Viser arkivet for stikkord politiet

Valdtektsbølger og innsats for trygge byar

Ei skremmande valdtektsbølge har skylt over hovudstaden i år, og det er enno ikkje er slutt. Stadig blir nye kvinner overfalt og krenka på det grovaste når dei skulle kunne gått trygt rundt i byen. Noko må gjerast, men kva?

Det er umogleg for politiet å vera alle stader til ei kvar tid for slik å førebyggje overfallsvaldtekter. Likevel er det sjølvsagt tiltak politiet kan gjennomføre for å redusere risikoen. I Stavanger tok politiet fatt i problematikken etter ei valdteksbølge i 2009, og oppnådde imponerande resultat. I 2009 var det 19 anmeldte overfallsvaldtekter pluss 5 valdtekter i drosje. Året etter vart det ikkje anmeldt ein einaste overfallsvaldtekt i byen.

Resepten var mellom anna å doble talet på valds- og sedelegheitsetterforskarar, sende sivile spanarar og etterforskarar ut på byen i helgane, utvikle større kompetanse og betre det taktiske og tekniske nivået. Gjennom målretta arbeid gjorde dei byen tryggare, og fleire gjerningsmenn vart dømte.

Politiet i Stavanger bestemte seg for at dette var noko dei ville prioritere, og resultata kom. Dei samarbeidde med andre aktørar – drosjenæringa, natteramnane, innvandrarorganisasjonar, asylmottaket, dørvaktar, valdtektsmottaket osb. Media var også viktige, dei formidla stadig bodskapen om innsatsen som vart gjort. Og ikkje minst: befolkninga engasjerte seg, mellom anna under fanen “Vi tek natta tilbake, saman for ein trygg by”.

Oslo er ein større og meir uoversikteleg by enn Stavanger, og somme tiltak er ikkje nødvendigvis like enkle å gjennomføre i hovudstaden. Eg meiner likevel det er viktig at Oslo-politiet ser til Stavanger og den målretta innsatsen dei har gjort der. Det er gjennomført ein god analyse av valdtektsproblemet i Oslo, men den målretta strategien og den konkrete oppfølginga kan synast å mangle førebels.

Kvinner skal kunne kle seg og te seg som dei vil og ferdast der dei ønskjer utan at dei risikerer å bli overfalte og valdtekne. Eg håpar at mange ulike instansar går saman for ein trygg by og for å ta natta tilbake også i Oslo.

Lovens lange arm blir amputert

Politiet er viktig for folk i heile landet, men i mange politidistrikt er presset stort for å få lagt ned lokale lensmannskontor. Ein kan spørje seg om kva delar av landet som er så lite viktige at lovens lange arm ikkje skal nå fram dit.

Sjølv om det å leggje ned lensmannskontor må vedtakast i regjering, blir lokale lensmannskontor stadig tappa for oppgåver og stillingar. Folk som treng politi raskt får ikkje hjelp i tide. Eg fryktar at når tenestene deretter ikkje fungerer som dei skal, blir det lettare å leggje ned kontora. Slik sett er det som skjer i mange politidistrikt ei snikomlegging av strukturen.

Det å omstrukture og reorganisere er dagens mantra. Somme stader er det også greitt å slå saman kontor. Men å omstrukturere treng ikkje bety å sentralisere, og treng ikkje å innebera ei massiv nedlegging av lensmannskontor og politistasjonar. Den store IKT-satsinga som no etter kvart kjem i politietaten, vil redusere dei geografiske hindringane, og bør leggje grunnlaget for å styrke lensmannskontor i heile landet ved at ein flyttar ut oppgåver. Senterpartiet og regjeringa må derfor prioritere IKT-satsing i dei neste statsbudsjetta.

Å fjerne nærpolitiet er å ryggje inn i framtida. Vi ønskjer å styrke barnevernet og få til eit betre samarbeid mellom kommunale og statlege etatar. Forsvinn det lokale politiet, vil det ødeleggje for denne moglegheita i saker som er veldig viktige for barn og vaksne som treng god oppfølging og hjelp i vanskelege livssituasjonar.

Eg vil understreke at lokalt politi er viktig også i tett befolka område. Nærheit til tenestene, lokalkunnskap og førebyggende arbeid er viktig uansett om du bor i Stavanger, Tingvoll, Sula eller Ålesund. Såleis er det heller ikkje aktuelt for Senterpartiet å leggje ned lensmannskontor i folketette områder over ein låg sko.