Viser arkivet for stikkord mobbing

Svineproduksjon med dårleg avkastning

Er mannsgrisane med på å auke brutto nasjonalprodukt og å sikre velferden vår for framtida? Neppe.

Det er tre interessante saker som har gått i media for tida. Den eine er perspektivmeldinga som regjeringa har lagt fram. Den andre er netthets mot kjente kvinner. Den tredje er at elevar på skular med mykje mobbing gjer det gjennomsnittleg dårlegare enn på elevar på skular med lite mobbing.

Innbyggjarane i A/S Noreg fekk ein klår bodskap ved presentasjonen av perspektivmeldinga, som ser fram til år 2060. Vi må alle jobbe meir og lenger for å sikre nasjonaløkonomien og velferdsstaten. Oljefondet er ikkje ei utømmeleg pengekrukke som gir saftige pensjonsutbetalingar til alle til evig tid. Vi må sjølv sikre pensjonsordningane ved å yte ein innsats og skape gode resultat.

I svensk fjernsyn har kjente svenske kvinner fortalt om grov sjikane og hets via nettet. Det handlar om mobbing og grov vald mot kvinner. Det førekjem også her i Noreg, slik vi har fått klåre døme på. Det er ikkje grov vald i form av fysiske slag, spark og valdtekter, men i form av brutale truslar om slikt. Dei fleste vil meine netthets er ubehageleg og skremmande. For somme blir det for vanskeleg å jobbe i offentleg synlege stillingar.

Ei undersøking som Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress nyleg la fram, viser til dårlegare resultat på skular med mykje mobbing. Dette er interessant å sjå i samanheng med perspektivmeldinga og den utbreidde netthetsen.

Same kven som blir offer for mobbinga, om det så er ungar eller vaksne menn og kvinner, vil det kunne føre til «dårlegare resultat» for landet vårt. Og når mykje av mobbinga via nettet attpåtil er retta mot offentleg synlege og dyktige kvinner, blir ikkje resultatet akkurat så mykje betre. Kvinner må kunne delta som ein del av arbeidsstyrken på alle plan, også som journalistar, politikarar, artistar og i høge leiarstillingar.

Netthetsarane må bruke kreativiteten sin til noko anna enn å hakke på tastaturet med klissete fingrar og spreie drit. Då må vi hindre dei i å mobbe. At kjente kvinner fortel om problemet er forhåpentlegvis til hjelp. Regjeringa har nyleg lagt fram eit lovforslag som skal gjera det lettare å straffe folk som driv netthets.

For framtida til A/S Noreg blir det ein produksjon med dårleg avkastning dersom vi alar opp fleire mannsgrisar i åra som kjem.

Makteslaus i ei brutal verd

Vi politikarar har ansvaret. Det gjer seg ikkje å innrømme at ansvaret vi har ikkje nødvendigvis inneber at vi maktar å gjera viktige endringar i samfunnet. Det skal eg likevel innrømme no.

Kritiser gjerne at eg, dei andre på stortinget og i regjering ikkje har fått slutt på mobbinga i skulen. At dei fleste valdtektsmenn framleis ikkje blir dømte. At rasistar brukar ukvemsord mot menneske frå framande land. At vi ikkje får slutt på at folk døyr i trafikken.

Men ikkje tru at eg ikkje bryr meg, og at eg ikkje gjer så godt eg kan. Det er berre det at eg kan ikkje sørgje for at politiet får ut fingeren når konkrete, alvorlege saker dukkar opp, og få dei til å etterforske grove valdtekter raskare og betre. Eg kan ikkje fortelje dommarar, når dei sit og skal avgjera skuldspørsmålet, at dei skal tru på valdtektsofferet med sønderrive underliv og store skadar sjølv om gjerningsmannen fortel at det var frivillig.

Eg kan ikkje fotfølgje folk på gata for å passe på at dei oppfører seg godt mot andre menneske. Eg kan heller ikkje hindre at bilførarar trakkar ned gasspedalen og gir blaffen i om små ungar leiker bak neste sving.

Når det gjeld mobbinga: eg har vorte mobba i fleire år sjølv på barneskulen. Eg veit kva det gjer med eit menneske. Eg har argumentert politisk i mange samanhengar for at vi må arbeide betre mot problemet. Men – unnskuld uttrykket – desse smådjevlane som nokre av mobbarane framstår som, kan ikkje eg oppdra. Lærarar som vel å ikkje tru på dei som blir plaga, kan eg heller ikkje overbevise.

