Viser arkivet for stikkord skattelistene

Mindre snoking i skattelistene

No har det endeleg skjedd: Finansdepartementet gjer framlegg om å stramme inn på høvet til å publisere skattelistene. Målet er å sikre fortsatt openheit og innsyn, men innanfor klårare rammer som skal førebyggje misbruk av opplysningane.

Utviklinga dei siste åra har vore urovekkjande. Mobile kriminelle har lett kunne finne ut kor dei med høg formue bur. Opplysningane har vore brukt til til mobbing skuleelevar i mellom og som grunnlag for id-tjuveri. Dessutan har det nok utvikla seg ein lite heldig snokekultur som ikkje har noko opplagt demokratisk føremål.

Det er viktig å prøve å finne ein balanse mellom på den eine sida omsynet til den enkelte og personvernet og på den andre sida nytteverdien av offentleg innsyn. Framlegget frå regjeringa inneber ikkje at retten til innsyn i skattelistene blir fjerna, men det blir sett nokre grenser for korleis dei blir publiserte.

Det gjenstår å sjå korleis dette vil fungere i praksis. Kanskje går ikkje framlegget langt nok, men det ser ut for å vera eit godt kompromiss som imøtekjem ulike omsyn. Uansett er eg overtydd om at det no er på høg tid å setje grenser for bruken av skattelistene, og er glad for at det blir teke grep.

Her er eit innlegg eg har skrive tidlegare om temaet skattelister:

http://jenny.origo.no/-/sandbox/archive/242326_klinge-pa-tinget?tag=skattelistene

For lett å finne skatten

Eg vil slå eit slag for ei ordning der ein må registrere seg når ein sjekkar likningstala til andre menneske. Nysgjerrigheita mi ville i alle fall ha vorte tøyla litt, og aller viktigast: ei slik registrering ville truleg avskrekke folk med kriminelle hensikter. Då ville det ikkje vore like enkelt for tjuveribandar å leite seg fram til kven som har størst formue og dermed kor dei kan finne skatten…

Skattelistene er kjekt underhaldningsstoff, og er fristande å snoke i. Eg skal absolutt ikkje påstå at eg er betre enn andre – eg snik meg til å sjekke likninga til somme utvalte kvart år. Somtid blir det så eg lurer stort på kva som gjer at somme typar arbeid ser ut for å vera så utruleg mykje betre betalt enn anna arbeid. Men så minner eg meg sjølv på at det jo er mykje som ikkje kjem fram i desse tala, at ein rett og slett ikkje kan ta dei for god fisk.

Like fullt blir dei brukte til anna enn som underhaldning også. ID-tjuveri blir gjort lettare ved at opplysningane ligg fritt ute på nettet, ikkje berre for nordmenn, men også for menneske alle andre stader i verda som finn interesse i desse opplysningane om oss naive nordmenn.

Mobile kriminelle som lett vil finne ut kva slags bustadhus det kan løne seg å gjera innbrot i, kan ta ein rask kikk i skattelistene, finne adressene til tilsynelatande velståande menneske på telefonkatalogen.no og laga ei fin lita reiserute som kan gi maksimalt utbyte.

Den norske tradisjonen for at skattelistene skal vera tilgjengelege for allmennheita, er det sikkert mykje godt å seie om. Men det er ein viss (stor) skilnad på at listene tidlegare låg til fritt ettersyn nokre veker på likningskontoret og at dei no blir spreidde på nettet. Alle moglege menneske med alle moglege hensikter kan via nokre tastetrykk finn ut veldig mykje om deg som kan misbrukast.

Eg meiner regjeringa må vurdere måtar å offentleggjera skattelistene på som samstundes ivaretek omsynet til den enkelte borgar sitt personvern og hindrar misbruk av opplysningane. At det blir registrert kven som har vore inne og sjekka likningstala dine, burde ikkje vera for mykje forlangt.

Snoking og datalagring

Datalagringsdirektivet – berre ordet framkaller langtrukne gjesp hos dei fleste. Offentleggjering av skattelistene, derimot, framkaller både tastaturkløe og debatt.

For alle som er opptekne av personvern, er det grunn til å sjå både dette EU-direktivet og det norske regelverket for bruken av skattelistene etter i sømmane – og i samanheng.

Personvern er å verne om menneske sin rett til å ha ei privat sfære. Å verne om denne retten inneber å forhindre at somme kan snoke og misbruke opplysningar om forhald dei ikkje har noko med.

