Viser arkivet for stikkord politi

Betre med våpen for hand?

Norsk politi er ikkje væpna til dagleg, til liks med politiet i nokre få andre land som New Zealand, Irland og Storbritannia. I Sverige, der politiet er væpna, blir det skote ti gongar meir enn hos oss, og talet på skadde og drepne er såleis også høgare.

Erfaringane viser klårt at eit politikorps som ber våpen til dagleg fører til at både politiet og dei kriminelle bruker våpen oftare.

Diskusjonen om generell væpning av norsk politi er oppe frå tid til anna, men akkurat no er debatten ekstra sterk. Årsaka til at temaet er så aktuelt, er at 5800 politifolk over heile landet går med våpen på seg no i førjulstida. Ordren om å bera våpen, førebels gitt for fire veker, er ein reaksjon på trusselvurderinga frå PST der nettopp politifolk vart peikt på som ei mogleg målgruppe for terroristar.

Gitt denne situasjonen, med ei open trusselvurdering der ein ser for seg at enkeltterroristar kan angripe enkelttenestemenn, er det forståeleg at politidirektøren og justisministeren konkluderer med at dei må gje politifolka våre våpen å forsvare seg med.

Det er imidlertid ei side ved saka som gjer det heile vanskelegare: Trusselvurderinga avgrensar ikkje situasjonen til nokre veker eller månader, men til eit heilt år. Tolv månader altså. Og når desse 365 dagane er gått, kva då? Er risikoen plutseleg så mykje mindre? Sjølvsagt ikkje.

Kva skal justisministeren gjera om han får gjentekne søknader frå politidirektøren om våpen i fire nye veker framover? Viss vi ser på væpninga av politiet no som avgjerande for at dei skal vera trygge, kan vi like gjerne gi blankofullmakt til politidirektøren på generell væpning av politiet til evig tid.

Dette var eg også innom i spørjetimen på Stortinget onsdag 26. november, då Bård Vegar Solhjell frå SV spurte justisministeren om han kunne garantere at dette ikkje er ei varig innføring av væpna politi, men at det vil opphøyre straks det er trygt. Poenget mitt er at vi aldri kan vita om det er trygt. I spørsmålet om våpen til alle politifolk, blir det viktig at vi held fast på årsaka til at vi ikkje har generelt væpna politi frå før.

Vi må klare å tenkje både praktisk og prinsipielt i vanskelege situasjonar. Og vi må gjennomføre balanserte tiltak for å tilpasse oss utryggheita som er knytt til terrorfare.

Som professor ved Politihøgskulen, Johannes Knutsson, har skrive i ein kronikk på NRK Ytring 9/11 2012: “Et vanlig argument for bevæpning er at det beskytter politiet. Her savner vi dessverre gode data. Men ved de mest tragiske hendelsene i Norge de siste årene, der tre politifolk har blitt drept i tjeneste, var politiet bevæpnet. Den verste saken i Sverige var en hendelse der to politifolk ble henrettet med sine egne skytevåpen – altså ikke noe som gir styrke til argumentet om generell bevæpning.”

Det er dessutan interessant å sjå på prosessen kring avgjerda om væpning. Politimeistrane vart visst ikkje spurte på førehand om dei var einige i at politidirektøren skulle søkje Justisdepartementet om å få væpne alle politifolk. Dei burde strengt tatt vera meiningsberettiga.

Politimeister Arne Hammersmark har uttalt til TV2 om den midlertidige væpninga at: «Den kommer på bakgrunn av en svært ullen og ikke særlig presis og god trusselvurdering fra PST. Jeg kan ikke se at det er noe vi skal bevæpne oss på grunn av.»

Det er viktig å understreke at norsk politi sjølvsagt også til vanleg har tilgang på våpen ved behov, ved såkalt “framskoten lagring” i bil, der ein etter å ha fått lov frå politimeisteren (eller ein representant for han) kan bruke våpenet. Forskjellen desse fire vekene vi er inne i no, er at politiet går med våpna på seg.