Kvifor skriv eg dette akkurat i dag? Det kjem nok av at eg kjenner meg makteslaus, og det kan kanskje vera greitt at også politikarar kan innrømme dette. Forteljingar frå Libya og Syria om ungar som blir torturerte får meg til å grine. Eg blir forbanna og fortvilt av historiar om valdtektsoffer og mobbeoffer som ikkje blir trudde eller som ikkje får hjelp. Det går rett og slett skikkeleg innpå meg.

Eg har behov for å seie det høgt: Det er for jævleg å sitje med dette politiske ansvaret og samstundes vera så makteslaus.

Det vi politikarar kan gjera, og som vi gjer, er å arbeide for stadig betre rammevilkår for dei viktige etatane. Men kva i all verda hjelper det dersom pengane ikkje blir brukt der det trengst mest? Det er snakk om prioriteringar. Eit kjedeleg, men viktig ord.

Folk som arbeider med sårbare menneske må ta sitt ansvar, og hjelpe i staden for å oversjå. Og det handlar ikkje minst om det ansvaret kvar og ein av oss har som enkeltmenneske. Bilførarar må køyre rolegare. Rasistar burde helst gå inn i seg sjølv og endre menneskesyn. Valdelege menn må be om sinnemeistringskurs og prøve å endre seg.

Eg for min del må prøve å overbevise meg sjølv om at innsatsen min som stortingsrepresentant utgjer ein forskjell. Det veit eg jo at han gjer i enkelte saker. Eg skal sjølvsagt halde fram med å seie tydeleg kva eg meiner. Eg får håpe at det bidreg til at vi får gjort gode vedtak, og at debattane kan påverke korleis folk tenkjer og handlar.

Somtid kan eg like gjerne krype inn under dyna og gråte av den brutale verda vi lever i. Det blir verken betre eller verre av det.

Feit, mobba og fortvilt

Eg klarte ikkje å halde tårene tilbake då eg nyleg såg klippet frå konkurransen “Britain`s got talent”, der Jonathan Antoine på 17 år syng så vakkert at alle reiser seg og klappar. Rett før såg mange i salen skeptiske og hånlege ut, for guten som stod på scena og skulle syngje er sterkt overvektig.

Jonathan fortalte at sjølvtilliten hans har vore dårleg i mange år på grunn av vekta, og han var tydeleg sjenert. Guten verka varmhjarta, triveleg – og han har eit songtalent som overgår dei fleste.

Har det verkeleg vore så vanskeleg å sjå personlegheita og talentet hans – og det eigenverdet alle har attom utsjånaden, at han måtte opp på ei scene og få ståande applaus før han fekk respekt? Og kva er det som får folk til å mobbe andre for alt frå vekt og utsjånad til bustadsadresse?

Sjølv har eg opplevd seks år som mobbeoffer på barneskulen, der “feit” var eitt av fleire skjellsord som vart spytta ut då eg gjekk forbi. Sjølv om eg ønskjer å framstå som sterk, har dette gjort meg svakare enn eg hadde behøvd å vera. Til og med i dag, 25 år etter, kan eg tidvis bli kvalm av å sjå meg sjølv i speilet. Men mest kvalm blir eg av dei som mobbar andre.

Når ungar mobbar, er det ikkje alltid lett å oppdage for vaksne, det forstår eg. Men ungane rundt får med seg mykje. Desse må lære at det å fortelje vaksne om at nokon blir mobba, ikkje er å sladre, men å ta ansvar som medmenneske. Og dei vaksne må ta på alvor det dei blir fortalt.

Det var veninna til Jonathan, Charlotte, som overtalte han til å bli med og syngje duett saman med ho på “Britain`s got talent”. Ho fortalte at ho ikkje klarer å høyre nokon seie noko stygt til venen utan at ho seier frå.

Då dommar Simon Cowell sa at han trudde Charlotte kunne halde Jonathan tilbake seinare i konkurransen fordi ho ikkje syng like godt som han, responderte han med at dei kom dit som ein duo, og at dei skal vera det vidare også. Endå meir jubel i salen.

Takksemd og lojalitet gror av medmenneskelegheit og ekte venskap. Kva som gror av mobbing, veit vi mykje om. Dårleg sjølvtillit, psykiske problem og smertelidelsar, i verste fall også sjølvmord.

