Viser arkivet for stikkord sentralisering

Legg kommunereforma daud

Det har vore nok av truslar og press frå regjeringa og kommunalminister Sanner som kunne ha medført ja-fleirtal i folkerøystingane i kommunane – sjølv om folk eigentleg ikkje var så lystne på samanslåingar.

Fleirtalet av folkerøystingane i kommunane i Møre og Romsdal, som er heimfylket mitt, viser at innbyggjarane også her har vore modige nok til å ha tru på sin eigen kommune. Signalet er klårt: Fleirtalet ønskjer ikkje reforma til Sanner. Det finst ikkje ein stor samanslåingsiver i det vakre og mangfaldige fylket vårt.

Det er nok fleire grunnar til det. Mellom anna har mange sett at kommunereforma til regjeringa ikkje er ei reform for betre skule og betre helsetenester, men ei reform for sentralisering. Og sentraliserer ein, får ein meir sentralisering.

Folk har truleg også forstått at alt ikkje blir betre berre det blir større. Dei fleste undersøkingar viser då også at det er i dei minste kommunane innbyggjarane er mest nøgde med dei store og viktige tenestene som kommunen leverer.

Folk ønskjer å ha nærleik til skulen sin, til omsorgsbustadane. Og dei vil vera nær dei som skal ta avgjerdene om kva veg kommunen og lokalsamfunnet skal ta i tida som kjem.

Folk rundt om i kommunane i heile Noreg har begynt å stille kritiske spørsmål til kommunereforma: Blir lokalsamfunnet mitt verkeleg i mindre grad ein utkant viss kommunen min slår seg saman med ein annan? Kva vil skje med representasjonen vår i kommunestyret i ei ny storkommune? Kva vil skje med arbeidsgivaravgifta om vi slår oss saman med nabokommunen? Vil ungane våre framleis få moglegheita til å gå på ein skule i nærleiken? Vil dei eldre få lov å bli gamle på ein aldersheim i nærleiken, eller vil denne også bli lagt ned og sentralisert?

Høgre har vore tydelege på at dei vil gjennomføre ei kommunereform, men dersom målet var massive samanslåingar, har dei ikkje lukkast i gjennomføringa så langt. Reforma er eit uforsvarleg stressopplegg med korte fristar, og reforma har attpåtil begynt i feil ende. I staden for å sjå på oppgåver og tenester har regjeringa fokusert på samanslåing og struktur.

Det er prisverdig at fleirtalet av innbyggjarane i mange kommunar har hatt mot nok til å stå imot eit utidig tidspress frå regjering og fylkesmann, og at dei ikkje har latt seg skremme av økonomiske truslar eller utspel om mogleg tvang. Fleire og fleire meiner at kommunereforma er ein fiasko, men kampen for lokaldemokratiet og dei gode og nære tenestene i kommunane våre er diverre ikkje over.

Sanner og co kjem garantert til å kome med nye truslar og nye metodar for å tvinge gjennom samanslåingar. Inntektssystemet som Sanner truar med og som etter sigande vil føre til dårlegare økonomi i fleire kommunar, har fått mange til å tru at det ikkje er nokon veg utanom ei samanslåing. Då er det viktig å hugse på at inntektssystemet er vedteke med knappast mogleg fleirtal på Stortinget, og at det om litt over eit år er val igjen.

Eit inntektssystem varer med andre ord ikkje evig, men legg ein ned kommunen skal det mykje til for å reversere det. Dessutan: viss vi trur Sanner sitt inntektssystem held fram, og vi går inn i ein større kommune i håp om å behalde nokre millionar, er det jo denne nye, store kommunen som skal disponere desse millionane i det store, felles budsjettet. Då er det lite sikkert at pengane hamnar der ein håpar.

Senterpartiet er ikkje mot at kommunar som har fornuftige grunnar til å slå seg i hop gjer nettopp det viss dei får godkjentstempel frå innbyggjarane sine i tillegg. Men vi er mot at ei kommunereform skal bli pressa gjennom ved hjelp av truslar og ved hjelp av påstandar om fordelar ved samanslåing som ikkje heng på greip.

Innbyggjarane i Møre og Romsdal og i resten av landet har talt, og regjeringa bør no respektere dette ved å leggje kommunereforma daud.