Seinast då eg kom med fly frå Oslo til Molde på veg heim sist, stod det ein blid politimann inne i terminalen med eit våpen hengjande på høgre hofte. Sjølv om han var blid, tykte eg ikkje det var noko kjekt med det våpenet. Eg vil ikkje at verken han eller vi andre skal bli vant til at han går med det.

(Dette er ein noko endra versjon av ein artikkel som har vore publisert på nettavisa til Høgskolen i Molde, Panorama.)

Hurtigsporet

For å koma kriminalitet til livs, er ein avhengig av å ha system som gjer at ein kan bekjempe kriminalitet effektivt. Eit hurtigspor i domstolane til gje raskare straffesakshandsaming.

Samfunnet endrar seg stadig. Kriminaliteten endrar seg, men også kven som utfører lovbrota. Folk reiser mer. Frie grensepasseringar medfører at dei som ikkje kjem til Noreg på ferie eller for å jobbe, men for å livnære seg på kriminalitet, også slepp lett inn.

Stadig høyrer vi i media om at kriminelle blir sleppte ut på gata etter å ha hatt ein snarvisitt i politiarresten. Dei forsvinn, og mange av desse er personar utan fast opphaldsstad som beveger seg rundt i samfunnet utan at myndigheitene har kontroll på dei.

Korleis kan vi gjera noko med denne situasjonen? Jo, vi må få ei meir effektiv strafferettspleie. Situasjonen har endra seg mykje dei siste åra. Ei løysing eg tek til orde for, er å etablere eit hurtigspor i dagens domstolssystem.

Høve til hurtighandsaming har vi i dei tilfella kor den sikta erkjenner dei faktiske forholda, men dette er ikkje så ofte. Dette fører gjerne til at ein må vente svært lenge på at saka kjem opp i retten.

Eg ser for meg ei ordning der politiet og domstolane i større grad samhandlar. Det er mogleg med ei effektiv straffesakshandsaming medan den sikta sit pågripen. Dette vil vera både i den siktas og samfunnets interesse at dette går raskt.

Dette bør vera aktuelt for lovbrot av mindre alvorleg karakter, typisk narkotika- og vinningskriminalitet. Slik situasjonen er i dag, er det mange slike lovbrot som ikkje er alvorlege nok til at påtalemyndigheita vel å varetektsfengsle gjerningspersonane fram til hovudforhandling, sjølv om unndragingsfaren er overhengjande.

Førstegangs overtreding av eit mindre alvorleg narkotikalovbrot blir ofte berre straffa med betinga fengsel. Dette har som konsekvens at lovbrytarane blir lauslatne, at dei unndreg seg straffeforfølging, og at det blir skapt eit lovtomt rom. Dette er ein situasjon vi må motverke.

For Oslo politidistrikt har dette vore eit stort problem dei siste åra. Dei har i lengre tid gjort mykje for å bekjempe openlys narkotikaomsetnad i sentrum. For å få bukt med dette problemet er det å få fjerna dei som står for lovbrota heilt sentralt, noko som inneber at straffesakene må blir avgjorte raskt.

Desse aktuelle sakene er ofte ferdig etterforska på gjerningsstaden. Eit døme: dersom politiet tek ein narkotikaseljar med stoff på seg på Oslo S, skal det normalt ikkje mykje etterforsking til for å oppklåre denne saka i seg sjølv. Det same gjeld enkelte typar vinningskriminalitet, der gjerningsmannen blir observert under handlinga, og tatt med utbytte frå den straffbare handlinga på seg.

Det optimale ville vore om politiet dagen etter kunne køyre den sikta til Oslo tingrett, at ein kunne få gjennomført hovudforhandling, at dommen kunne bli forkynt, fullbyrda og effektuert (føresett at vedkomande ikkje ankar), samt at ein kunne få gjennomført eventuell uttransportering og utvising frå landet. I staden er det slik at ein i dag må vente minst 3 månader på hovudforhandlinga.

