Viser arkivet for stikkord rovdyr

Politisk spillfekteri medan beitedyra lir

Det er uverdig og trist at eit mogleg rovdyrforlik stranda i dag. Eg opplever at Høgre er meir opptekne av å ha ryggen fri før valet enn av å få til eit resultat som vernar beitedyr, styrkar norsk matproduksjon og aukar livskvaliteten til folk i område med mange rovdyr.

Det gjeldande rovdyrforliket vart inngått av stortingsfleirtalet i 2004. Berre Senterpartiet og Framstegspartiet stemte mot. No hadde vi håp om at eit nytt og innhaldsmessig betrakteleg betre rovdyrforlik var på trappene.

Senterpartiet har valt å delta i forhandlingane heilt fram for om mogleg å få til klåre forbetringar i norsk rovdyrforvaltning. Og rette steg vart tekne under forhandlingane.

Når det strandar fordi Høgre vel å bryte, kan ein spørje seg kva som er årsaka. Ut i frå lesarinnlegg og utspel frå Høgre-politikarar i ”rovdyrfylka”, burde ein gå ut i frå at Høgre braut fordi dei meinte det ville bli for mange rovdyr. Men årsaka er nok det motsette. Dei talar med to tunger, vil sikre seg stemmer i rovdyrfylka med å koma med éin bodskap og gjer noko anna i praksis i avgjerande forhandlingar sentralt.

Regjeringa har valt å leggje saka fram for Stortinget med ei open tilnærming. Stortinget fekk høve til å koma med framlegg til kva eit nytt rovdyrforlik skal innehalde. Såleis kunne Høgre påverke resultatet i ei sak, noko dei sidan 2005, då den raud-grøne regjeringa kom til makta, berre har gjort i saka om til datalagringsdirektivet. Dei let det bli med datalagring.

Senterpartiet ønskjer ein meir restriktiv rovdyrpolitikk, sjølv om eg vil presisere at vi ikkje ønskjer å fjerne rovdyra heilt frå norsk fauna. Men vi kan ikkje akseptere at store mengder husdyr på beite må gjennomgå dei store lidingane som rovdyrangrep påfører dei.

Vi vil leggje til rette for matproduksjon også i område der rovdyrstammane no veks. Somme har opplevt at 25 prosent av saueflokkane blir tekne av rovdyr. Dette er uhaldbart.

Eg meiner at det beste ikkje må bli det godes fiende. Såleis meiner eg Senterpartiet har gjort det riktige i forhandlingane, med gradvis å kjempe og få gjennomslag for punkt som ville ført til at færre beitedyr lir. No er alt tilbake til det same regimet som vi er sterkt imot.

Håpet er at lokale krefter i Ap, som til liks med i Høgre har ønskt ein ny rovdyrpolitikk, pressar på slik at Ap likevel går inn for at regjeringa arbeider vidare i saka. Dagens fohandlingsbrot var ein siger for Høgre og Sv, men eit stort tap for dei som er opptekne av reelt dyrevern og norsk matproduksjon.

Husmus og rovdyr

Ein lesar kommenterte at det er rart eg kan vera så klår på at fleire rovdyr bør skytast når eg kunne finne på å mate ei mus for nokre månader sidan. Storparten av dette innlegget er frå eitt eg skreiv i haust:

Å koma heim til eit kaldt hus til Nordmøre etter nokre dagar i hovudstaden kan vera ille nok om det ikkje er mus i stova. Her før helga var det nettopp eit slikt lite krek som sat på stovegolvet, slapp og forkomen.

Eg veit ikkje kva som gjekk av meg, men etter å ha vurdert å få ho ut av huset eller kverke ho, tykte eg plutseleg frykteleg synd på ho. Stakkars, ho er sikkert tørst, kom eg på. Eg fylte eit syltetøylokk med vatn og sette framfor ho. Etter ei stund tassa ho fram og drakk litt. Eg skjemmest litt over å innrømme det, men eg mata ho også med litt hamstermat slik at ho ikkje skulle svelte i hel.

