Viser arkivet for stikkord rovdyrforlik

Politisk spillfekteri medan beitedyra lir

Det er uverdig og trist at eit mogleg rovdyrforlik stranda i dag. Eg opplever at Høgre er meir opptekne av å ha ryggen fri før valet enn av å få til eit resultat som vernar beitedyr, styrkar norsk matproduksjon og aukar livskvaliteten til folk i område med mange rovdyr.

Det gjeldande rovdyrforliket vart inngått av stortingsfleirtalet i 2004. Berre Senterpartiet og Framstegspartiet stemte mot. No hadde vi håp om at eit nytt og innhaldsmessig betrakteleg betre rovdyrforlik var på trappene.

Senterpartiet har valt å delta i forhandlingane heilt fram for om mogleg å få til klåre forbetringar i norsk rovdyrforvaltning. Og rette steg vart tekne under forhandlingane.

Når det strandar fordi Høgre vel å bryte, kan ein spørje seg kva som er årsaka. Ut i frå lesarinnlegg og utspel frå Høgre-politikarar i ”rovdyrfylka”, burde ein gå ut i frå at Høgre braut fordi dei meinte det ville bli for mange rovdyr. Men årsaka er nok det motsette. Dei talar med to tunger, vil sikre seg stemmer i rovdyrfylka med å koma med éin bodskap og gjer noko anna i praksis i avgjerande forhandlingar sentralt.

Regjeringa har valt å leggje saka fram for Stortinget med ei open tilnærming. Stortinget fekk høve til å koma med framlegg til kva eit nytt rovdyrforlik skal innehalde. Såleis kunne Høgre påverke resultatet i ei sak, noko dei sidan 2005, då den raud-grøne regjeringa kom til makta, berre har gjort i saka om til datalagringsdirektivet. Dei let det bli med datalagring.

Senterpartiet ønskjer ein meir restriktiv rovdyrpolitikk, sjølv om eg vil presisere at vi ikkje ønskjer å fjerne rovdyra heilt frå norsk fauna. Men vi kan ikkje akseptere at store mengder husdyr på beite må gjennomgå dei store lidingane som rovdyrangrep påfører dei.

Vi vil leggje til rette for matproduksjon også i område der rovdyrstammane no veks. Somme har opplevt at 25 prosent av saueflokkane blir tekne av rovdyr. Dette er uhaldbart.

Eg meiner at det beste ikkje må bli det godes fiende. Såleis meiner eg Senterpartiet har gjort det riktige i forhandlingane, med gradvis å kjempe og få gjennomslag for punkt som ville ført til at færre beitedyr lir. No er alt tilbake til det same regimet som vi er sterkt imot.

Håpet er at lokale krefter i Ap, som til liks med i Høgre har ønskt ein ny rovdyrpolitikk, pressar på slik at Ap likevel går inn for at regjeringa arbeider vidare i saka. Dagens fohandlingsbrot var ein siger for Høgre og Sv, men eit stort tap for dei som er opptekne av reelt dyrevern og norsk matproduksjon.