Viser arkivet for stikkord landbruk

Skremselspropaganda?

Det er skrekkeleg korleis det som i valkampen vart omtalt som skremselspropaganda frå oss raud-grøne har vist seg å stemme. Vi i Senterpartiet åtvara velgjarane mot at ei blå regjering ville svekkje landbruket, byggje ned matjord og drive ein distriktsfiendtleg politikk. Høgre og Frp trong berre nokre få veker på å vise at vi hadde rett.

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) opnar no for storstilt nedbygging av matjord, td i Akershus, der IKEA skal få breie om seg 70 dekar med høgkvalitets matjord. I Trondheim vil ho la 1000 dekar blir bygd ned.

Listhaug seier at spørsmålet om jordvern må vegast opp mot «storsamfunnets behov». Denne såkalte landbruksministeren veg jordvern og matproduksjon opp mot møbel- og teppesal, og det siste vinn for «storsamfunnets» del. Kva er dette anna enn knefall for heilt andre krefter enn dei som vil byggje landet og tryggje matvareberedskapen for framtida? Og tener det eigentleg storsamfunnet?

I iveren etter å drive ein offensiv samferdselspolitikk, som i seg sjølv er veldig bra, tek regjeringa mange millionar frå næringsutviklingsmidlar i heile landet. Dei tek vekk pengar frå tunnelvedlikehald på veg for å finansiere vedlikehald på jarnbane.

Dei kuttar i viktige verkemiddel for at landbruket skal vera livskraftig landet rundt. Regjeringsskiftet ga nok veljarane ei etterlengta endring i statsrådsfjes, men eg trur ikkje at fleirtalet av innbyggjarane nødvendigvis ønskjer ein slik politikk som den mørkeblå regjeringa kjem til å valse fram med.

Ei storstilt sentralisering av kommunar, politi, tingrettar og nedbygging av landbruket og distriktsnæringar er i alle fall ikkje noko som tener framtida, viss ein då ikkje innbiller seg at alt viktig skjer i storbyane.

Når dette innlegget framstår som ein smule pessimistisk, er det verdt å minne om at realisme og pessimisme somtid høyrer saman. Det var fullt på sin plass at vi før valet åtvara mot ei ny regjering. Dessverre.

Vi treng meir mat

Eg meiner ikkje at kvar nordmann treng å hive i seg meir mat, dei fleste har meir enn nok. Men folketalet veks. Den dagen matimport blir vanskeleg eller umogleg, må sjølvbergingsgraden vår vera høgast mogleg. Derfor må det norsk landbruket produsere meir mat.

Sjølvberging er ikkje berre å tenkje på seg sjølv. Dette er etter mitt syn eit nasjonalt ansvar blanda med internasjonal solidaritet i praksis. Det er lite meining i at vi let norsk matproduksjon falle medan folketalet veks og at vi nordmenn, kjøpesterke som vi er, tek maten frå svoltne ungar i u-land.

Skal vi rekruttere nye generasjonar av flinke bønder til å drive jorda og forsyne oss med trygg mat, må inntektsutviklinga endrast betydeleg. Det er ikkje nok at bønder heilt sikkert får god løn i himmelen for innsatsen, løna må koma medan dei arbeider her nede på jorda.

Vi skal ikkje svartmale. Mange får til å leva av gardsdrifta. Og med den raud-grøne regjeringa og landbruksministrar frå Senterpartiet har jordbruksoppgjera vorte monaleg betre. Men meir kan og må gjerast. Det må setjast klåre mål i den komande landbruksmeldinga om at inntektsutviklinga til bønder skal tilsvare inntektsutviklinga hos andre yrkesgrupper. Og då må det reknast i kroner, ikkje i prosent.

Landbruksmeldinga må vidare slå fast at vi skal bruke alle nødvendige og tilgjengelege verkemiddel for å oppnå målet om at det skal produserast mat i alle delar av landet. Distriktstilskot er eit målretta verkemiddel. Det er ikkje alle typar subsidiar og tilskot som er like enkle, det ligg avgrensingar i forhold til WTO mellom anna.

Det handlar uansett om å ha vilje til bruke det handlingsrommet som Noreg faktisk har til å styrke eigen matproduksjon. Då vil eg særleg nemne å at vi bør bli langt meir offensive med å tilby investeringsmidlar på gunstige betingelsar til både å fornye og utvide eksisterande anlegg og til nybygg.