Jaja. Neste morgon hadde ho kvikna til, og av ein eller annan uforståeleg grunn fanga eg ho og fekk ho inn eit hamsterbur som var til overs. Det tok til å gå opp for meg at dette nok var eit teikn på at eg ikkje er rett samanskruva. Men så oppdaga eg pinadø to nye mus. Då tok eg raskt ei ny vurdering av situasjonen, og fann ut at mordarinstinktet mitt kanskje var meir høveleg enn omsorgsgenet dersom ikkje huset skulle utvikle seg til ein musekoloni.

Guten min kom heim frå skulen og var samd i at noko drastisk måtte gjerast. Men då han såg at eg fann fram ei musefelle av den gode gamle sorten, Rapp-fella (som faktisk blir produsert her i Surnadal), åtvarte han sterkt om at eg kom til å smekke fingrane mine kraftig.

Nei då, dette skal eg saktens klare, tenkte eg, og spente opp fella med friskt mot. Guten kom bortåt for å sjå korleis det gjekk med meg. Akkurat med det same small fella att raskare enn lynet, og alle som har opplevd dette, veit at ein finger eller ei tå som opplever slikt får ei døden-nær-oppleving. Eg slo kraftig ut med arma av sjokket, og trefte guten rett i leppa og nasen så blodet silte.

Tru det eller ei, men eg er eigentleg ikkje særleg valdeleg av meg, så dette gjorde meg skrekkeleg lei meg og fekk meg til å kjenne meg som ein stor idiot. Enden av historia? Jo, det var at eg, som kvelden før ville berge eit stakkars museliv frå den sikre død, køyrte sporenstreks til Felleskjøpet og kjøpte rottegift…

Vel vel,slik kan det gå. Les du innlegget “Skyt regjeringa – ikkje ulven” kan du vurdere sjølv om eg er lettare schizofren eller ei.

Skyt regjeringa - ikkje ulven

Dette er altså ikkje ei oppmoding, men ei skildring av kva Høgre og Frp no gjer i rovdyrsaka. Dei siste 5 åra har dei klaga over manglande moglegheiter til å vera med å leggje premissane for utviklinga i norsk politikk. Men når dei først blir inviterte til dette, startar eit hylekor som overdøyver ulvehyla.

Vi har eit rovdyrforlik som vart inngått av stortingsfleirtalet i 2004. Berre Senterpartiet og Framstegspartiet stemte mot. No er eit nytt rovdyrforlik på trappene, men på grunn av at det openbart er stor usemje i regjeringa om saka (stor motsetnad mellom Sv og Sp), har regjeringa valt å leggje saka fram for Stortinget med ei open tilnærming. Stortinget får altså høve til å koma med framlegg til kva eit nytt rovdyrforlik skal innehalde.

Senterpartiet ønskjer ein meir restriktiv rovdyrpolitikk, sjølv om eg vil presisere at vi ikkje ønskjer å fjerne rovdyra heilt frå norsk fauna. Vi kan ikkje akseptere at store mengder husdyr på beite må gjennomgå dei store lidingane som rovdyrangrep påfører dei. Og vi vil leggje til rette for matproduksjon også i område der rovdyrstammane no veks.

Vi treng fleire aktive gardbruk i landet, men mange bønder teller no på knappane. Somme har opplevt at 25 prosent av saueflokkane blir tekne av rovdyr. Dette er uhaldbart. Også dei som bur i område med mange rovdyr kjenner frykt for ungane sine og seg sjølv. Dette forringar livskvaliteten.

No har opposisjonen ein gylden anledning til å bidra til ei ny retning på rovdyrpolitikken. Nye mål skal setjast for kor stor rovdyrbestand Noreg skal ha. Høgre og Frp har slått seg vrange og skyt på regjeringa i staden for å gå konstruktivt inn i eit samarbeid for å finne ut kor mange ulvar ein skal kunne skyte dei neste åra.