Viser arkivet for stikkord samferdsel

Skremselspropaganda?

Det er skrekkeleg korleis det som i valkampen vart omtalt som skremselspropaganda frå oss raud-grøne har vist seg å stemme. Vi i Senterpartiet åtvara velgjarane mot at ei blå regjering ville svekkje landbruket, byggje ned matjord og drive ein distriktsfiendtleg politikk. Høgre og Frp trong berre nokre få veker på å vise at vi hadde rett.

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) opnar no for storstilt nedbygging av matjord, td i Akershus, der IKEA skal få breie om seg 70 dekar med høgkvalitets matjord. I Trondheim vil ho la 1000 dekar blir bygd ned.

Listhaug seier at spørsmålet om jordvern må vegast opp mot «storsamfunnets behov». Denne såkalte landbruksministeren veg jordvern og matproduksjon opp mot møbel- og teppesal, og det siste vinn for «storsamfunnets» del. Kva er dette anna enn knefall for heilt andre krefter enn dei som vil byggje landet og tryggje matvareberedskapen for framtida? Og tener det eigentleg storsamfunnet?

I iveren etter å drive ein offensiv samferdselspolitikk, som i seg sjølv er veldig bra, tek regjeringa mange millionar frå næringsutviklingsmidlar i heile landet. Dei tek vekk pengar frå tunnelvedlikehald på veg for å finansiere vedlikehald på jarnbane.

Dei kuttar i viktige verkemiddel for at landbruket skal vera livskraftig landet rundt. Regjeringsskiftet ga nok veljarane ei etterlengta endring i statsrådsfjes, men eg trur ikkje at fleirtalet av innbyggjarane nødvendigvis ønskjer ein slik politikk som den mørkeblå regjeringa kjem til å valse fram med.

Ei storstilt sentralisering av kommunar, politi, tingrettar og nedbygging av landbruket og distriktsnæringar er i alle fall ikkje noko som tener framtida, viss ein då ikkje innbiller seg at alt viktig skjer i storbyane.

Når dette innlegget framstår som ein smule pessimistisk, er det verdt å minne om at realisme og pessimisme somtid høyrer saman. Det var fullt på sin plass at vi før valet åtvara mot ei ny regjering. Dessverre.

Undervegs til betre vegar

Samferdselsministeren får pes i avisene i dag. Rot på jarnbanen og dårleg vedlikeheldte vegar skapar frustrasjon og sinne blant mange. Det siste er forståeleg, men å skyte på ei av mange i Senterpartiet som har kjempa fram ei 50 prosents auke til samferdsel, tener ikkje saka.

Føremålet må vera for det første å sørgje for at planrammene i Nasjonal transportplan blir fulgt opp i dei årlege statsbudsjetta. Denne plana vart då vi la ho fram i 2009 omtalt som særs ambisiøs med historisk høge rammer.

For det andre må målet vera å skape ei forståing også i andre parti enn Sp for at det å satse på samferdsel er å bidra til næring- og samfunnsutvikling i heile landet. Vi må ta alle ressursar i bruk for å sikre velferdssamfunnet for framtida. Vi i Sp er glade for og stolte av auken vi sørga for til veg og bane, men vil heile tida vidare. Det må koma meir pengar til vegane, vi kan ikkje akseptere store hol og farlege spor verken på dei statlege vegane eller fylkesvegane. Derfor må auken til fylkesvegane også bli monaleg større.

Vi er altså undervegs til betre vegar og ein meir presis og raskare jarnbane, men takten må aukast.

Vegen å gå for betre vegar

Vi treng betre vegar her til lands. Og ferjene – om dei er aldri så sjarmerande – må avløysast av fastlandssamband mange stader. Kvifor investerer vi ikkje meir i samferdsel av oljepengane våre i staden for å plassere dei i utanlandske aksjar?

Arena Møreaksen vart arrangert nyleg – ein konferanse om korleis ein kan få realisert fleire vegprosjekt og med uttalt mål om ein ferjefri kyststamveg på sikt. Hovudtemaet var kost-nytte-analysane som blir nytta; om og korleis ein kan laga betre analyseverktøy for å vurdere samfunnsmessig meirnytte av å investere i infrastruktur.

Det enkle og vanskelege svaret er at jo, det er mogleg å utvikle betre metodar, men at det uansett handlar mest om at fleire toneangjevande politikarar må ha visjonar og tru på at det å satse på samferdsel løner seg. Betre argument om meirnytte vil forhåpentlegvis gje fleire av oss denne trua. Men vi bør også lytte til næringslivsaktørar og lokalpolitikarar som jobbar målretta for enkeltprosjekt. Dei gjer ikkje dette utan grunn.

Kva er så vegen å gå for å få bygd fleire og betre vegar? Visjonar og tru har eg nemnt. I tillegg må vi tenkje annleis om bruken av oljefondet. Føremålet med handlingsregelen er at det hovudsakleg er avkastninga vi skal bruke av i statsbudsjettet. Det er mest utdanning, forsking/utvikling og infrastruktur vi skal nytte desse pengane til. Sjølv om den raud-grøne regjeringa har all grunn til å vera stolte av å ha auka rammene i Nasjonal transportplan med 50 prosent og ikkje minst at vi følgjer opp lovnadene om å auke satsinga på samferdsel i dei årlege statsbudsjetta, er det definitivt meir å gå på.

For å få ein ferjefri kyststamveg/E39, på sikt må store og dyre prosjekt gjennomførast. Det er all grunn å vurdere å opprette rentefrie låneordningar eller fondsordningar. Fylka har fått moglegheit til å søkje om rentefrie lån frå ein pott på 2 mrd årleg, og noko liknande burde innførast for ferjeavløysingsprosjekt på dei riksvegane. Betalingsviljen for bompengar er stor på slike prosjekt, alternativet er jo å betale ferjebillett til evig tid. Men det er rimeleg at bombrukarane slepp å betale rentekostnader.

Staten kan ikkje gå av med pensjon om nokre år. Oljefondet må derfor i større grad nyttast til å stimulere til vekst og verdiskaping innanlands. Å satse på samferdsel er å leggje til rette for nærings- og samfunnsutvikling – og for framtidas velferdssamfunn.