Viser arkivet for stikkord politikk

Uhøfleg valkamp

Korleis skal ein unngå å vera uhøfleg i valkampen? Og korleis er eigentleg livet for nokon som driv valkamp?

Nyleg fekk stortingsrepresentant Trond Giske frå Ap overraskande kritikk frå rektor ved Molde vidaregåande skule, Oddgeir Overå. Rektoren meinte Giske verka uinteressert under eit besøk på skulen, fordi han fikla med mobiltelefonen i staden for å følgje med på presentasjonen hans.

Sidan har somme ergra seg over Giske, medan andre har ergra seg over Overå. Dei i sistnemnte kategori meiner det var unødvendig av rektoren å gå ut offentleg med slik kritikk.

Sjølv er eg ein av dei tidvis (eller heller ofte) forhatte politikarane som rek land og strand rundt for å besøke skular, sjukeheimar, gardsbruk og andre store og små bedrifter, lensmannskontor, brannstasjonar, fiskebåtar, vegprosjekt, fengsel, sjukehus og domstolar (puh!) med meir. Vi gjer dette heile året, men sjølvsagt aller mest under valkampane.

Min første valkamp var for seksten år sidan, og sidan har eg vore med i lokalvalkamp, fylkesvalkamp og stortingsvalkamp. Somme av oss som sit på Stortinget liker å drive valkamp, andre av oss hatar det. Felles for oss er at vi må gjera det uansett. Og felles for dei fleste av oss er at valkampen er inni hampen travel.

I tillegg til å reke rundt skal vi ta unna telefonar, meldingar og e-postar, vera aktive i sosiale media, følgje med i tradisjonelle media og aller helst koma med geniale medieutspel undervegs. Det er møte med lokallag eller paneldebattar etter at besøksopplegga på dagtid er slutt, og mange av oss har mange kilometer å leggje attom oss på veg mellom kvar stoppestad.

Ferjetider må sjekkast, overnatting må vi hugse å bestille, og pinadø må vi ikkje ha mat innimellom også.

Berre dette siste kan by på store nok problem, for det er ikkje alltid lagt opp til at det skal vera tid til å eta. Og når dagens program endeleg er over, kan det hende ein skal køyre i tre timar til før ein når fram til hotellet, og ein innser at restauranten der vil vera stengt før ein kjem fram. Då blir det å eta pølse og brød på ferja, viss ein reiser med ei ferje som har open kiosk og viss ein tåler brød (det gjer ikkje eg).

Det eg i staden kan gjera på ferja, er å trimme litt. Eg håpar kvar gong at det ikkje skal vera eit skjult kamera på toalettet, for det er dit eg fer for å få litt etterlengta trim. Knebøy og andre øvingar på ferjetoalettet er undervurdert som fysisk fostring for travle menneske, men ein må innimellom sjølvsagt sjekke om det er kø utanfor.

Løysinga mi på matproblemet er å ta med seg kokte egg på tur, gjerne termos med varmt vatn og Real Turmat-pakkar. Gullbrød og mørk sjokolade er eit must.

Eit av dei mest komiske minna eg har frå valkamp, er då eg for to år sidan hadde stoppa i ein vegkant og stod og kakka skalet på eit kokt egg mot autovernet for å få stappa i meg eit egg før neste post på programmet. Eg kunne ikkje like godt gjera dette medan eg køyrte. Med det same kom ein bil køyrande, og det forundra uttrykket i ansiktet på karen bak rattet gløymer eg aldri. Eg innsåg at eg måtta ha framstått som eit menneske som verkeleg trong hjelp. Og det trong eg også – eg trong hjelp til å få dekt grunnleggjande behov som mat, og også til å få dagane til å gå i hop.
Men mange av oss reiser aleine på desse ferdene.