Datalagringsdirektivet og måten skattelistene blir offentleggjorte på gjer slik snoking lettare og svekkjer dermed personvernet.

Skattelistene som florerer på nettet, gjer det mogleg å sjekke opp kva alle og einkvar tener, har i formue og kva vi har bidrege med til fellesskapet i form av skatt.

Tilgangen til desse opplysningane vekkjer debatt kvart år, men i år har det kome nye perspektiv inn i debatten. Tilleggsapplikasjonar på Facebook gjer det mogleg å få opplysningar om alle venene dine samla, ein illustrasjon på at det er kikkarmentaliteten og ikkje samfunnsnyttig openheit som er føremålet til dei fleste som ”sjekkar likninga”.

Det er også auka merksemd om at misbruk av desse svært lett tilgjengelege opplysningane fører til at ein kan bli offer for ran, id-tjuveri og mobbing.

Med datalagringsdirektivet vil teleoperatørane og internettleverandørane sin rett til å lagre trafikkdata i inntil tre månader bli erstatta av ei plikt til å lagre i minst 6 månader og inntil to år.

Hensikta vil ikkje lenger vera berre å lagre grunnlag for fakturering, men at opplysningane skal kunne brukast i politietterforsking. I første omgang skal ikkje innhaldet i samtalar og e-post lagrast. Men både når, kor og med kven ein kommuniserer per telefon og på nettet skal lagrast. Argumentet for endringa er at den kan bidra til å gjera etterforsking av alvorleg kriminalitet lettare.

Likevel er det sterke grunnar til å vera skeptisk. For det første har vi dei rettslege prinsippa om at ein er uskuldig til det motsette er bevist. Godtek vi dette direktivet, vil vi godta eit prinsipp om at alle er potensielt skuldige til ei kvar tid og mistenkte til det motsette er bevist innanfor ein periode på to år.

For det andre er det viktig å hegne om ytringsfridomen og retten til å leva frie liv under ansvar. Å vita at det i så lang tid blir lagra opplysningar om kven du har kontakt med og når, og usikkerheita kring kven som vil kunne få tilgang til opplysningane, vil openbart kunne setje begrensingar for kommunikasjonen mellom menneske i kvardagen.

Politiet har i dag høve til å overvåke personar som er under mistanke i straffesaker, også trafikk frå telefonar og pc-ar. Datalagringsdirektivet har som føremål å leggje til rette for at politiet kan avdekkje alvorleg kriminalitet, eit omgrep som det er opp til kvart enkelt land å definere rekkevidden av.

På same måte som med skattelistene er det vanskeleg å sjå for seg nokre avgrensingar i den informasjonen som direktivet vil påleggje teleselskapa å lagre. Og når kjem argumentet om at vi i den norske tradisjonen for openheit må tillate innsyn i kven vi ringjer til og kor vi oppheld oss?

Datalagringsdirektivet kan føre til langt meir omfattande overvaking enn det tilhengjarane av direktivet i dag erkjenner, og auka risiko for misbruk av personopplysningar.

Når teleoperatørane verken har tradisjon for å lagre ein så stor mengde informasjon, og heller ikkje er garantert ein kompensasjon for auka utgifter, er det grunn til å frykte at det vil gå på sikkerheita laus.

Det vil alltid finnast menneske eller grupper som av ulike årsaker har interesse av å finne ut mykje om nokon. Dei vil kunne bruke denne informasjonen til å gjennomføre kriminelle handlingar. I så måte kan vi utilsikta få meir og ikkje mindre kriminalitet ut i den andre enden.

Vi skal ikkje godta prinsippet om at vi alle blir mistenkeleggjorte og overvaka i form av ei massiv og langvarig lagring av trafikkdata. Ei heller bør vi godta at skattelistene blir offentleggjorte på det viset dei blir i dag. Men vi skal openbart også i framtida kunne bruke informasjon frå trafikkdata til å ramme alvorleg kriminalitet. Det har politiet allereie høve til, og vi skal vera opne for å utvide og vidareutvikle dette.

Samstundes må vi våge å setje grenser. Teknologiutviklinga går på mange område føre utviklinga av lovverket. Det er særs viktig med ei bevisst haldning til korleis vi let ny teknologi påverke oss.

Målet må vera at den teknologiske utviklinga kjem til samfunnsmessig nytte, og ikkje blir ein trussel mot grunnleggjande verdier som ytringsfridom og personvern.