Viser arkivet for stikkord og

Kvinner, makt og media

To tredjedelar av sakene i media er visst om menn – likeeins er det flest menn som er fotograferte. Er vi kvinner beskjedne og for lite dyktige, eller har dette andre årsaker? Eg meiner ei av løysingane på problemet er at vi kvinner bør bli meir like menn. Hæ? seier du kanskje no. Forklåringa finn du lenger nede.

“Kvinner, makt og media” var tittelen på ei innleiing eg heldt i Valldal i går kveld, på eit arrangement i regi av “Tausaløftet”. Der tok eg utgangspunkt i at det å ha makt er å ha evne og høve til å påverke andre. Skal ein påverke andre, må ein nå fram til dei. Å nå ut til innbyggjarar og potensielle veljarar gjennom media er såleis viktig for å få politisk makt.

Blir ein kjent i media, kan ein opparbeide seg større autoritet og få meir makt i dei fora der vedtak blir fatta. Likestilling er mellom anna at kvinner og menn skal ha like høve til å påverke samfunnsutviklinga. Ergo: skal ein betre likestillinga må kvinner visast meir i avisene og høyrast meir på radioen.

Eg liker ikkje å tenkjer på meg sjølv som “kvinneleg politikar”. Men så må eg innfinne meg med at det jo er slik. Då er det interessant å spørje seg: kva er følgjene av å vera kvinne i staden for mann i politikken?

Eg har allereie nemnt at menn langt oftare er refererte til og omtalte i media. Påstanden min er at dette dels skuldast at mange kvinner førebels er for lite offensive. Men eg meiner også bestemt at journalistane ikkje tek ofte nok kontakt med kvinner som kan ha noko relevant å seie om ei sak. God journalistikk må handle om å spegle samfunnet – og kvinner utgjer vitterleg halvparten av befolkninga.

Ein journalist eg kjenner sa at kvinner ofte nektar å bli tekne bilete av fordi dei ikkje har ordna seg på håret. Huff ja, det er sikkert eit poeng. Og redaktøren i lokalavisa Storfjordnytt, som også heldt innleiing på møtet i går, fortalte at ein del kvinner ho vil intervjue prøver å vri seg unna heile greia. Ho meinte desse kvinnene tek det heile for personleg – dei vil ikkje synast sjølve som personar, men gløymer såleis at dei representerer nokon andre også som bør synast, alt frå medlemmane i det lokale idrettslaget til oss kvinner som gruppe.

Kva er løysinga? Som eg har sagt allereie: kvinner må bli meir like menn. Sjølv om dette høyrest paradoksalt og politisk ukorrekt ut, står eg fast på dette. Vi kan ikkje gøyme oss bort, tru vi ikkje har nok å fara med og halde opp å ta ordet i større forsamlingar og så furte over at vi ikkje er synlege nok i media. I den grad det å vera frampå, ha tru på eigen bodskap og meine at ein sjølv kan spela ei viktig rolle i samfunnet er mannlege eigenskapar, må vi kopiere desse snarast råd.

For det andre: kjem ikkje journalistane til oss, må vi koma til dei. For det tredje: vi må ikkje bekymre oss så gale for hårsveisen, men heller hugse at vi mest truleg har minst like mykje viktig å seie som karane. Så gjenstår det å sjå om desse grepa gjer at andelen kvinner i media tilsvarer andelen i befolkninga om nokre år.