I historia om Trond Giske som sat og fikla med mobiltelefonen, vart det forklårt med at han ikkje hadde rådgjevaren sin med på reisa (han er nok ein av dei privilegerte som vanlegvis har med seg nokon på tur). Eg veit nøyaktig kor stressande det kan vera å vita at ein skulle ha gjeve beskjed om noko – eller at ein skulle ha fulgt med på telefonen fordi det kan koma ein viktig beskjed som ein må svara på raskt – samstundes som ein sit i eit møte der ein sjølv er hovudgjesten.

Eg bestemte meg tidleg i livet mitt som folkevalt for at telefonen min ikkje skulle vera synleg når eg var på slike besøk. Viss eg absolutt må fikle med denne telefonen, seier eg frå på førehand om kvifor, og avgrensar bruken til eit minimum.

Med dette kritiserer eg ikkje Giske-hendinga. For alt eg veit kan han ha hatt ein alvorleg sjuk slektning å oppdatere seg om. Eg kritiserer ikkje Overå for å ha reagert med kritikk heller, for eg kan forstå frustrasjonen viss hovudgjesten framstår som uinteressert. Eg veit berre at slike situasjonar best kan bli unngått dersom vi som kjem på besøk tydeleg forklårer det viss mobilen må vera framme, og dersom vi i dei fleste tilfella let mobilen få ein pause frå oss og vi frå han.

Vi får heller gå glipp av informasjon der og då eller gå glipp av ein henvendelse frå ein journalist. Verda står til påske likevel.

Tilbake til dei praktiske sidene ved det å drive valkamp: Har vi familie og ungar, må desse heller ikkje gløyme at vi eksisterer. Den mest hektiske valkampen eg har hatt, var den gongen eg overnatta heime berre to gongar på fem og ei halv veke. Slikt skal ikkje gjenta seg, det har eg lovt meg sjølv. Eg kunne gå meg på hotellveggar då eg var oppe på do nattestid, fordi eg gjekk i surr om korleis hotellromma såg ut, og trudde veggen var på andre sida av senga.

I skrivande stund sit eg på nok eit hotellrom under nok ein valkamp, og er lukkeleg fordi eg tidlegare i kveld fekk lurt inn tid til å sjå sonen min og fotballaget hans spela kamp. Mobiltelefonen låg i lomma, på lydlaus. Eg stønna då eg såg på mobilen etter kampen, fordi eg såg det var mange som ville ha tak i meg.

Eg fekk heldigvis gjeve svar til alle på ferja over fjorden. Knebøy får vente til morgondagens ferjeturar. For å unngå å vera uhøfleg politikar på valkampturné då, skal eg passe på at ingen blir ståande i dokø på grunn av meg.

(Denne artikkelen har vore publisert på nettavisa Panorama, som høyrer til Høgskulen i Molde, tidlegare i valkampen.)

Seminar og debatt om media og politikk

Eg ser fram til på å skulle delta som innleiar på eit seminar om dette temaet den 1. april kl 14-16, eit arrangement i samband med grunnlovsjubileet. Tillet meg å reklamere for seminaret ved å vise programmet her:

HVOR MEKTIG ER DEN 4. STATSMAKT?
OM FORHOLDET MELLOM MEDIENE, POLITIKERNE OG SAMFUNNET

«Trykkefrihed bør finde Sted», skrev eidsvollsmennene i 1814. Gjennom foredrag og debatt ønsker Stortinget å rette søkelyset mot utviklingen innenfor politisk journalistikk, medienes makt og samspillet mellom journalister og politikere.

PROGRAM:

Martin Eide:

«Vaktbikkje, jaktbikkje, maktbikkje»
Hvor står norsk journalistikk mellom partipressen og seddelpressen?
Frigjøringen fra partiene, hva har den vært en frigjøring til?
Og hvilken betydning har den nye journalistikken for makt og avmakt?

Martin Eide er professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen. Han har utgitt en rekke bøker om journalistikk og pressehistorie.

Magnus Takvam:

«Det kompliserte samlivet – om forholdet mellom politikere og journalister»
Bakteppe: Den politiske journalistikken har hatt det særtrekk at den foregår i et tett personlig samspill mellom politikere og journalister. Journalistene eier mediekanalen. Politikerne eier informasjonen. Både medienes karakter og politikerrollen har endret seg i rekordtempo de siste tiårene.

