Viser arkivet for stikkord mediadekning

VG versus Dagbladet

Kva er det med VG som gjer at dei må spy eder og galle over Senterpartiet medan Dagbladet klarer å ha ei anna tilnærming, jamfør papiravisenes dekning av landsmøtet vårt i dag?

Vi skal passe oss for å klage over journalistane, det veit vi kan straffe seg ved at dei blir endå verre. Men lell, det er for påfallande til at eg klarer å la vera å skrive noko om det.

Eg tykkjer somme av kommentarane til VGs Eirik Mosveen kan vera til å knegge av – trass i at han somtid blir vel febrilsk i iveren etter å vise kor rå og brutal han tør å vera mot folkevalte. Dette gjeld folkevalte frå alle parti, vel og merke, men i noko ulik grad.

Men kva slags inntrykk blir lesarane sitjande att med når verkelegheitsforståinga og påstandane til Mosveen – etter mi meining – innimellom er så hinsides all fornuft og folkeskikk? Tener det demokratiet at vi blir framstilte som udugelege, uærlege, sjølvopptekne og maktsjuke?

Jau og jo, er vi det, må vi saktens tåle å få høyre det. Men eg tviler på om dette er framtredande trekk ved storparten av oss.

Dagens dekning av Sp-landsmøtet i VG skil seg veldig frå Dagbladet sin. I VG er tittelen “Vrakes av alle”. Det er leiar Liv Signe Navarsete som visstnok blir vraka. (Til orientering: I dag vart ho gjenvalt mot berre ei stemme.)

Ola Borten Moe blir trekt fram som mogleg ny leiar om to år. Dette er ikkje noko å gispe av – hadde vi ikkje hatt fleire potensielle leiarar i partiet hadde det verkeleg stått ille til. Det å framstille dette som ein hard personstrid, som VG gjer, er berre dumt.

I Dagbladet handlar det også om moglege leiarkandidatar, og Marit Arnstad blir omtalt som “drømmedama” som melder seg på i kampen om nye høge verv i partiet. I Stein Aasbø sin kommentar viser han til fleire potensielle leiarar, men aller mest legg han vekt på at det er bemerkelsesverdig at Senterpartiet etter fjorårets mange marerittsaker framstår som så offensivt og kamplystent no.

Han er inne på noko som Mosveen ikkje ser, eller ikkje vil sjå. Nemleg at vi er fightarar; standhaftige og uthaldande gjennom både dårlege og gode tider fordi vi har eit mål om å bidra til å gjera samfunnet betre. Og vi byggjer og løfter partiet ilag for å få til dette.

Det er takhøgde i partiet, derfor blir politiske motsetnader tydelegare hos oss enn i td Arbeidarpartiet. Dette blir fort mistolka som personmotsetnader. Eg vel å ikkje spekulere i kva grunnen er, men slår fast at VG yndar å spekulere i slikt i staden for å reflektere over kva rolle vi spelar i norsk politikk.