Eg vil understreke at grunnleggjande rettstryggleiksideal sjølvsagt skal liggje til grunn. Alle som er part i ein rettsprosess skal føle at dei blir ivaretekne. Men det treng ikkje vera nokon motsetnad mellom effektivitet og rettstryggleik.

(Dette er ein redigert versjon av eit innlegg eg hadde på trykk i Klassekampen i mai 2014)

Nærpoliti også for framtida

Nærpolitiet handlar om eit politi som folk kjenner og som kjenner folk. Dette er viktig førebygging. Det er lettare for politiet å ta tak i ungdom som er i ferd med å skli ut dersom dei oppdagar det tidleg.

Lokale lensmannskontor kan samarbeide godt med skule, barnevern, helsetenesten m.m. Større avstandar skaper vanskeligare vilkår for å samarbeide.

Regjeringen arbeider no med ei ”resultatreform”, ei stortingsmelding om korleis ein skal få best mogleg resultat for dei tilgjengelege ressursane i politietaten. Dette er eit viktig arbeid som vi i Senterpartiet involverer oss aktivt i.

Dessverre er det eit problem at det i mange politidistrikt skjer ei slags sniknedlegging av lokale lensmannskontor parallelt med arbeidet med resultatreforma. Dette undergraver sjansen dei folkevale har til å påverke korleis politietaten skal utvikle seg.

Sjølv om ikkje lensmannskontorea blir formelt nedlagde i kongeleg statsråd som kravet er for slikt, er det i praksis ei nedlegging når ein tappar kontor for stillingar og seier opp husleigeavtalar.

Det er viktig og nødvendig at omstruktureringsprosessar blir stoppa inntil Stortinget har behandla resultatreforma neste år. Dersom vi skal behalde og rekruttere gode politifolk i heile landet, må vi ha ei meir føreseieleg utvikling framover. Ingen vil søkje seg til kontor der nedleggingsspøkelses trugar. Derfor er det viktig at resultatreforma sier noe om strukturen også, ikkje berre på politidistrikta, men også på tenestestadene.

Teknologisk utvikling gjer det mogleg å sentralisere oppgåver også til distrikta og slik styrke lokale lensmannskontor. Det er ikkje slik at alle framsteg blir gjort ved å flytte oppgåver og folk til sentrale strøk.

Eg er ikkje mot alle endringar, men endringane må vera vel funderte og det må vera eit reelt innhald i omgrepet nærpoliti også framover.

Utviklinga går mot færre kontor for å få fleire døgnbemanna patruljar på vegene. I praksis blir det likevel eit problem når avstandane er så store som dei er i enkelte lensmannsdistrikt.

Dersom det skjer noko i en by samtidig som noke skjer i ei bygd to timar unna, hjelper det ikkje med ein patrulje som er stasjonert i byen. Utrykningstida blir veldig lang. Mange gongar må brannvesen og ambulansepersonell utføre politioppgåver på ein skadestad fordi dei kommer raskt dit, medan politiet kjem sist.

Vi skal halde fram med å satse på politiet. Dei siste seks åra har det vorte utdanna over dobbelt så mange politifolk som viss nivået frå 2005 hadde vorte opprettheldt. Målet er 2 politifolk per 1000 innbyggjar innan 2020. Det skal vi klare, men det er viktig at denne satsinga kjem heile landet til gode. Nærpolitiet skal vi ha både i bygd og by også for framtida.

Målet om eit trygt samfunn

(Dette er innlegget mitt i justisbudsjettdebatten i Stortinget 3/12 2009)

Slik eg ser det, er justisfeltet eit slags kraftfelt der vi gjennom både visjonære og konkrete diskusjonar, godt fundert lovgjeving og fornuftig utøving av makt skal leggje til rette for eit trygt samfunn.