Magnus Takvam er politisk kommentator i NRK, og har fulgt norsk politikk i 25 år.

Per Sandberg (FrP) og Jenny Klinge (Sp): «Politisk journalistikk sett fra Løvebakken»
Per Sandberg har vært stortingsrepresentant siden 1997, Jenny Klinge siden 2009.

Ordstyrer: Aslak Bonde

Innledning ved stortingspresident Olemic Thommessen

Seminaret er åpent for stortingsrepresentanter, ansatte, representanter for mediebransjen og andre interesserte.

Påmelding innen 28. mars til
grunnlovsseminar@stortinget.no

Høie som religionsminister?

Helseminister Bent Høie burde vore oppteken av helsa til små ungar. I staden opptrer han meir som ein religionsminister, som i religionsfriheitas namn forsvarer at små gutar blir omskorne utan medisinsk grunngjeving.

Høie har varsla at han og regjeringa vil regulere praksisen med rituell omskjering av gutar. Foreldra må, i følgje framlegget som truleg kjem frå regjeringa allereie før påske, sørgje for at inngrepet blir gjort i den norske spesialisthelsetenesta, ikkje utanfor. Dette inneber at helseministeren vil påleggje legar ved norske sjukehus å omskjera gutane.

For å gjera det klårt: dette er eit irreversibelt inngrep. Det inneber at ein fjernar forhuda, ein funksjonell og viktig del av penis, frå smågutar som ikkje kan nekte. Det medfører risiko for ulike typar og gradar av komplikasjonar. I enkelte tilfelle skjer alvorlege skadar og ein må amputere. I dei aller verste tilfella skjer det dødsfall. Som då ein to veker gamal gut døydde i Oslo i 2012 som følgje av å ha vorte omskoren.

No i mars kom rapporten frå Helsetilsynet om nettopp dette dødsfallet. Det er bra at saker med tragisk utfall blir sett nærare på, og at legen etter denne granskinga fekk avgrensa autorisasjonen sin til å vera lege. Men ærleg talt – bør vi ikkje forhindre at ungane blir utsette for ein slik risiko i eit samfunn som elles hevdar å setje rettane til ungar høgt? Er ikkje staten like ansvarleg for resultatet som den enkelte som utfører inngrepet?

Kan vi som folkevalte tåle så inderleg vel dette overgrepet mot småungar, eller skal vi innsjå at vi i 2014 kan setje ein ny og betre standard? Denne nye og betre standarden er etter mi meining ei aldersgrense på 18 år. Den enkelte guten må få velje sjølv når han er gammal nok til å forstå konsekvensane og når han er gammal nok til å stå imot eventuelt press frå andre.

Helseministeren set tydelegvis religionsfriheita til foreldra høgare enn religionsfriheita til den enkelte guten. Såleis er han ikkje berre ein dårleg helseminister i denne saka, han fungerer heller ikkje som nokon god religonsminister for ungane. Men når det gjeld dei helsemessige og prinsipielle sidene ved dette, burde Høie verkeleg ta innover seg dei råda som kjem frå mange viktige helsefagmiljø og frå dei nordiske barneomboda.

Leiaren av Norsk barnelegeforening, Trond Odden, har uttalt at foreininga er heilt imot framlegget. Odden er også klinikksjef på Akershus universitetssykehus. I Dagens Medisin, 19.03.2014, seier han «Hvem vil gjøre et inngrep som ikke er medisinsk begrunnet, og hvor det kan være 5 prosent komplikasjonsrate? (…) «Jeg ville ikke gjort det selv og heller ikke tillate at det blir gjort på min klinikk».

Det skjer for tida mykje i mange land i saka om omskjering av gutar. Parlamentarikarforsamlinga til Europarådet har vedteke ein resolusjon der det er ein uttrykt målsetnad å på sikt få slutt på rituell omskjering av gutar. Noreg kan vera eit føregangsland viss vi innfører ei aldersgrense. Eg håpar helseministeren tek ein ny runde med seg sjølv, og går inn for å setje helsa, velferden og rettane til ungane øvst.

