Viser arkivet for stikkord moral

Seksuell moral og umoral i politikken

Nok ein såkalla sexskandale “rystar” det norske folk. Eller snarare: rystar dei moralsk høgverdige blant journalistar og redaktørar. Det er Roger Ingebrigtsen frå Ap som denne gongen har vorte synleg som eit døme på umoralske politikarar med uforsvarlege seksuelle drifter.

I saker der det ikkje er gjort noko straffbart, tykkjer eg dei i utgangspunktet har lite eller ingenting i media å gjera. Førebels er det ikkje kome fram påstandar om straffbare forhold i Ingebrigtsen-saka, men aldersforskjell og maktubalanse blir kritisert.

Ein skal vera forsiktig med å meine noko om konkrete saker. Eg ønskjer ikkje å koma i skade for å skrive noko som ikkje er relevant for det forholdet Ingebrigtsen innleidde til den tjue år yngre jenta i 2006. Det kan koma fram nye opplysningar.

Så eg vil gjera klårt at det eg skriv er ein reaksjon på summen av saker som har vore oppe dei siste åra. Eg vil uttrykkje kva eg meiner generelt om slike offentlege skandalar. Det er jo ein del av dei, og fleire vil det bli.

Aldersforskjell er ikkje i seg sjølv kritikkverdig. Om maktubalanse som element i eit seksuelt forhold er eit problem? Jau, jo, tja og kanskje nei. Det er strengt tatt ikkje mange “likeverdige” partar i politiske parti og i næringslivet, menn har stort sett meir makt enn kvinner.

Som mektig kvinne må ein omtrent vera statsminister eller sjef for Telenor for å kunne bli skulda for å ha utnytta makta si overfor yngre menn. Til og med då trur eg det ville passert stille forbi medias søkeljos.

Eg frikjenner ikkje alle menn for å ha opptrådt uklokt dersom dei har hatt forhold til langt yngre kvinner, men det må skiljast mellom tvang og frivilligheit. Dersom vi meiner 16-18 år er for ungt, bør vi heller heve den seksuelle lågalderen enn å rope opp i moralsk indignasjon. Eller vi kan gjera det straffbart med eit visst antal år i aldersforskjell. Eg vil ikkje gå inn for nokon av delane.

Om eit seksuelt forhold til ein eldre mann skal vera verre å handtere psykisk for ei ung kvinne enn eit forhold til ein jamnaldring, vil truleg avhengig av personlegheita og framferda til desse mennene, og vera meir situasjonsbetinga enn aldersbetinga. Det kan koma noko godt ut av erfaring og eventuelt større modenheit hos menn også.

Eg har i utgangspunktet eit svært avslappa forhold til kva andre folk bedriv i senga, og med kven, så lenge som det ikkje er tvang med i biletet. Og eg er like avslappa til kva politikarar bedriv i senga som kva “vanlege” folk gjer.

Skal vi ha avhaldande eller konsekvent trufaste politikarar, må vi rekruttere munkar, katolske prestar og andre sjølverklærte moralsk høgverdige personar til politikken. Men vent, er desse gruppene gode døme på moral? Neppe, om vi ser på dei mange overgrepsskandalane som med rette har rysta media og folket elles.

Er seksuelle forhold med alt frå stor aldersforskjell, utruskap og sexavhengigheit ei klår årsak til at nokon ikkje er eigna til å vera politikar lenger, og til at vi ikkje bør ha tillit til dei?

Vi får gjera ei ganske grundig utreinsking av menn frå politikken i så fall. Og for ikkje å diskriminere må vi fjerne ein god del kvinner også. Ikkje overveldande mange andre er gode nok til å erstatte dei.