Viser arkivet for stikkord kyststamvegen

Ferjefri kyststamveg i vente

Eg er hoppande sprettande glad no. Regjeringa, med Liv Signe Navarsete i spissen, la i kveld fram den klåre og forpliktande ambisjonen om at ferjefri E39 skal bli realisert i løpet av 20 år. Dette er noko eg har engasjert meg mykje i, og då er det sjølvsagt artig å oppleva at viktige nye skritt blir tekne.

Mitt fylke, Møre og Romsdal, har tre av dei sju fjordkryssingane det er snakk om for at kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim skal blir ferjefri. Storfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden skal forserast. Dei to siste er dei som er nærast å vera “gryteklåre”.

Det kan verke irriterande for folk dei mest sentrale strøka av landet at vi Senterpartiet er så opptekne av vegar og ferjeavløysingsprosjekt, det skulle helst ha gått i togsatsing. Eg også meiner at tog er viktig, men vi må ta inn over oss at størstedelen av folk her til lands ikkje bur i rimeleg avstand til toget. Somme har knapt sett andre tog enn dei toga som går den 8. mars og den 1. og 17. mai.

Det kjem aldri til å bli bygd togskinner frå Kristiansand til Trondheim, men vi kan – og skal – utbetre vegane og gjera det mogleg å reise strekninga utan å måtte ta sju ferjer på turen. For Vestlandet vil det vera eit stort framskritt når regionane blir bundne tettare saman. Men ikkje berre det: for landet vil det også vera eit stort framskritt.

Tenkjer vi på næringslivet på Vestlandet, kan vi gjerne kalle strekninga for “gullkysten”. Det er stor verdiskaping der, eit sterkt næringsliv i stadig utvikling, og potensialet er større enn det som no er teke ut. Betre samferdselsløysingar er det som skal til for å leggje til rette for meir vekst. Og det kjem heile landet til gode. Vi må jo finansiere velferdsstaten, og eit livskraftig næringsliv bidreg til det.

Med ferjefrie fjordkryssingar får næringslivet lettare tilgang til arbeidskraft. Næringsliv med varetransportar slepp dei ekstrakostnadene det inneber å bruke tid på å stå i ferjekø. Folk kan enklare pendle til dei arbeidsplassane dei tykkjer er interessante og samtidig bu der de ønskjer.

Eg må leggje meg snart, for i gledesrusen over nyheita om ferjefri kyststamveg rakk eg rett og slett ikkje flyet eg skulle ta til Ålesund i kveld, og eg må opp klokka halv fem. Men det er greitt å leggje seg når humøret er på topp!

Vegen å gå for betre vegar

Vi treng betre vegar her til lands. Og ferjene – om dei er aldri så sjarmerande – må avløysast av fastlandssamband mange stader. Kvifor investerer vi ikkje meir i samferdsel av oljepengane våre i staden for å plassere dei i utanlandske aksjar?

Arena Møreaksen vart arrangert nyleg – ein konferanse om korleis ein kan få realisert fleire vegprosjekt og med uttalt mål om ein ferjefri kyststamveg på sikt. Hovudtemaet var kost-nytte-analysane som blir nytta; om og korleis ein kan laga betre analyseverktøy for å vurdere samfunnsmessig meirnytte av å investere i infrastruktur.

Det enkle og vanskelege svaret er at jo, det er mogleg å utvikle betre metodar, men at det uansett handlar mest om at fleire toneangjevande politikarar må ha visjonar og tru på at det å satse på samferdsel løner seg. Betre argument om meirnytte vil forhåpentlegvis gje fleire av oss denne trua. Men vi bør også lytte til næringslivsaktørar og lokalpolitikarar som jobbar målretta for enkeltprosjekt. Dei gjer ikkje dette utan grunn.

Kva er så vegen å gå for å få bygd fleire og betre vegar? Visjonar og tru har eg nemnt. I tillegg må vi tenkje annleis om bruken av oljefondet. Føremålet med handlingsregelen er at det hovudsakleg er avkastninga vi skal bruke av i statsbudsjettet. Det er mest utdanning, forsking/utvikling og infrastruktur vi skal nytte desse pengane til. Sjølv om den raud-grøne regjeringa har all grunn til å vera stolte av å ha auka rammene i Nasjonal transportplan med 50 prosent og ikkje minst at vi følgjer opp lovnadene om å auke satsinga på samferdsel i dei årlege statsbudsjetta, er det definitivt meir å gå på.

For å få ein ferjefri kyststamveg/E39, på sikt må store og dyre prosjekt gjennomførast. Det er all grunn å vurdere å opprette rentefrie låneordningar eller fondsordningar. Fylka har fått moglegheit til å søkje om rentefrie lån frå ein pott på 2 mrd årleg, og noko liknande burde innførast for ferjeavløysingsprosjekt på dei riksvegane. Betalingsviljen for bompengar er stor på slike prosjekt, alternativet er jo å betale ferjebillett til evig tid. Men det er rimeleg at bombrukarane slepp å betale rentekostnader.

Staten kan ikkje gå av med pensjon om nokre år. Oljefondet må derfor i større grad nyttast til å stimulere til vekst og verdiskaping innanlands. Å satse på samferdsel er å leggje til rette for nærings- og samfunnsutvikling – og for framtidas velferdssamfunn.