Kaos og leiarskifte

Det er ein smule kaos i vårt kjære Senterparti for tida. I dag varsla leiar Liv Signe Navarsete at ho vil be sentralstyret støtte at det blir eit ekstraordinært landsmøte, og at ho stiller plassen sin til disposisjon.

Samstundes står det i fleire media at fleirtalet i sentralstyret truleg ikkje er samde i dette. Dei vil kanskje gå inn for at ho blir sitjande til 2015.

Eg har meint at det viktigaste nødvendigvis ikkje er om ho går av allereie i år eller neste år på det ordinære landsmøtet, men at det trongst ei avklåring om at ho kjem til å gå av.

Det er sterkt beklageleg at eit leiarskifte skjer på dette viset, og eg kjenner meg ikkje tilpass med at eg sjølv er blant dei som må uttrykkje at eit leiarskifte er nødvendig. Liv Signe Navarsete har vore ein fenomenalt flink statsråd i 8 år, ho har oppnådd mykje, og har ein arbeidskapasitet og stå-på-vilje som er beundringsverdig.

Derfor er det synd at det skal ende med eit slikt kaos som no. Men det er ein leiars lodd å måtte ta ansvar ved å gå viss det kjem ei tilstrekkeleg stor krise som ikkje kan løysast ved å halde fram.

Kanskje ville situasjonen ha roa seg tilstrekkeleg viss ho hadde førehandsvarsla at ho går av i 2015. Då hadde vi unngått eit ekstraordinært landsmøte, og opprøret kunne ha slukna. Men det var vel for seint å ta dette grepet no som alt har vorte sett på spissen? Vi får sjå kva sentralstyret meiner.

For meg framstår det i alle fall som idioti og slett spel når somme meiner Ola Borten Moe må gå av som nestleiar dersom leiaren går. Både han og Trygve Slagsvold Vedum er viktige for framtida til partiet, og bør halde fram i leiinga.

No er det på høg tid at vi får arbeidsro, både politikarane våre lokalt, i fylka og på Stortinget. Og ikkje minst medlemmane og dei som er einige i politikken vår. Dette kaoset overskuggar alt.

Med politikken til den nye regjeringa er det høgst nødvendig at vi står på mot nedbygging av matjorda og landbruket, mot tvangssamanslåingar, for samferdselsutbygging som kjem heile landet til gode, og for gode velferdstenester i alle kommunar.

Sex som sel og som ergrar

Eg let meg lett provosere over folk som raskt fordømmer andres seksuelle forhold, så lenge det ikkje er tvang og vald inne i biletet. Derfor skreiv eg for eit par dagar sidan eit blogginnlegg om dette. Eg tykkjer det seier seg sjølv at vi må bli mindre moralistiske. Trass i at noko seier seg sjølv, må det somme gongar seiast likevel.

Utgangspunktet for den store debatten som har rast dei siste dagane om seksuelle forhold i politikken, er avsløringa av at Aps Roger Ingebrigtsen for nokre år sidan hadde eit forhold til ei 20 år yngre kvinne.

Eg tok i blogginnlegget mitt atterhald om at det er ting ved denne saka eg ikkje kjenner til. Det atterhaldet tok ikkje media før dei blas saka opp på førstesidene. Eg uttrykte, og eg står framleis grunnstøtt på dette, at på generelt grunnlag er aldersforskjell ikkje i seg sjølv kritikkverdig. Og at formell maktubalanse ikkje nødvendigvis er eit problem.

Personlegheita til partane, modenheitsnivået, situasjonen rundt og måten ting skjer på kan vera langt viktigare. Og ikkje minst om det er frivillig eller ikkje. Det er ikkje bra å umyndiggjera unge kvinner ved automatisk å gå ut i frå at dei ikkje kan ta ansvar for seg sjølve. Ikkje minst skal vi ikkje framstille kvinner som passive seksuelt i eigenskap av at dei er nettopp kvinner, slik det historisk har vorte framstilt og som norma har vore.

