Viser arkivet for stikkord rettsvesen

Målet om eit trygt samfunn

(Dette er innlegget mitt i justisbudsjettdebatten i Stortinget 3/12 2009)

Slik eg ser det, er justisfeltet eit slags kraftfelt der vi gjennom både visjonære og konkrete diskusjonar, godt fundert lovgjeving og fornuftig utøving av makt skal leggje til rette for eit trygt samfunn.

Det å kjenne seg trygg er ikkje ei sjølvfølgje for alle. Forsvarslause ungar veks opp i heimar med rus og vald. Både kvinner og menn blir utsette for krenkande overgrep. Og enkelte opplever å bli rana i heimen sin medan dei søv.

Vi kan somtid kjenne oss makteslause når vi veit kor vanskeleg det er å få bukt med denne valds- og vinningskriminaliteten som gjer folk utrygge. Norge er eit godt land å bu i for veldig mange, det er grunn til å understreke det, men så lenge som mange også får øydelagt liva sine på grunn av andre sine ugjerningar, kan vi ikkje kvile.

Eg vil som representant for Senterpartiet og dei raud-grøne framheve det målet vi har sett oss om å førebyggje betre, reagere raskare, oppklåre meir og rehabilitere betre. Dei grepa vi har gjort for å føre oss nærare dette målet er ei massiv satsing på politiet både ved rekordhøge opptak ved Politihøgskulen og ved å tilføre politietaten betydeleg meir pengar.

Domstolane våre – som er av dei mest effektive i Europa – har på imponerande vis fått unna etterslepet i sakshandsaminga. Og ved å få bort soningskøane i fengsla har vi beredt grunnen for å tilføre soninga eit betre innhald, noko som vil førebyggje ny kriminalitet. Kort sagt: Desse satsingane vil gjera folk tryggare.

Det ein aldri skal gløyme, er at det bak statistikken både over gjerningspersonar og offer står enkeltmenneske, kvar med sine problem og kvar si sårbarheit. Rus eit stort problem både for dei personane som er rusavhengige og for dei som blir råka av den kriminaliteten som kjem i kjølvatnet av rusmisbruket.

Domfelte med rusproblem er ikkje enkle å behandle og følgje opp, derfor er det eit stort behov for tilrettelagt soning med kompetent personell i fengsla og i friomsorga. Eg har forventninga til at dei nye rusmeistringseiningane skal bidra til at fleire kjem seg ut av misbruket og klarar ut med livet, til det beste for både dei sjølve og andre.

Heldigvis har ofra sine rettar og behov for støtte og oppfølging vorte teke mykje meir på alvor dei seinare åra. Ein god politikk for å verne om ofra sine rettar må også hengje saman med tiltak for å hjelpe lovbrytaren til å bryte den vonde kriminalitetssirkelen. Dess mindre vi lukkast med dette siste, dess fleire nye offer får vi dessverre.

Samstundes skal vi heller ikkje gløyme at folk nok forventar at Storberget opptrer som Fantomet, som det står skildra i jungelordet ”Fantomet er hard mot dei harde.” Straff skal for så vidt ikkje vera hemn, men alvorlege lovbrot må følgjast av strenge straffar. Såleis er det grunn til å nemne den nye straffelova som vart vedteken tidlegare i år, der nettopp strafferamma for grov vald og sedelegheitsforbrytelsar blir skjerpa.

Eg skal ikkje dra samanlikninga mellom justisminister Storberget og Fantomet så veldig langt, men eg kan ikkje dy meg for anna enn å sitere eit jungelord til i dette innlegget: ”Det hender Fantomet forlater jungelen, og går omkring i byen som en vanlig mann.”

Jaja. I dette tilfellet er det kanskje politikken som med eit aldri så lite skråblikk kan kallast jungelen, men vi kan også ta ei litt meir alvorleg vinkling der justisministeren ikkje lenger er ein del av biletebruken. Vi kan sjå for oss jungelen som ymse kriminelle miljø. Vi i Sp er opptekne av indivitets rettar og pliktar. Men vi har også ei grunnleggjande tru på at enkeltmennesket har evne til å endre seg.

