Viser arkivet for stikkord overvaking

Personvernet og svin på skogen

Nyleg avsa Høgsterett ein dom der dei frikjente ein arbeidsgjevar for å ha sagt opp ein tilsett etter å ha brukt lagra informasjon på GPS-en til å seie han opp. Vedkomande hadde skrive for mykje overtid og teke lenger pausar enn det han hadde rett på. Datatilsynet meiner slik overvåking er ulovleg, men Høyesterett godkjente at informasjonen vart brukt som bevis i retten.

Dette er eit vanskeleg tema. Den teknologiske utviklinga gjer det snart mogleg å overvake alle til ei kvar tid. Spørsmålet blir då om vi skal la dette skje eller om vi skal avgrense høva til å overvake og bruke informasjon som ikkje er registrert for det føremålet som det blir brukt til.

Hovudprinsippa bør etter mi meining vera: Minst mogleg skal bli registrert. Info som blir registrert må oppbevarast trygt og brukast berre til det gjeldande føremålet (bortsett ved skjellig grunn til mistanke om alvorleg kriminalitet). Folk skal vita om det dersom bevegelsesmønsteret deira m.m. blir registrert, også om dei er på jobb.

Eit anna tema er om bør slabbedaskar kanskje bør kunne seiast opp lettare? Oppsigelsesvernet er sterkt. Det er det mange gode grunnar til, men udugelege folk som øydelegg for lønsemda og gjer kollegaane sine arbeidsplassar utrygge, burde nok kunne lukast lettare ut.

Uansett: Folk er ikkje perfekte. Det må vera såpass slakk i eit samfunn at vi ikkje kan grunngje overvaking og registrering med at dei som ikkje gjer noko gale ikkje har noko å frykte. Eg vil forbehalde meg retten til å ha nokre svin på skogen og tykkjer andre bør kunne ha det same. Det er menneskeleg å gjera nokre feil av og til.

Personvernet er truga både av moderne overvakingsteknologi, datalagringsdirektivet og stadig fleire register som lett kan misbrukast av dei med mindre gode hensikter. Det er såleis viktig med reguleringar på dette feltet.

Eg er skeptisk til Høgsterett si avgjerd sjølv om den aktuelle arbeidsgjevaren truleg hadde god grunn til å seie opp karen. Konsekvensen av dommen kan dessverre bli at terskelen arbeidsgjevarar har for å overvake, registrere og misbruke informasjon blir lågare. Dette kan gje dårlegare arbeidsmiljø og vera verre for effektiviteten og lønsemda i bedriftene enn om dei stolte på sine tilsette og la til rette for lojalitet og arbeidsinnsats.