Eg har hatt denne bloggen lenge, og lesartalet per innlegg har variert mykje alt etter kva slags tema eg har skrive om. Aldri har lesartalet vore større på eit innlegg enn på «Seksuell moral og umoral i politikken» som eg skreiv i helga. Eg har skrive om valdtektsbølger og kampen mot seksuelle overgrep. Om at eg er mot at det overgrepet omskjering av smågutar er, skal vera lovleg i vårt siviliserte samfunn. Og eg har påpeikt behovet for strengare grensekontroll for å få bukt med organisert og mobil kriminalitet.

Men temaet sex er det som sel best. Eg tener ingenting på mine ord om dette, men det gjer i høgste grad media. Pengane renn inn medan peikefingeren vekslar mellom å vera oppe og å skrive fleire fordømmelsar på tastaturet.

Eg meiner langt ifrå at alle saker som omhandlar seksuelle forhold blant politikar og andre meir eller mindre kjente personar skal haldast unna media. Men eg tykkjer det får vera grenser for alt.

Den nemnte Ingebrigtsen-saka tek stadig nye vendingar, med alt frå skuldingar om at det var utilbørleg press inne i biletet frå den eine sida, til at det er eit politisk spel og ein drittpakke på den andre sida.

Eg vel derfor å ikkje kommentere denne konkrete saka vidare før alle opplysningar er komne fram og verifiserte. Dette rett og slett fordi eg ikkje vil bli teken til inntekt for den eine eller andre sida no som det har kome fram påstandar som ikkje var kjente på laurdag. Alt eg har sagt i generelle vendingar både i det forrige og i dette blogginnlegget, står eg for.

Dersom jenta var utsett for eit overgrep, er det sjølvsagt ei alvorleg sak, og bør politianmeldast. Dersom ikkje kan ein verkeleg spørje seg om denne saka har noko på alle landets framsider å gjera, og det var nettopp DET spørsmålet eg stilte.

Seksuell moral og umoral i politikken

Nok ein såkalla sexskandale “rystar” det norske folk. Eller snarare: rystar dei moralsk høgverdige blant journalistar og redaktørar. Det er Roger Ingebrigtsen frå Ap som denne gongen har vorte synleg som eit døme på umoralske politikarar med uforsvarlege seksuelle drifter.

I saker der det ikkje er gjort noko straffbart, tykkjer eg dei i utgangspunktet har lite eller ingenting i media å gjera. Førebels er det ikkje kome fram påstandar om straffbare forhold i Ingebrigtsen-saka, men aldersforskjell og maktubalanse blir kritisert.

Ein skal vera forsiktig med å meine noko om konkrete saker. Eg ønskjer ikkje å koma i skade for å skrive noko som ikkje er relevant for det forholdet Ingebrigtsen innleidde til den tjue år yngre jenta i 2006. Det kan koma fram nye opplysningar.

Så eg vil gjera klårt at det eg skriv er ein reaksjon på summen av saker som har vore oppe dei siste åra. Eg vil uttrykkje kva eg meiner generelt om slike offentlege skandalar. Det er jo ein del av dei, og fleire vil det bli.

Aldersforskjell er ikkje i seg sjølv kritikkverdig. Om maktubalanse som element i eit seksuelt forhold er eit problem? Jau, jo, tja og kanskje nei. Det er strengt tatt ikkje mange “likeverdige” partar i politiske parti og i næringslivet, menn har stort sett meir makt enn kvinner.

Som mektig kvinne må ein omtrent vera statsminister eller sjef for Telenor for å kunne bli skulda for å ha utnytta makta si overfor yngre menn. Til og med då trur eg det ville passert stille forbi medias søkeljos.

