Viser arkivet for stikkord senterpartiet

Kaos og leiarskifte

Det er ein smule kaos i vårt kjære Senterparti for tida. I dag varsla leiar Liv Signe Navarsete at ho vil be sentralstyret støtte at det blir eit ekstraordinært landsmøte, og at ho stiller plassen sin til disposisjon.

Samstundes står det i fleire media at fleirtalet i sentralstyret truleg ikkje er samde i dette. Dei vil kanskje gå inn for at ho blir sitjande til 2015.

Eg har meint at det viktigaste nødvendigvis ikkje er om ho går av allereie i år eller neste år på det ordinære landsmøtet, men at det trongst ei avklåring om at ho kjem til å gå av.

Det er sterkt beklageleg at eit leiarskifte skjer på dette viset, og eg kjenner meg ikkje tilpass med at eg sjølv er blant dei som må uttrykkje at eit leiarskifte er nødvendig. Liv Signe Navarsete har vore ein fenomenalt flink statsråd i 8 år, ho har oppnådd mykje, og har ein arbeidskapasitet og stå-på-vilje som er beundringsverdig.

Derfor er det synd at det skal ende med eit slikt kaos som no. Men det er ein leiars lodd å måtte ta ansvar ved å gå viss det kjem ei tilstrekkeleg stor krise som ikkje kan løysast ved å halde fram.

Kanskje ville situasjonen ha roa seg tilstrekkeleg viss ho hadde førehandsvarsla at ho går av i 2015. Då hadde vi unngått eit ekstraordinært landsmøte, og opprøret kunne ha slukna. Men det var vel for seint å ta dette grepet no som alt har vorte sett på spissen? Vi får sjå kva sentralstyret meiner.

For meg framstår det i alle fall som idioti og slett spel når somme meiner Ola Borten Moe må gå av som nestleiar dersom leiaren går. Både han og Trygve Slagsvold Vedum er viktige for framtida til partiet, og bør halde fram i leiinga.

No er det på høg tid at vi får arbeidsro, både politikarane våre lokalt, i fylka og på Stortinget. Og ikkje minst medlemmane og dei som er einige i politikken vår. Dette kaoset overskuggar alt.

Med politikken til den nye regjeringa er det høgst nødvendig at vi står på mot nedbygging av matjorda og landbruket, mot tvangssamanslåingar, for samferdselsutbygging som kjem heile landet til gode, og for gode velferdstenester i alle kommunar.

Lojal rojal?

Kronprins og politisk supertalent, karismatisk, kontroversiell og eigenrådig. Ord som dette blir brukte om Ola Borten Moe, som valkomiteen i Senterpartiet einstemmig tilrår som ny nestleiar. No skal han bli lojal også, skriv avisene. Er dette bra?

Påstanden min er at vi treng fleire rabagastar i politikken, ikkje færre. Det vil vera eit tap for norsk politikk om Borten Moe (mot formodning) skulle slutte seg til rekkene av alle taleføre som etter kvart blir meir og meir teieføre.

Debattane om rolla til dei folkevalte er ikkje like mange og intense som debattane om eigedomsskatten og hijab. Men dei er langt ifrå mindre viktige. Stortingsrepresentanten som i kraft av sitt mandat talar med ei eiga og sjølvstendig røyst er ei nødvendig motvekt mot styrken embetsverket har i statsforvaltninga. Dersom Stortinget som lovgjevande og løyvande makt skulle tape kraft som premissleverandør for utviklinga i norsk politikk, ville det svekkje folkestyret.

Ei fleirtalsregjering gjer dette endå viktigare. Sjølvsagt er det viktig at dei tre raud-grøne partia har ein synleg felles politisk målsetnad og ein stø kurs. Det er imidlertid sagt at ro og orden kan vera ein større trussel mot demokratiet enn uro og uorden.

Bernt Aardal har uttalt at Ola Borten Moe får “opprykk på prøve”, at nestleiarvervet blir ein test på om han klarar å opptre “samlende og fornyende, ikkje splittende”. Ja og jo, det er vel noko i det. Men om eventuelle nye kontroversielle utspel verkar splittande eller samlande er mykje opp til oss andre i partiet.

Og statsministerens kontor må også tåle at dei raud-grøne stortingsrepresentantane er aktivt med i samfunnsdebatten. Dette får ein ikkje alltid inntrykk av at er tilfellet. Dersom vi tør å gå ope inn i debattane som enkeltrepresentantar med meiningars mot dreg opp, vil dette styrke og ikkje svekkje partiet og regjeringa. I alle fall vil det styrke demokratiet.

Politikk må vera dynamisk. Dynamikken er det menneske som må skape. Politikarar skal ikkje berre krangle om storleiken på budsjettløyvingane. Dei beste av oss har mot og evne til å påverke den politiske tenkinga i landet ved å vera søkjande og frittalande og gå aktivt inn i den offentlege samtalen. Ola Borten Moe har dette motet og denne evnen.

Eg er imot dersom føresetnaden for å vera med vidare i den politiske leiinga i Senterpartiet er at desse eigenskapane skal undertrykkjast for den misforståtte verdien av å vera lojal. Og eg trur at mange fleire deler denne motstanden. Det trur eg fordi det i partiet er massiv støtte for Borten Moe sitt kandidatur trass i tidlegare kontroversielle utspel.

Denne støtten har han ikkje fått fordi han opptrer som ein føyeleg marionett. Sjølvsagt kan han pusse på korleis og når han fremjer nye tankar og framlegg. Men han bør ikkje og treng ikkje bli altfor lojal for å erobre trona på sikt dersom målet er eit dynamisk Senterparti med vekstpotensial.

Senterpartiet beste vegpartiet!

Sjå denne:

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article3250467.ece

Senterpartiet blir i Aftenposten i dag kåra til det beste vegpartiet av Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Vi i Senterpartiet presenterer oss gjerne som eit samferdselsparti. Å få ei stadfesting på at vi er det beste vegpartiet, er sjølvsagt oppmuntrande.

Vi går til val på at satsinga på veg skal halde fram og trappast ytterlegare opp. Ein samferdselsminister frå Sp den største garantien for ein betre vegstandard dei neste åra.

Fylka får til neste år ein milliard meir til dei vegane dei får overført frå staten enn det staten sjølv brukar på desse vegane i 2009. I tillegg til desse pengane vil vi kjempe for at dei får tilført ein ekstra asfaltmilliard kvart år framover. Vegane er altfor mange stader i for dårleg stand, og ei slik løyving vil bety mange kilometer veg med nylagt asfalt .

Opplysningsrådet for Veitrafikken (OTV) slår fast at vi også er best på miljøtiltak. Dette er hyggeleg å lesa, fordi vi altfor ofte blir skulda for å tenkje for lite på miljøet når vi byggjer vegar. Men i Senterpartiet har vi ein klår politikk på å satse på jarnbane der det bur mest folk og biltrafikken er eit problem, medan vi byggjer vegar der jarnbane ikkje er noko alternativ. Vi er opptekne av å gjera bilparken meir miljøvenleg, og går derfor m.a. inn for ein høg vrakpant på 40 000 kroner om ein byter til miljøbil.

Eg meiner likevel at vi kan bli endå flinkare til å satse på busstransport, og kjem til å jobbe for stimuleringsmidlar til bussruter rundt om i fylka.

Timeekspressruter er ein suksess mange stader, men store delar av landet manglar eit godt busstilbod. I område der busselskapa meiner det er for stor risiko i å etablere nye ruter, bør det derfor finnast ei støtteordning som fylka kan søkje frå til å prøve ut nye tilbod.