Viser arkivet for stikkord presenil

Pinlege historier kan koma til nytte

VG skriv i ein artikkel om tidlege teikn på demens. Eg har tidlegare generøst delt med lesarane historier om at eg sjølv har surra ganske mykje. No lurer eg på om dette er teikn på at eg kjem til å bli ordentleg dement med åra.

For å forklåre bekymringa mi, vil eg vise til nokre av dei tidlege teikna på demens som VG skriv om.

Problem med daglege gjeremål, som å dekkje på bordet: Eg kan gå 6 gongar fram og tilbake mellom spisebordet på stova og kjøkkenet før eg har hugsa bestikket.

Eg har også sett meg inn i feil bil og køyrt to km før eg forskrekka oppdaga det. Gjett om det var pinleg, særleg då eg oppdaga at bilen ikkje ein gong var av same merke som min.

Språkproblem, som å gløyme enkle ord: Eg forvekslar stadig namna på folk eg kjenner, til og med dei aller næraste. Sonen min, Eirik, blir stadig utsett for å bli kalt Menty, som er namnet på hunden. “Flink bisk, Eirik”, blir også sagt frå tid til anna.

Desorientering i høve til både tid og stad. “God jul”, ønskte eg folk før påske. Då eg var 33 år, svarte eg kjekt at eg var 28 (dette kan sjølvsagt vera resultat av eit sterkt ønske om å vera yngre).

For eit par år sidan flaug eg til Værnes og leita etter bilen på parkeringsplassen, då eg fortvilt innsåg at eg flaug frå Molde fem dagar før.

Svekka dømmekraft – det vil eg sjølvsagt ikkje koma med NOKO eksempel på i det heile, for som stortingspolitikar må folk vera overtydde om at eg har stålkontroll.

Feilplassering av ting: Som 10-åring skulle eg setje på ei vaskemaskin for mor mi. Nokre timar seinare fann ho ikkje att kleda i maskina. Men då ho skulle ta opp eit brød frå frysaren, låg det stivfrosne klede der nede og venta på å bli redda frå kulda.

På vidaregåande fann eg ikkje att bilen min etter at skuledagen var slutt. Eg leita og spurte om nokon hadde sett bilen, men konkluderte med at han var stolen. Så ringte eg politiet for å anmelde det. Då ropte ein klassekamerat: “Jenny, du sykla til skulen i dag!”

Humørforandringar utan openbar grunn: Kremt, der kan det hende kjærasten har nokre døme.

Heldigvis oppfyller eg ikkje kriteria tap av initiativ eller engasjement. Tidvis hukommelsestap påverkar merkeleg nok heller ikkje arbeidsevnen. Eg fell sjeldan i stavar under eit møte, og hugsar dei fleste gjeremåla som eg må få unna.

Det er rart korleis eg klarer å konsentrere meg djupt om enkelte oppgåver, som å skrive pressemeldingar, øve på piano eller teikne. Daglegdagse gjeremål kan derimot få den mest tolerante til å bli heilt fortvilt over meg når eg virrar og gløymer og surrar og bannar.

Min kjære rådgjevar her på tinget åtvarer meg mot å skrive meir om kor sløv eg kan vera. Ho påpeiker at eg har eit omdømme å ta vare på. Eg svarer at vi folkevalte må vera representative, og at eg kjenner meg forplikta til å vera den som representerer dei som har litt vanskeleg for det.

Det står ingenting i VG-artikkelen om det å vera gløymsk og tidvis desorientert frå barnsbein av er eit skummelt teikn på at ein blir dement når ein blir eldre.

Dersom det ikkje er slik, er det nok svært lurt at eg skriv om og offentleggjer alle desse pinlege historiane no.

For når eg blir 70 år og oppfører meg som i dag, vil folk som ikkje kjenner meg kunne meine at eg bør inn på lukka avdeling snarast råd. Då får eg triumferande vise dei blogginnlegga mine og seie: “Sjå her, eg har vore slik heile livet.”

Presenil og uforbetreleg

Eg veit ikkje om det er klokt å leggje ut om kor distré ein er når ein sit på Stortinget og er avhengig av tillit frå veljarane. Men vi skal jo vera representative, og somme må representere dei presenile også.

Det er nemleg ikkje lett å vera meg. Rettare: det er somtid eit herk. Slik er altså mitt noko rotete liv: Eg er pendlar, 50 mil og 5-6 timar kvar veg kvar veke. Då er det ein absolutt fordel at det går strake vegen heim. Hm, det er enklare sagt enn gjort.

For ikkje lenge sidan kom eg til Værnes ein fredags ettermiddag og gledde meg stort til å koma heim. Eg hadde att over to timar å køyre. Eg hugsa bagasjen før eg passerte bagasjebandet, og var godt nøgd med meg sjølv. Bilen stod på den betjente parkeringsplassen Sandfærhus.

Då eg skulle betale, sette eg kofferten med vilje slik at eg omtrent måtte hoppe over han for ikkje å la han stå att. Over ein time seinare var eg komen til Orkanger. Plutseleg gjekk det kaldt gjennom meg: Kofferten står att.

Så tok eg til å ringje folk eg trudde skulle same veg for å spørje om dei kunne ta han med. Midt i ein telefonsamtale vart eg plutseleg usikker på om han var atti bagasjerommet lell, og måtte ut for å sjekke. Men nei, tomt var det der. Det ordna seg på mirakuløst vis, ein engel av ein rindaling tok han med.

Ein annan gong reiste eg også om Værnes, for til den same parkeringsplassen og lurte på kor dei hadde sett bilen min fem dagar tidlegare. Nei, dei hadde ingen bil registrert på mitt namn. Øh, då må de ha rota han bort, var min første kommentar. Då gjekk det opp for meg: Eg hadde jo reist om Molde sist då eg for til Oslo, og bilen stod der. Resultat: ei skamfull Jenny måtte ta buss heim, noko eg brukte 5 timar på.

Men den gongen som var desidert pinlegast, var heime i Surnadal, då eg var på Amfisenteret for å handle litt. Eg parkerte fint og skadefritt, gjekk inn, hugsa å betale for varene, sette meg i bilen og køyrte. Etter ein kilometer eller to strekte eg handa ut etter vassflaska som låg i passasjersetet. Etter litt fomling fann eg ut at ho ikkje var der, og såg meg rundt. Det var då eg oppdaga det: dette var ikkje min bil.

Bråsnudde. Køyrte nedatt til butikksenteret og parkerte med ei sterk frykt for at eigaren skulle tru bilen var stolen og sjå meg køyre han. Då eg gjekk ut, vart ikkje saka betre. Ikkje berre hadde eg sett meg i feil bil. Det var feil bilsort og feil farge på han også. Den einaste likskapen var vel at setet var i rett posisjon og at nøklane stod i.

Utruleg nok ler mine næraste meir hjarteleg enn hånleg over alle rare krumspring eg gjer. Dersom nokon har gode råd om kva eg skal gjera for å spara meg for virvar i kvardagen, er eg evig takksam.