Eg frikjenner ikkje alle menn for å ha opptrådt uklokt dersom dei har hatt forhold til langt yngre kvinner, men det må skiljast mellom tvang og frivilligheit. Dersom vi meiner 16-18 år er for ungt, bør vi heller heve den seksuelle lågalderen enn å rope opp i moralsk indignasjon. Eller vi kan gjera det straffbart med eit visst antal år i aldersforskjell. Eg vil ikkje gå inn for nokon av delane.

Om eit seksuelt forhold til ein eldre mann skal vera verre å handtere psykisk for ei ung kvinne enn eit forhold til ein jamnaldring, vil truleg avhengig av personlegheita og framferda til desse mennene, og vera meir situasjonsbetinga enn aldersbetinga. Det kan koma noko godt ut av erfaring og eventuelt større modenheit hos menn også.

Eg har i utgangspunktet eit svært avslappa forhold til kva andre folk bedriv i senga, og med kven, så lenge som det ikkje er tvang med i biletet. Og eg er like avslappa til kva politikarar bedriv i senga som kva “vanlege” folk gjer.

Skal vi ha avhaldande eller konsekvent trufaste politikarar, må vi rekruttere munkar, katolske prestar og andre sjølverklærte moralsk høgverdige personar til politikken. Men vent, er desse gruppene gode døme på moral? Neppe, om vi ser på dei mange overgrepsskandalane som med rette har rysta media og folket elles.

Er seksuelle forhold med alt frå stor aldersforskjell, utruskap og sexavhengigheit ei klår årsak til at nokon ikkje er eigna til å vera politikar lenger, og til at vi ikkje bør ha tillit til dei?

Vi får gjera ei ganske grundig utreinsking av menn frå politikken i så fall. Og for ikkje å diskriminere må vi fjerne ein god del kvinner også. Ikkje overveldande mange andre er gode nok til å erstatte dei.

Makteslaus i ei brutal verd

Vi politikarar har ansvaret. Det gjer seg ikkje å innrømme at ansvaret vi har ikkje nødvendigvis inneber at vi maktar å gjera viktige endringar i samfunnet. Det skal eg likevel innrømme no.

Kritiser gjerne at eg, dei andre på stortinget og i regjering ikkje har fått slutt på mobbinga i skulen. At dei fleste valdtektsmenn framleis ikkje blir dømte. At rasistar brukar ukvemsord mot menneske frå framande land. At vi ikkje får slutt på at folk døyr i trafikken.

Men ikkje tru at eg ikkje bryr meg, og at eg ikkje gjer så godt eg kan. Det er berre det at eg kan ikkje sørgje for at politiet får ut fingeren når konkrete, alvorlege saker dukkar opp, og få dei til å etterforske grove valdtekter raskare og betre. Eg kan ikkje fortelje dommarar, når dei sit og skal avgjera skuldspørsmålet, at dei skal tru på valdtektsofferet med sønderrive underliv og store skadar sjølv om gjerningsmannen fortel at det var frivillig.

Eg kan ikkje fotfølgje folk på gata for å passe på at dei oppfører seg godt mot andre menneske. Eg kan heller ikkje hindre at bilførarar trakkar ned gasspedalen og gir blaffen i om små ungar leiker bak neste sving.

Når det gjeld mobbinga: eg har vorte mobba i fleire år sjølv på barneskulen. Eg veit kva det gjer med eit menneske. Eg har argumentert politisk i mange samanhengar for at vi må arbeide betre mot problemet. Men – unnskuld uttrykket – desse smådjevlane som nokre av mobbarane framstår som, kan ikkje eg oppdra. Lærarar som vel å ikkje tru på dei som blir plaga, kan eg heller ikkje overbevise.

Kvifor skriv eg dette akkurat i dag? Det kjem nok av at eg kjenner meg makteslaus, og det kan kanskje vera greitt at også politikarar kan innrømme dette. Forteljingar frå Libya og Syria om ungar som blir torturerte får meg til å grine. Eg blir forbanna og fortvilt av historiar om valdtektsoffer og mobbeoffer som ikkje blir trudde eller som ikkje får hjelp. Det går rett og slett skikkeleg innpå meg.

