Viser arkivet for stikkord skjenketider

Frp og fri flyt av fyll

Roger Hagen frå det såkalla Fremskrittspartiet bekymrar seg for at kommunane skal få innskrenka sjølvråderetten sin når regjeringa og underteikna går inn for å avgrense den maksimale skjenketida frå kl 03 til kl 02. At Hagen meiner det kommunale sjølvstyret står og fell på ein time meir eller mindre skjenketid, blir ein smule komisk.

Frp er elles ikkje dei som er mest opptekne av det lokale folkestyret. Tvert imot vil politikken deira føre til meir sentralisering og langt mindre lokaldemokrati. Men fri flyt av alkohol er dei for. Vinmonopolet skal vekk. Helst skal bensinstasjonane også kunne selje alkohol.

Dette er ikkje Senterpartiet samd i. Vi ønskjer eit tryggare samfunn med mindre alkoholrelaterte helseproblem og skader. Offentlege myndigheiter må gjera nødvendige grep for å oppnå dette.

På Island har talet på valdsrelaterte skader på nattestid i helgene auka etter at skjenkebestemmelsane vart kraftig liberaliserte i 1999. Politimeistrane i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim ba i 2007 sine ordførarar om å redusere skjenketidene. Som ein digresjon: Det er altfor mange ungar som opplever at foreldra drikk for mykje og ofte. I den grad desse foreldra blir edru ein time tidlegare om morgonen, vil det vera ein fordel både for dei sjølve og ungane.

Tidlegare heim - mindre vald

I Kristiansund erfarer politiet at innstramma skjenketider har gjeve mindre bråk og vald nattestid. Eg meiner bestemt at den maksimale skjenketida bør kuttast ned i heile landet.

Tidens Krav skriv 17. august om dei positive følgjene av at utestadene må stengje tidlegare. Det er snakk om berre ein time, frå kl 03.00 til kl 02.00. Men resultatet er tydeleg. Det har ikkje vorte meir bråk og vald tidlegare på kvelden enn før. Derimot har talet på valds- og ordensforstyrringar knytt til uteliv vorte merkbart redusert totalt sett.

Det er viktig å gjennomføre tiltak for å hindre vald, men det er ikkje alltid lett å vita kva som har effekt. Erfaringane frå Kristiansund og fleire stader som har innført kortare skjenketider viser at slike innstrammingar vil kunne spara mange for å bli valdsoffer. Vi ønskjer heller ikkje at køene for å sone i fengsel skal auke igjen. Færre valdsepisodar er positivt også i så måte.