Viser arkivet for stikkord stangvikfestivalen

Kunst, kattjammer og kjempeopplevingar

Eg hadde den store ære å opne årets Stangvikfestival i kveld. Her er utdrag frå samlinga med bevinga ord eg tappert prøvde å få til å flyge ut i konsertlokalet på prestegarden:

Kjære Stangvikfestival-entusiastar

Her har vi ein festival som starta for 13 år sidan, men som feirar 10-årsjubileum i år. Det går ikkje heilt opp. Pausane Stangvikfestivalen har teke annankvar sommar sidan 2004, har bidrege til at vi etter kvar festival har venta med lengsel og smerte på neste gong. Og den som ventar på noko godt, ventar som kjent ikkje forgjeves.

No er det enkelte frustrerte og småleie ektepar som etter 10 års ekteskap skal dra til med ei feiring, men som i sitt stille sinn føler at ekteskapet har vart i 13 langdryge år i staden for i 10. Dei har ikkje hatt sjansen til å ta ein pause annakvart år. Eg håpar slike ektepar tek seg ein tur hit til festivalen, så får dei kanskje sprita opp forholdet litt.

Else Bø skriv om nokre festivalminne i programmet, og eit av desse minna kunne gje småleie ektepar ein ide.

Else trekkjer nemleg fram noko som skjedde i åkeren: Då var det ein mannleg festivalartist som i rein begeistring og iver tok et skikkelig Mullah-løft på ei av dei kvinnelege festivalartistane og bar ho – langt! Frå storsalen og langt opp i åkeren. Og ho skriv vidare: “Og det største av dem alle: Da to lykkelige festivalartister fant hverandre i måneskinnet i åkeren en torsdag natt.” Dei to siste er visst saman den dag i dag.

Stangvikfestivalen ber høg kvalitet, med dyktige, muntre og “farsjkåte” deltakarar (korleis ein no skal kunne skrive dette ordet). Og så er jo denne festivalen litt spesiell også då. Det kan bli litt kattjammer, og innvevd i musikken har vi høyrt rop og lydar som ein ellers oftast høyrer på lukka institusjonar. Kva er det då som gjer at folk gler seg og kjem att år etter år?

Eg tykkjer det som står i programmet med få ord seier det meste: “Her på Stangvikfestivalen finst berre to typar musikk: Fin musikk og støgg musikk – og vi likar begge!”

På tidlegare festivalarrangement her i Stangvika har eg teke meg i å like tonar og utonar som eg elles ville grine stort på nasen av. Slik er det nok med fleire også, og såleis utvidar vi horisonten vår for kva som er god musikk og god kunst – og blir nokre interessante opplevingar rikare. For om vi tykkjer det er aldri så støgt noko av det som kjem, er interessant uansett eit høveleg ord.

Og så er det då utruleg mykje vakkert vi får høyre og oppleva også. Suksessfaktoren ligg kanskje nettopp i denne salige blandinga av det som venleg, vart og vakkert rører ved oss og det som utfordrar oss. Alvoret i det og humoren i det.

Vi likar dessutan det at Trygve Brøske og co viser så tydeleg at dei er knytt til Stangvika og Nordmøre, og at dei andre artistane synest å vera påverka av dette. I programmet las eg at oppdikta Johan Tarmvik i Tøytabladet har sagt om “Spelet om Ainslestarmvika”: “Dette var totalt ubegripelig. All dialog foregikk på et nesten uforståelig trøndsk språk og det eneste vi skjønte var at det handlet om drap, landbruksredskaper og en merkelig musikkfestival!”

Eg har eit ønske om å tala surnadalsk så konsekvet som mogleg sjølv, nettopp fordi dette for meg handlar om identitet. det å høyre til og om det å ikkje gjera seg til. Det er det stort sett godord å få om. Men somtid absolutt det motsette.

Eg fekk ein e-post frå ei Ragne frå den penere delen av Østlandet for eit par veker sidan, etter at eg hadde delteke i ein radiodebatt. Der stod det: “Du har sikkert fornuftige meninger, men hvem kan vel egentlig vite det. Jeg må bare få si at du snakker altfor mumlende og uforståelig, noe som vestlendinger har en stygg tendens til. Jeg vil sterkt anbefale deg å søke hjelp.”

Vi veit jo alle at han Trygve og også Henning Sommerro som skal opptre seinare i festivalen talar brei dialekt. Anbefalinga mi til dei er: For all del ikkje søk hjelp!"

Det er alle dei gode hjelparane som gjer det mogleg for oss å få ta del i denne musikalske og kunstneriske storhendinga annakvart år her i ei av dei aller finaste bygdene på indre Nordmøre.

Rundt velvillige og ivrige kunstnarar arbeider eit stort kobbel av velvillige og ivrige dugnadsfolk. Desse består av lokalpatriotar og av andre surnadalingar, og ikkje minst også av hyttefolket. Det ser ut for at mange av hyttefolket også har vore lokalpatriotar her i Stangvika. Saman med lokale frivillige gjer dei ein stor innsats, står i baren, lagar lunsj og middag til festivaldeltakarane og mykje meir. Dei blir inkluderte og inkluderer seg sjølv, og er ein stor ressurs for oss, som Lars Inge Kvande så fint sa det til meg tidlegare.

Eg vil lesa eit dikt av Jan Magnus Bruheim:

Den annsame

Han har ikkje tid til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje det var å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.

Alle som i fellesskap løfter fram denne festivalen til glede for oss andre er annsame på eit heilt anna vis enn han karen Bruheim skriv om her. Sjølvsagt er det travelt å stå på før, under og etter eit slikt arrangement, men det er snakk om fine møte mellom menneske, gleder som finst her og no og mykje meining i det som blir skapt. Eg vil takke desse på vegne av oss alle som skal få store opplevingar denne helga, og ønskjer både aktørane og publikum ei riktig fin kulturhelg i Stangvika.

Og så til alle som har lese dette: Dra på eit eller fleire av arrangementa på festivalen i helga. Og kan de ikkje i år, har de eit nytt høve om to år. Sjekk www.stangvikfestivalen.no