Viser arkivet for stikkord samhandlingsreforma

Helsebyggjande samhandling?

Både sjukefråværet og den komande samhandlingsreforma er mykje drøfta for tida. Muskel og skjelettlidingar står bak mykje av sjukefråværet. Eg meiner diskusjonen førebels ikkje tyder på innhaldet i samhandlinga vil bli god nok for å førebyggje nettopp desse lidingane.

Tanken bak samhandlingsreforma er at kommunane skal drive førebygging mykje meir aktivt enn i dag, og behandlinga av sjuke og folk som treng rehabilitering skal gå føre seg lokalt så langt som råd. Veksten i helsetenestene skal heller skje i kommunane enn i helseføretaka.

Så langt alt vel. Men kva vil kommunane leggje i det å førebyggje og behandle? Eg har fleire gongar lufta tanken om at m.a kiropraktorar og naprapatar må inviterast inn i denne samhandlinga for at vi skal oppnå at færre blir sjuke og dermed færre sjukemeldingar. Reaksjonane er gjerne lunkne. Årsaka til dette er for meg uforståeleg.

Sjølv går eg til naprapat 2-3 gongar i månaden for å halde meg i jobb, men det kostar ein halv tusenlapp per gong. Blir ein sjukemeldt, har ein full løn, og det er vel og bra. Men dersom ein gjer ein innsats for å unngå å bli sjukemeldt eller for å koma seg tilbake i jobb i form av å gå til behandling, kjem ein dårlegare ut økonomisk.

Behandlinga kostar ganske mykje, medan andre helsetenester (som eg er så uærbødig at eg påstår at somtid har dårlegare effekt), er billige eller gratis fordi staten dekkjer kostnadene. Eg meiner det er verdt det å betale for behandlinga sjølv, men det er ikkje alle som tek seg råda til det eller som er kjent med at det er mogleg å få god hjelp.

Behandlingstypar som har god effekt mot muskel- og skjelettlidingar burde fremjast og ikkje hindrast. Derfor meiner eg det er viktig at legar har kunnskap nok og positiv vilje til å henvise pasientar til slik behandling. Og eg meiner kommunane bør invitere yrkesgrupper med ulike tilnærmingar til førebygging og behandling til å bistå når arbeidstakarar treng tilpassingar og oppfølging for å halde seg i jobb.

Dette vil vera god samhandling i praksis. Og resultatet vil bli fleire som lever betre liv og som klarar ut med og trivst på jobben.