Eg har behov for å seie det høgt: Det er for jævleg å sitje med dette politiske ansvaret og samstundes vera så makteslaus.

Det vi politikarar kan gjera, og som vi gjer, er å arbeide for stadig betre rammevilkår for dei viktige etatane. Men kva i all verda hjelper det dersom pengane ikkje blir brukt der det trengst mest? Det er snakk om prioriteringar. Eit kjedeleg, men viktig ord.

Folk som arbeider med sårbare menneske må ta sitt ansvar, og hjelpe i staden for å oversjå. Og det handlar ikkje minst om det ansvaret kvar og ein av oss har som enkeltmenneske. Bilførarar må køyre rolegare. Rasistar burde helst gå inn i seg sjølv og endre menneskesyn. Valdelege menn må be om sinnemeistringskurs og prøve å endre seg.

Eg for min del må prøve å overbevise meg sjølv om at innsatsen min som stortingsrepresentant utgjer ein forskjell. Det veit eg jo at han gjer i enkelte saker. Eg skal sjølvsagt halde fram med å seie tydeleg kva eg meiner. Eg får håpe at det bidreg til at vi får gjort gode vedtak, og at debattane kan påverke korleis folk tenkjer og handlar.

Somtid kan eg like gjerne krype inn under dyna og gråte av den brutale verda vi lever i. Det blir verken betre eller verre av det.

Media og metodar

TV2 har teke Frps Bård Hoksrud med buksene nede – dei har avslørt at han har kjøpt sex i Riga. I forrige blogginnlegg skreiv eg om dette. I dette innlegget vil eg kommentere metodane TV2 brukte, som eg meiner er tvilsame.

Mange med meg vil meine at det er usmakeleg å fara til Riga saman med tre medlemmar av ungdomsorganisasjonen og gå på horehus. Men likevel: eg misliker tanken på tv-team som ligg i buskane og ventar på at politikarar skal gjera noko gale slik at dei sjølv skal få eit godt oppslag.

Media som vel å overvake med skjult kamera og skjult mikrofon og journalistar som oppgir falsk identitet for å avdekke lovbrot, kan det forsvarast? I saker av særs samfunnsmessig betydning kan det nok det. Er sexkjøpet til ein stortingsrepresentant ei slik sak?

Personvern er eit viktig tema i samfunnet vårt. Det er strenge krav til kva metodar politiet kan bruke sjølv om dei mistenkjer kriminelle handlingar. For å få overvake og avlytte må dei grunngje mistanken sin godt overfor rettssystemet. For media gjeld den presseetiske magefølelsen og redaktøransvaret.

TV2 bør gå inn i seg sjølv og vurdere om dei har gått fram på rett måte. Eg meiner dei ikkje har det.

Politikarar som kler seg nakne

Frps Bård Hoksrud er den som blir omtalt mest i dag på grunn av sexkjøp i Riga. Burde han miste plassen som stortingsrepresentant fordi han har begått dette lovbrotet?

Folkevalte som bryt lova må – sjølvsagt – tole at dei blir avkledde offentleg og ta si straff som alle andre. Det er likheit for lova, og vi skal straffast verken mildare eller strengare enn andre.

Gjer ein noko gale, skal ein kunne sone si straff og vera ferdig med saka. Dette må også gjelde for folkevalte. Derfor har eg lite sans for argument for at stortingspolitikarar som bryt lova må fråtre vervet. (Alvorlege brot på straffelova kan imidlertid gje grunnlag for ein annan konklusjon.)

Vi er valte for fire år om gongen. Rolla som stortingsrepresentant og ansvaret som følgjer med dette må vi sjølve finne ut korleis vi skal handtere. Ved at det per i dag er ein svært høg terskel for å kunne slutte som stortingsrepresentant, veit vi at vi må kunne stå for det vi gjer perioden ut.