Det å kjenne seg trygg er ikkje ei sjølvfølgje for alle. Forsvarslause ungar veks opp i heimar med rus og vald. Både kvinner og menn blir utsette for krenkande overgrep. Og enkelte opplever å bli rana i heimen sin medan dei søv.

Vi kan somtid kjenne oss makteslause når vi veit kor vanskeleg det er å få bukt med denne valds- og vinningskriminaliteten som gjer folk utrygge. Norge er eit godt land å bu i for veldig mange, det er grunn til å understreke det, men så lenge som mange også får øydelagt liva sine på grunn av andre sine ugjerningar, kan vi ikkje kvile.

Eg vil som representant for Senterpartiet og dei raud-grøne framheve det målet vi har sett oss om å førebyggje betre, reagere raskare, oppklåre meir og rehabilitere betre. Dei grepa vi har gjort for å føre oss nærare dette målet er ei massiv satsing på politiet både ved rekordhøge opptak ved Politihøgskulen og ved å tilføre politietaten betydeleg meir pengar.

Domstolane våre – som er av dei mest effektive i Europa – har på imponerande vis fått unna etterslepet i sakshandsaminga. Og ved å få bort soningskøane i fengsla har vi beredt grunnen for å tilføre soninga eit betre innhald, noko som vil førebyggje ny kriminalitet. Kort sagt: Desse satsingane vil gjera folk tryggare.

Det ein aldri skal gløyme, er at det bak statistikken både over gjerningspersonar og offer står enkeltmenneske, kvar med sine problem og kvar si sårbarheit. Rus eit stort problem både for dei personane som er rusavhengige og for dei som blir råka av den kriminaliteten som kjem i kjølvatnet av rusmisbruket.

Domfelte med rusproblem er ikkje enkle å behandle og følgje opp, derfor er det eit stort behov for tilrettelagt soning med kompetent personell i fengsla og i friomsorga. Eg har forventninga til at dei nye rusmeistringseiningane skal bidra til at fleire kjem seg ut av misbruket og klarar ut med livet, til det beste for både dei sjølve og andre.

Heldigvis har ofra sine rettar og behov for støtte og oppfølging vorte teke mykje meir på alvor dei seinare åra. Ein god politikk for å verne om ofra sine rettar må også hengje saman med tiltak for å hjelpe lovbrytaren til å bryte den vonde kriminalitetssirkelen. Dess mindre vi lukkast med dette siste, dess fleire nye offer får vi dessverre.

Samstundes skal vi heller ikkje gløyme at folk nok forventar at Storberget opptrer som Fantomet, som det står skildra i jungelordet ”Fantomet er hard mot dei harde.” Straff skal for så vidt ikkje vera hemn, men alvorlege lovbrot må følgjast av strenge straffar. Såleis er det grunn til å nemne den nye straffelova som vart vedteken tidlegare i år, der nettopp strafferamma for grov vald og sedelegheitsforbrytelsar blir skjerpa.

Eg skal ikkje dra samanlikninga mellom justisminister Storberget og Fantomet så veldig langt, men eg kan ikkje dy meg for anna enn å sitere eit jungelord til i dette innlegget: ”Det hender Fantomet forlater jungelen, og går omkring i byen som en vanlig mann.”

Jaja. I dette tilfellet er det kanskje politikken som med eit aldri så lite skråblikk kan kallast jungelen, men vi kan også ta ei litt meir alvorleg vinkling der justisministeren ikkje lenger er ein del av biletebruken. Vi kan sjå for oss jungelen som ymse kriminelle miljø. Vi i Sp er opptekne av indivitets rettar og pliktar. Men vi har også ei grunnleggjande tru på at enkeltmennesket har evne til å endre seg.

Såleis er det viktig for meg å presisere at samfunnet bør leggje til rette for at ein domfelt som gjer sitt beste for å begynne eit nytt og betre liv skal kunne bevege seg ut av jungelen og vandre rundt i byen som ein vanleg mann.

