Viser arkivet for stikkord regjeringsskifte

Godt for noko

Eg har eit år bak meg med telefonintervju på toalettet, og golv som har vorte skøytebane ved golvvask. Valår, provisorisk bustad og stadig forseinka husbygging er ein dårleg kombinasjon. Men regjeringsskiftet viser seg å ha gjort meg godt. Ingenting så gale at det ikkje er godt for noko.

I dag rusla den nye regjeringa ut på slottsplassen, etter ein månad med hektiske sonderingar, forhandlingar og personkabalar som skulle leggjast. Vi raud-grøne har naturleg nok blanda kjensler til dette regjeringsskiftet. Vi har styrt landet i åtte år no, og har etter mi klåre meining hatt ei god retning på politikken.

Landet har klart seg godt gjennom vonde tider, til forskjell frå mange andre land i Europa. Slikt blir ikkje av seg sjølv, og vi er sjølvsagt spente på om resultata av dette arbeidet står seg, eller om den nye regjeringa og det nye stortingsfleirtalet vil føre landet og innbyggjarane inn i ein verre situasjon framover. Den som lever får sjå.

I mellomtida må eg likevel innrømme at regjeringsskiftet har vore godt for noko. Etter eit hektisk valår og ein endå meir hektisk valkamp, etter eit år med husbygging og mykje stress knytt til dette, er det absolutt ikkje til å forakte at det vart færre møtedagar i Oslo i oktober enn eg trudde.

Sjølv om det er aldri så kjekt å vera på møte og arbeide på eit kontor bak tjukke murar i hovudstaden, er det verkeleg kjekt å få lande litt heime også.

Vi har budd så provisorisk det siste året at eg har måtta halde meg på éin plass i sofaen i den gamle kårenden vi budde i for å ha nettilgang. I den sofaen har sonen og kjærasten min også oppheldt seg mykje, og eg har hatt ein smule problem med å konsentrere meg.

Eg har måtta halde meg på toalettet for å ta avis- og radiointervju per telefon, for det har vore einaste staden med både grei mobildekning og minst risiko for å bli forstyrra. På det toalettet – og i dei fleste romma for øvrig – var golvet iskaldt, så eg måtte gå med tre par med tjukke lestar på føtene for å halde ut.

Det høyrer med til historia at det ofte ikkje gjekk an å vaske ganggolva i vinter, fordi vatnet fraus til is og gjorde om golva til skøytebane. Ein av dagane eg fraus som verst køyrte eg desperat til butikken og kjøpte meg ull- og fleeceklede til 4000 kroner. Og eg gjekk somtid med panneband og buff inne.

Så når vi i slutten av september ENDELEG fekk flytte inn i det nye huset med golvvarme, god nettilgang, kontor og oppvaskmaskin, var det som å koma til himmelen. Eg har kvidd meg til å måtte begynne å reise masse til Oslo igjen berre kort tid etter flyttinga, men dette regjeringsskiftet har berga humøret på det personlege planet, om enn ikkje på det politiske.

Heimekontoret fungerer som smurt, eg kan opphalde meg på ein anstendig plass når eg talar med journalistar (dei mange eg har tala med det siste året visste heldigvis ikkje kor eg oppheldt meg under intervjua). Ikkje minst får eg vera meir saman med dei eg er aller mest glad i, inkludert den 14 år gamle hunden vår. Eg får til og med tid til å lufte hunden innimellom arbeidsøktene. Fantastisk!

No gjenstår det å sjå korleis resultata av politikken til dei blå-blå blir. I morgon er det stortingsmøte med regjeringserklæring og neste veke trontaledebatt. Viss den varsla politikken blir deprimerande og det går feil veg, noko eg jo fryktar at det gjer, er eg i alle fall godt opplagt og i godt humør no før showet startar for fullt. Ikkje verst berre det.