Viser arkivet for stikkord ordførarmakt

Taburettar og tabbar

Kampen om ordførarvervet går føre seg i somme kommunar enno. Der kampen er over, er resultatet ikkje alltid i tråd med det veljarane har ønskt. Gjer partia somtid ein stor tabbe når dei sikrar seg taburettar?

Prøveordninga med direkte ordførarval vart ikkje vidareført. Eg meiner det er greitt – for ein ordførar er det ikkje nok å ha fleirtal blant veljarane. Å ha kommunestyret attom seg er nødvendig for å få utretta noko.

Samstundes er det viktig at veljarane ser at deira stemme tel. Dersom det verkar heilt urimeleg at eit parti med stor framgang og mange prosents oppslutning ikkje får ordføraren, kan det verke demotiverande for seinare val.

Eg tilhøyrer eit parti som gjennom forhandlingar og hestehandlar søkjer makt – og prøver å påverke og oppnå noko. Godt politisk handverk er viktig dersom ein skal få til resultat. Vi i Senterpartiet kan nok seiast å vera særleg resultatorienterte. Å vinne debattane og få skryt for retorikken gir ikkje same gleda som eit vedtak.

Likevel: sjølv om ein er oppteken av makt er det viktig å ha magemål når det gjeld kva posisjonar ein søkjer. Konklusjonen min etter årets og tidlegare års lokalval er at ikkje alle har dette magemålet. No talar eg ikkje om eitt bestemt parti, men om lokalparti av ulike fargar.

Ein variant er særs oppsiktsvekkjande konstellasjonar mellom parti med ulik ideologi. Ein annan variant er lovnader om forhandlingsmøte som blir brotne ved at avtalar blir inngått tidlegare enn føresagt.

I mange kommunar er det eit godt samarbeid mellom parti som ikkje står nær kvarandre i rikspolitikken. Det er mykje personavhengig, og det er ein fordel med god kjemi og ei konstruktiv tilnærming til kommunen sitt beste.

Såleis skal ein ikkje bli bestyrta om til dømes Krf og Sv går saman, eller Ap og Frp. I alle fall ikkje om samarbeidet er tufta på ei felles forståing om kva som gagnar kommunen. Men blir det eit samarbeid berre for å “ta frå” det vinnande partiet sigeren, er det meir problematisk.

Er eit mogleg samarbeid varsla på førehand, er det derimot betre – då har veljarane visst at ei stemme til eit av partia også er ei stemme til det andre. Då kan det totale resultatet for dei aktuelle partia målast mot eit anna stort parti på eit anna vis.

Dette er mykje synsing om kva som er rett og gale. Eg har ikkje fasiten. Eg vil likevel understreke noko så opplagt som at folkemeininga bør telje i eit demokrati. Ein viss fingerspitzgefühl når posisjonar skal fordelast skadar ikkje. Tabbar kan unngås sjølv om taburettane fristar.