Viser arkivet for stikkord linnekleppen

Risikoen for skogbrannar

I dag har eg vore i Østfold og besøkt Sivilforsvaret i Moss og Linnekleppen skogbrannvoktartårn i Rakkestad. Å oppdage skogbrannar tidleg og handtere dei raskt når det oppstår er viktig. Og jobben som blir gjort av brannvesenenet, Sivilforsvaret og brannvoktaren i tårnet på Linnekleppen er imponerande.

Skogbrannar som spreier seg øydelegg raskt verdiar for millionvis av kroner. I tillegg inneber dei ein stor risiko for bustadområde og fritidseigedommar, og i ytterste konsekvens også for menneskeliv.

Linnekleppen, 325 meter over havet, står det eit høgt tårn der skogbrannvoktar Per Evensen speidar ut over dei store skogar kvar dag i vekesvis sommarhalvåret. Vi var ein delegasjon som klatra dei 17 metrane opp dit i dag, med meir eller mindre skjelvande knær.

Mellom anna var representantar frå Sivilforsvaret var med, Bjørn Skatdalen og Jan Egil Henriksen. Trivelege karar med som er genuint opptekne av at Sivilforsvaret skal vera til god hjelp når skogbrannar oppstår. Vi fekk høyre om utstyr som langt i frå er tipp topp, og som burde vera utskifta. Å sørgje for pengar til betre utstyr blir ei viktig oppgåve for oss raud-grøne representantar i justiskomiteen framover.

Skogbrannar kan spreie seg skremmande raskt. Førebygging er derfor viktig. Oppmodinga til folk som ferdast i skog og mark er å vera særs forsiktige med bruk av eld.