Sjølvberging handlar om å ha nok mat til eiga befolkning. Noreg er avhengig av å importere mat, men målet må vera å bli minst mogleg avhengig av dette. Då er det viktig at størstedelen av norsk matproduksjon er basert på norske fôrressursar og ikkje på importert kraftfôr. Dette siste er det kylling og svin som et mest av, medan kyr og sau kan eta gras.

Parallelt med at folketalet veks og at vi treng meir norskprodusert mat, må altså eit aukande antal husdyr eta meir norsk fôr. Derfor krevst det endå eit taktskifte i landbrukspolitikken. I klårtekst: meir senterpartipolitikk.

Matprat og løn i himmelen

Å vera bonde må vera gjevande på mange vis. Ein dyrkar jorda, steller med dyr og har ein mangfaldig arbeidskvardag. Men som i alle andre yrke er ein avhengig av ei akseptabel løn for å motivere seg for å halde fram over tid.

Løna til den norske bonden står ikkje i stil med den viktige jobben han gjer, nemleg å sørgje for mat på bordet til oss andre. Lønsgapet til andre yrkesgrupper må reduserast kraftig. Vi kan ikkje forvente at bonden skal vente på betre løn i det hinsidige.

Vi lever i eit overflodssamfunn, og ikkje berre har vi nok mat, vi et rett og slett for mykje og feil. Men den maten vi har godt av, er det landbruket som leverer. Det handlar grunnleggjande sett om kva vi vil med landet vårt og korleis vil vi bruke naturressursane. Vil ein ha arbeidskraft, må ein betale for den. Skal vi som samfunn ha ein trygg, nasjonal matproduksjon må vi betale for dette.

Det ligg også eit moralsk aspekt i dette. Dersom det er importert fôr laga av td soya og mais husdyra våre får servert i staden for norsk fôr, er det indirekte å importere billig arbeidskraft. Og dette er viktig: Sjølvbergingsgraden blir mindre di meir avhengige vi blir av utanlandsk fôr.

Den dagen det av ulike grunnar kan bli vanskeleg å importere mat og dyrefor, vil vi sjå kor viktig det er å ha ein nasjonal matproduksjon basert på eigen korn- og grasproduksjon og på at dyra beiter i utmarka.

Med Senterpartiet i regjering har rammevilkåra for den norske bonden utan tvil vorte betre. Vi har bidrege til ein inntektsvekst som overvegande sannsynleg ikkje hadde kome utan oss ved roret. Alternativa til Sp sin landbrukspolitikk er ikkje betre.

Samstundes må vi innrømme at veksten ikkje har vore stor nok til å redusere lønsgapet. Framtidige jordbruksoppgjer og den komande stortingsmeldinga om landbruket må såleis gje bonden tru på at løna for jobben kjem medan han enno kan bruke ho.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant

Landbruket og framtida vår

Eg oppfordrar deg til å gjera eit tankeeksperiment: Sjå for deg landet vårt som det er i dag med fjell og fjordar, vakre kulturlandskap, velstelte gardar og dyr som beiter. Tenk deg så at vi plukkar bort storparten av gardsbruka og gardbrukarane, og la det gå fem-ti år i tankane dine. Kva ser du då?

Eg ser i alle fall eit traurig syn, og det trur eg du gjer også. Det ville ha grodd att med or og kratt mange stader, folketalet i distrikta ville vorte kraftig redusert, vi hadde ikkje kunne kjøpe norskprodusert mat i butikkane og turistane ville funne seg andre reisemål.

Som stortingskandidat for Møre og Romsdal Senterparti vil kampen for å betre vilkåra for det norske landbruket vera ei av hovudsakene dei neste fire åra. Eg vil at vi også i framtida skal ha tilgang på trygg og god norsk mat. Også i framtida skal vi kunne gle oss over kulturlandskap som er skapt av gardbrukarar som steller med jorda og naturen utifrå den grunntanken at jorda ikkje er noko vi arvar av foreldra våre, men at vi låner den av framtidige generasjonar.

Landbruksnæringa skaper verdiar i heile fylket vårt, både i kraft av eigen aktivitet og sysselsetjing, men også i form av store ringverknader for andre næringar.

Landbruket bidreg dessutan sterkt til at tilreisande og vi som er fastbuande får store naturopplevingar. God og trygg mat og levande bygder føreset eit aktivt og berekraftig landbruk. Dét er verdt å kjempe for!