Såleis er det viktig for meg å presisere at samfunnet bør leggje til rette for at ein domfelt som gjer sitt beste for å begynne eit nytt og betre liv skal kunne bevege seg ut av jungelen og vandre rundt i byen som ein vanleg mann.

Det fordrar at samfunnet legg til rette med god oppfølging og arbeid, men også at kvar enkelt av oss møter desse enkeltmenneska med respekt og ikkje fordømming. Det er noko som heiter at “sterk er den som vinn over andre, men mektig er den som overvinn seg sjølv”. Når nokon klarar dette, fortener dei å få anerkjenning for det.

Justiskomiteen sitt arbeid omhandlar meir enn politi, rettsvesen og kriminalomsorg. Jordskifteretten er eit døme på ein viktig institusjon der saker som betyr mykje for folk blir handsama. Følelsane knytt til eigedomsgrenser er ikkje til å spøke med, og uklåre eigedomsforhold skapar gjerne praktiske problem som ei rask og kvalifisert behandling i jordskifteretten ryddar opp i.

Eg vil vise til at det i regjeringsplattforma for den nye raud-grøne regjeringa blir slått fast at Regjeringa vil oppretthalde styrkinga av jordskifteretten og gjennomføre tiltak for auka rekruttering. I år vart det teke eit stort løft for å heve lønna til jordskiftedommarane for å gjera forskjellen mellom lønna deira og dommarar i rettsvesenet elles betrakteleg mindre.

I Fræna kommune ute ved kysten på Nordvestlandet ligg det nasjonale ATK-senteret, som per i dag tek hand om ca 1/3 av alle fotobokssakene i landet. Eg har stor tru på at det å overføre fleire slike saker til dette senteret vil kunne frigjera ressursar til meir operativt politiarbeid i mange politidistrikt rundt omkring. Og for oss i Senterpartiet – som er opptekne av vekst og velferd til liks med statlege arbeidsplassar i heile landet, er sjølvsagt ei sentralisering av oppgåver til ein distriktskommune ein oppbyggjande tanke.

Men aller viktigast: det å gjera arbeidet med dei sivile oppgåvene mest mogleg rasjonelt både ved dette grepet og ved andre tiltak, er særs viktig for at vi skal kunne nå målet om eit synleg og aktivt politi som førebyggjer godt og oppdagar kriminalitet raskt. Det at denne regjeringa i år oppretta 460 nye sivile stillingar i politiet, gjer at 280 polititenestemenn blir frigjort til operativt politiarbeid. Dette er eit godt døme på at vi gjer det vi kan for at politiet skal kunne vera meir ute i felten.

Ein diskusjon som pågår i ein del politidistrikt, er om strukturen. Kor mange lensmannskontor skal ein ha i distriktet, og om ein går inn for å slå saman somme, kven skal vera att? Eg vil leggje vekt på at vi i Senterpartiet er opne for endringar om dei bidreg til meir tryggheit for folk. I dei vurderingane som skal takast om strukturen rundt om i det ganske land, er det likevel på sin plass å minne om at resultata av politiets arbeid ikkje er lett å måle, og at ein desentralisert struktur i somme distrikt er sterkt medverkande til at kriminaliteten er låg og at tryggheitsfølelsen er sterk hos mange.

I Soria Moria II blir det derfor slått fast at regjeringa vil oppretthalde ein desentralisert politistruktur. Vidare står det i merknadene frå komiteen at ein skal leggje vekt på at også lokalkunnskap, tryggheit for befolkninga og førebyggjande arbeid skal liggje til grunn når omstruktureringar skal vurderast.

Eg begynte dette innlegget med å tala om at vi arbeider for eit trygt samfunn. Eg vil avslutte med å peike på den viktige innsatsen dei frivillige aktørane gjer. Dei har eit stort engasjement og eit varmt hjarte som det er verdt å framheve. Dei bidreg til at mange domfelte får meir meiningsfulle liv, for eksempel Musikk i fengsel og frihet. Saman med flinke folk i politiet, rettsvesenet og kriminalomsorga bidreg også dei ulike frivillige organisasjonane til at vi alle kan kjenne oss nettopp tryggare.