Vi alle bør hugse at for kvar gong vi seier godord til andre menneske, kan vi bidra til å byggje opp noko i dei som andre har prøvd å bryte ned. Etterverknadene etter mobbinga kjem alltid til å vera ei bør Jonathan må dra med seg, men den overveldande gode responsen han fekk på synginga si veg heldigvis opp for noko.

Vekt og mobbing av kjente personar

For blodtrykket sin del prøver eg å ikkje la meg provosere for ofte. Dette er ikkje enkelt, for alt frå valdtektsbølgjer til omskjæring av ungar gjer meg sint. No er det noko heilt anna som provoserer meg: alt snakket om vekta og utsjånaden til høgreleiar Erna Solberg.

Vi talar ofte om at vi må bekjempe mobbing i skulen og på nett. Å bekjempe medias mobbing av vaksne menneske på grunn av korleis dei ser ut, er sjeldan eit tema.

Eg veit ikkje om Solberg reagerer på dette sjølv, men eg tillet meg å reagere på hennar vegne. Eg tykkjer det er pinleg at journalistar bruker spalteplass på å kommente opp og i mente når dei meiner vekta har endra seg eller kvar gong klesstilen og hårsveisen er ny.

No vil eg få sagt at eg tykkjer Erna Solberg er ei flott dame. Skulle alle vore 175 cm høge og 60 kilo, hadde det vorte inni hampen einsformig.

Dessutan trur eg langt dei fleste gir blankt f i kor tunge toppolitikarar er eller om dei kjøper kleda sine på Hennes & Mauritz eller Steen & Strøm. Såleis meiner eg media undervurderer lesarane sine dersom dei trur det er lurt å skrive om utsjånaden til Erna for å selje meir.

Men media bidreg også til å gjera arbeidet mot mobbing generelt vanskelegare. Dersom vaksne seier til ungane sine at dei ikkje skal kommentere vekta til medelevar og det same dag er oppslag i riksmedia om vekta til kjente personar, blir bodskapen vanskeleg å skjønne for ungane.

Det gjorde godt å få ut denne frustrasjonen. For å seie det slik: eg kjenner meg fleire kilo lettare…

Mobbarar ikkje eigna til å bli politi

Nyleg var det ei sak i Aftenposten om mobbing på politihøgskulen. Mobbing er uakseptabelt i alle samanhengar, men det er særleg viktig at polititenestemenn ikkje er mobbarar.

I avisa stod det om det studentar med minoritetsbakgrunn som har vorte mobba fordi dei er kvoterte inn, dvs at dei er opptekne på skulen sjølv om dei ikkje har fylt absolutt alle opptakskrava. I staden for å mobbe andre politistudentar med minoritetsbakgrunn og påstå at dei ikkje er kvalifiserte for yrket, burde mobbarane gå i seg sjølv og vurdere om dei er eigna til å halde fram på studiet.

Politiet utøver makt på vegne av staten. Dette krev i tillegg til god fysisk utrustning både klokskap, god oppførsel og empatiske evner. Dette er ikkje akkurat det som kjenneteiknar mobbarar… Slik sett kan ein gjerne hevde at mobbarar strengt tatt ikkje oppfyller punktet i opptakskrava om “nødvendig modenhet og personlig skikkethet”.

Eg tykkjer det er godt å høyre at dei fleste av studentane ved politihøgskulen trivst, og eg har full tiltru til at dei aller fleste av dei er svært godt skikka til å bli politi. Men dei som mobbar utgjer eit problem både for dei som blir offer for mobbinga og for omdømmet til politiet framover. Derfor håpar eg at leiinga ved politihøgskulen tek fatt i dette på eit skikkeleg vis for å forhindre at det skjer igjen.

Vi treng fleire i politietaten med minoritetsbakgrunn. Om opptakskrava for desse skal vera andre enn for majoriteten er eit spørsmål som vi gjerne kan diskutere, men det må gjerast på eit generelt grunnlag.

Ingen enkeltstudentar skal takast eller mobbast for at dei tilhøyrer ei gruppe der inntakskrava kan vera noko annleis enn for resten. Dei kan ha viktige eigenskapar og kunnskapar som meir enn oppveg for dette. Derimot er det berre det at mobbarar får eit glimt av sjølvinnsikt og bestemmer seg for å endre åtferd som kan få meg til å meine at dei bør halde fram studiet.

