. I statsbudsjettet for neste år ligg det derfor mykje godt.

Nokre døme: 1,3 mrd meir til politi og påtalemyndigheit, noko som legg til rette for ein tryggare kvardag for folk i heile landet. 8 mrd meir til kommunane: Desse midlane gjer det mogleg for kommunane å styrke den lokale velferden – mellom anna i form av fleire sjukeheimsplassar og fleire lærarar.

Innan samferdsel kjem det ei historisk høg satsing som gjer vegane betre framkommelege og sikrare, og som gjer det mogleg for fleire å reise kollektivt.

Som nemnt er det ikkje alt som er perfekt, ikkje i statsbudsjettet for 2010. Eg er til dømes ueinig i at avskrivingssatsane for næringsinvestesteringar vart reduserte no. Og så kunne eg tenkt meg å få fjerna formueskatten på arbeidande kapital sporenstreks.

Likevel er det verdt å minne om at hovudinnretninga er viktig – at det går i rett lei.

Valperiodar er på fire år, og det inneber at vi har fleire år å følgje opp viktige saker på. Eg for min del skal gjera så godt eg kan for å påverke retninga på politikken vidare. Det at eg ikkje er einig med alt i neste års statsbudsjett tek eg derfor som ei utfordring til seinare budsjettprosessar.

Hovudsaka er at det aller meste av det som kjem til neste år er gode satsingar på viktige område for deg og meg som enkeltmenneske og for næringslivet – og dermed også for landet vårt.