Det fordrar at samfunnet legg til rette med god oppfølging og arbeid, men også at kvar enkelt av oss møter desse enkeltmenneska med respekt og ikkje fordømming. Det er noko som heiter at “sterk er den som vinn over andre, men mektig er den som overvinn seg sjølv”. Når nokon klarar dette, fortener dei å få anerkjenning for det.

Justiskomiteen sitt arbeid omhandlar meir enn politi, rettsvesen og kriminalomsorg. Jordskifteretten er eit døme på ein viktig institusjon der saker som betyr mykje for folk blir handsama. Følelsane knytt til eigedomsgrenser er ikkje til å spøke med, og uklåre eigedomsforhold skapar gjerne praktiske problem som ei rask og kvalifisert behandling i jordskifteretten ryddar opp i.

Eg vil vise til at det i regjeringsplattforma for den nye raud-grøne regjeringa blir slått fast at Regjeringa vil oppretthalde styrkinga av jordskifteretten og gjennomføre tiltak for auka rekruttering. I år vart det teke eit stort løft for å heve lønna til jordskiftedommarane for å gjera forskjellen mellom lønna deira og dommarar i rettsvesenet elles betrakteleg mindre.

I Fræna kommune ute ved kysten på Nordvestlandet ligg det nasjonale ATK-senteret, som per i dag tek hand om ca 1/3 av alle fotobokssakene i landet. Eg har stor tru på at det å overføre fleire slike saker til dette senteret vil kunne frigjera ressursar til meir operativt politiarbeid i mange politidistrikt rundt omkring. Og for oss i Senterpartiet – som er opptekne av vekst og velferd til liks med statlege arbeidsplassar i heile landet, er sjølvsagt ei sentralisering av oppgåver til ein distriktskommune ein oppbyggjande tanke.

Men aller viktigast: det å gjera arbeidet med dei sivile oppgåvene mest mogleg rasjonelt både ved dette grepet og ved andre tiltak, er særs viktig for at vi skal kunne nå målet om eit synleg og aktivt politi som førebyggjer godt og oppdagar kriminalitet raskt. Det at denne regjeringa i år oppretta 460 nye sivile stillingar i politiet, gjer at 280 polititenestemenn blir frigjort til operativt politiarbeid. Dette er eit godt døme på at vi gjer det vi kan for at politiet skal kunne vera meir ute i felten.

Ein diskusjon som pågår i ein del politidistrikt, er om strukturen. Kor mange lensmannskontor skal ein ha i distriktet, og om ein går inn for å slå saman somme, kven skal vera att? Eg vil leggje vekt på at vi i Senterpartiet er opne for endringar om dei bidreg til meir tryggheit for folk. I dei vurderingane som skal takast om strukturen rundt om i det ganske land, er det likevel på sin plass å minne om at resultata av politiets arbeid ikkje er lett å måle, og at ein desentralisert struktur i somme distrikt er sterkt medverkande til at kriminaliteten er låg og at tryggheitsfølelsen er sterk hos mange.

I Soria Moria II blir det derfor slått fast at regjeringa vil oppretthalde ein desentralisert politistruktur. Vidare står det i merknadene frå komiteen at ein skal leggje vekt på at også lokalkunnskap, tryggheit for befolkninga og førebyggjande arbeid skal liggje til grunn når omstruktureringar skal vurderast.

Eg begynte dette innlegget med å tala om at vi arbeider for eit trygt samfunn. Eg vil avslutte med å peike på den viktige innsatsen dei frivillige aktørane gjer. Dei har eit stort engasjement og eit varmt hjarte som det er verdt å framheve. Dei bidreg til at mange domfelte får meir meiningsfulle liv, for eksempel Musikk i fengsel og frihet. Saman med flinke folk i politiet, rettsvesenet og kriminalomsorga bidreg også dei ulike frivillige organisasjonane til at vi alle kan kjenne oss nettopp tryggare.