Til krig mot mobbing

Det er ikkje rett at ungar skal oppleva skulekvardagen som eit samanhengjande mareritt, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Det er gledeleg at ho no vil gå til krig mot mobbing i skulen.

Altfor mange ungar får barndommen sin øydelagt av at andre plagar dei jamt. Gjentekne fysiske og psykiske slag og spark bryt ned sjølvtillit og livsglede.

Den staden der ein møter opp kvar dag for å lære og for å bli førebudd på vaksenlivet, blir for den som blir mobba også den staden som svekkjer utsiktene til eit godt liv som vaksen.

Tidlegare statsminister Bondevik gjorde ein prisverdig innsats mot mobbing, og denne innsatsen gav resultat i form av ein midlertidig nedgang i mobbetilfelle. Eg meiner dette viser at det nyttar å jobbe mot mobbing, men at uvesenet fort tek seg oppatt igjen dersom fokuset skiftar.

Det er ikkje nok at kunnskapsministeren tek tak i dette aleine. Rektorar og lærarar må ta problemet på alvor og følgje opp. Men også kvar enkelt av oss har eit ansvar.

Det er altfor lett å snu seg bort når ein ser eller høyrer noko som kan tyde på at andre blir mobba. Og endå verre: det er somtid lettare å le hånleg med enn å protestere når andre lir.

Utan at “resten” – dei som verken mobbar eller blir mobba – engasjerer seg, får vi ikkje bukt med problemet. Krigen mot mobbing er ikkje eit slag som kan vinnast ein gong for alle, men det er ein kamp mellom gode og vonde krefter som pågår stadig. Vi må velje kva side vi vil kjempe på.

Les gjerne også det aller første blogginnlegget mitt her på Origo, som handlar om nettopp mobbing:

Blinde eller feige

Blinde eller feige?

Mobbing som tema kjem frå tid til anna på framsida av avisene med feite typar. Debattar om kva vi skal gjera for å unngå at ungar og ungdom blir plaga døyr likevel dessverre raskt ut. Gjer vi nok, eller er vi som samfunn og enkeltmenneske blinde eller feige?

Eg seier ikkje at det er enkelt å oppdage at nokon blir mobba. Mobbarane er gjerne flinke til å skjule det dei seier og gjer. Men dersom vi i tankane vandrar tilbake til tida på barne- og ungdomsskulen, hugsar dei fleste av oss nokon vi visste var mobbarar og kven som vart mobba.

Kvifor visste vi det då? Jo, fordi vi visste at somme var kunne vera intenst jævlige, fordi dei gjorde vondskapsfulle ting mot andre ofte, og fordi det var enkelte medelevar dette gjekk særleg utover.

Eg hugsar at eg sverga på at eg ikkje skulle godta at ungar mishandla andre ungar på slike måtar då eg vart vaksen. No har eg ikkje ein jobb som set meg i vanskelege situasjonar der eg må tolke om noko er mobbing eller ikkje. Men eg blir skremt når eg les om rektorar og lærarar som uttalar at “det finst ikkje mobbing på vår skule” når ei mobbesak kjem i media.

Dette er tøv frå ende til annan. All statistikk viser at det finst mobbarar og mobbeoffer på alle skular – kanskje bortsett frå dei skulane der det er svært få elevar. Men verken mindre eller større skular er mobbefrie soner.

Vi som er meir eller mindre vaksne har eit ansvar. Eit ansvar for å sørgje for at flest mogleg veks opp til å bli trygge og glade. Ein blir ikkje trygg eller glad av å bli mobba. Vi har også eit ansvar for å lære ungar korleis dei skal behandle medmenneske godt. Ungar lærer seg ikkje dette dersom dei får ture fram som dei vil mot andre i skuleåra.

Eg ønskjer meg eit samfunn som tek mobbing på alvor. Vaksne må tore å innsjå at somme ungar er vondskapsfulle mot andre og at dette må stoppast. Mange som arbeider på barnehagar og skular gjer ein god jobb mot mobbing, men mange er også blinde – og feige.

Det treng ikkje å halde fram slik. Vi kan bruke den kunnskapen som er tilgjengeleg om temaet mobbing og bruke tid og ressursar på å arbeide målretta mot problemet. Både som foreldre, naboar og lærarar kan vi ta eit ansvar. Og vi kan seie klårt frå om at vi ikkje godtek at vaksne fornektar at mobbing skjer.