Vi må også vurdere konsekvensane dersom vi er frista til å gjera noko kriminelt: At det blir inni hampen pinleg dersom vi blir tekne med buksene nede. At omdømet vårt og partiet sitt blir skadelidande. At vi kjem til å måtte møte i stortingssalen dag etter dag og sjå kollegaar, mediefolk og veljarar i augene til perioden er over.

Eg støttar lovforbodet mot at norske borgarar kjøper sex både innan- og utanlands. Eg meiner sexkjøp er problematisk reint etisk og fordi det ofte er knytt til menneskehandel og grov utnytting av enkeltmenneske. Såleis forsvarer eg ikkje Hoksrud på nokon måte for det lovbrotet han har begått. Men stortingsrepresentant er han i to år til, uansett om han har kledd seg naken i Riga eller ikkje.

Matt av valkamp

Eg misliker valkampar. Dette er noko ein politikar sikkert ikkje bør innrømme, men nokon kan like gjerne gje slike som meg eit ansikt også. For sjølv om valkamp er viktig for å få plass i eit kommunestyre eller på tinget, er det somme av oss folkevalte som mistrivst med det.

Valkamp er eit middel for å få nok stemmer til å vera med der vedtaka blir fatta. Men eg skulle ønskje veljarane vart mindre påverka av dei store orda dei siste vekene før valet, og meir av dei lengre linene. Dei kunne gjerne i større grad vurdere truverdigheita partia (i beste fall) byggjer opp gjennom fleire år.

Gjennom 8 år i formannskap og kommunestyre i Surnadal kommune lærte eg noko viktig: Valkamp er noko som bør gå føre seg i heile fireårs-perioden, og vera basert på politisk handverk og ikkje store ord og feitt flesk. Vilje og evne til å gjennomføre ein god politikk for lokalsamfunn og fedreland er det viktigaste.

Eg vil ikkje påstå at eg har denne evnen, men eg prøver å forbetre meg år for år. Ein del av jobben min består i å traske mellom møtelokale og kontoret mitt i Oslo. På møtefrie dagar reiser eg land og strand og besøker til dømes bedrifter, organisasjonar og kommunale institusjonar. Målet er å lære nok til å kunne vedta fornuftige ting og byggje opp eit kontaktnett eg kan ha bruk for i jobben. Sjølvsagt vil eg også synleggjera Senterpartiet sine meiningar og vår politikk.

Men når eg reiser rundt slik dei siste vekene før eit val, føler eg meg ubekvem. Eg er bekymra for at dei eg besøker skal tru at eg kjem berre for å koma med lovnader som kan sikre partiet fleire stemmer, men at lovnadene blir gløymte straks valet er over. Dette kan folk absolutt ha grunn til å mistenkje når vi politikarar spinn rundt som blide og ivrige snurrebassar i valkampen.

Eg sat i dag tidleg og lurte på kvifor eg ikkje var hyperaktiv i valkampen dei siste vekene før valet, og konkluderte med at det er dette som er problemet mitt. Eg liker ikkje å lova noko utan at eg veit eg kan stå for det. Å drive valkamp er ikkje meininga med livet eller meininga med politikken. Derfor jobba eg omtrent som vanleg desse vekene.

Eg reiste nok rundt meir enn vanleg og smilte ekstra breitt på bileta, men av respekt for at det var eit lokalval konsentrerte eg meg om saker som er relevante både på lokalt og nasjonalt plan i samspel.

Ein fornuftig regel for oss folkevalte er etter mi meining denne: at vi under bedriftsbesøk og liknande der viktige saker kjem opp seier at vi ikkje kan garantere noko resultat, men at vi kan garantere at vi vil prøve. (Og dette må ein sjølvsagt seie berre om ein faktisk kjem til å prøve.)

No er eg glad for at det er eit par år til neste runde med valkamp. Eg gler meg til kvar månad med arbeid dei to komande åra. Så får eg kanskje prøve å eta meg opp til stortingsvalet i 2013, og motivere meg betre til å dele ut store mengder med valflesk då. Eller? Nei, eg trur eg held fram omtrent som eg stemnar.