Viser arkivet for stikkord språkopplæring

Lære utan lærar?

Elevar i barneskulen kan raskare lære å lesa dersom dei ikkje må skrive med papir og blyant det første skuleåret, i følgje ein interessant artikkel i Dagsavisen nyleg.

Altfor mange ungar går ut av ungdomsskulen utan å kunne lesa og skrive skikkeleg. Mange kan ha god nytte av at lese- og skriveopplæringa blir endra i takt med at nye, gode metodar blir utvikla.

Metoden Dagsavisen skriv om, går ut på at ungane ser ein bokstav på skjermen og samstundes høyrer lyden. Når dei prøver å setje saman bokstavane til ord, får dei høyre resultatet etter kvart, og finn raskt ut om det er rett eller feil. Er det feil, må dei jakte på rett skrivemåte, og høyrer når dei har funne den.

Eit godt dataprogram, tastatur og høyretelefonar er midla ein kan bruke. Eg har stor tru på dette, og meiner at ein i større del av språkopplæringa burde bruke gode språkkurs på pc.

Eg har eigne erfaringar med dette når det gjeld framandspråk. Eg har heile tida vore heldig med lærarane mine i engelsk og tysk, og har vore relativt flink skriftleg.

Munnleg har det derimot vore verre: pratsame Jenny har vore tause Birgitte. Men dei gongane eg i vaksen alder har hugsa å bruke det fine engelskkurset eg har skaffa meg på pc-en, merkar eg stor framgang. Hadde eg kunne brukt eit slikt som barn, ville eg kanskje vore mindre av ein Thor Heyerdahl i engelsk uttale i dag.

Undervisning frå gode lærarar må vi aldri slutte med, og sjølvsagt skal ungane lære seg å skrive med blyant tidleg. Pc bør likevel brukast som eit effektivt supplement.

Når vi arbeider med ord og setningar skriftleg eller munnleg i eit målretta språkkurs på pc, får vi rask respons på kva som er rett og gale. Vi får prøve oppatt og oppatt til det blir rett.

Når det endeleg blir rett kjem det eit lystig pling frå datamaskina og venleg skryt. Og er det noko som verkar stimulerande for lysten til å lære meir, er det nettopp rask tilbakemelding.

Eg håpar leiarane i skuleverket er opne for å endre litt på måten ungane lærer norsk og framandspråk på. Resultatet kan langt fleire ungar og ungdommar som kjenner gleda ved å lesa og skrive i staden for frustrasjonen ved å mislukkast.