Viser arkivet for stikkord kvinnedag

Kvinnemakt og kvinnemas

Kvinnedagen er vel overstått. Unnagjort er årets største dose med intens likestillingsdebatt. Eg både liker og misliker denne debatten. Eg liker han fordi det jo er viktig å diskutere kva som fremjer likestilling. Misliker han gjer eg fordi eg somtid blir litt matt av heile greia.

Det siste verkar noko defensivt og egoistisk. Men når vi hevdar at omtrent alt er like ille som før, berre på eit litt anna vis, kjenner eg somtid på vi kvinner blir oppfatta som unødvendig slitsame og masete. Då eg var yngre, hadde eg valet mellom ulike utdanningsretningar og framtidige yrke. Eg visste kva som ville løne seg økonomisk og ikkje, og det gjorde alle – eller det burde dei gjera – dei andre som skulle bestemme seg også.

Så sit vi kvinner her då, med vettet og arbeidskapasiteten likt fordelt mellom oss og karane, og klagar over resultatet av dei yrkes- og livsvala vi har gjort, om det så er lågare løn eller mindre makt. No skyt eg inn tvert at det jo også er strukturelle årsaker til ulik løn og maktfordeling og at det burde blir meir lik løn også for ulikt arbeid. Men likevel: ulike val gir ulikt resultat.

Oppgåva vår som politikarar er ikkje å styre andres val, men å leggje til rette for at desse vala skal vera mest mogleg frie. Somtid må det tvangsliknande tiltak til som fremjer denne valfriheita, noko som gjer at eg m.a. forsvarer kumulering til politiske styre som verkemiddel og at eg tykkjer fedrekvote ved foreldrepermisjon er greitt.

At eg er stortingsrepresentant no kjem av at kloke hovud tidlegare har sett at grep måtte takast for at kvinner skulle kunne få makt og mynde på lik line med karane. Men når ein god del kvinner takkar pent nei til å stå på lister, ikkje søkjer opprykk på jobben, heller bakar bollar og brukar tid på shopping og utsjånaden enn å målrette innsatsen mot betre løn og meir makt, kven skal vi skulde på?

Eg veit ikkje om det er kvantitet eller kvalitet som er viktigast i denne samanhengen. Det er sagt at reell likestilling ikkje er oppnådd før udugelege kvinner sit i toppstillingar – og dette seier eigentleg mykje. Det viktige, trur eg, er likevel at dei kvinnene som faktisk dug blir oppmuntra til å søkje høge stillingar, og kanskje at dei av karane som er udugelege blir jekka litt ned. Så blir det færre udugelege i toppstillingar, og det vil jo vera befriande.

No innser eg at dette innlegget ikkje er bra dersom oppgåva mi er å framstå som glødande feminist. Det var heller ikkje meininga. Likevel: eg er glad vi har kvinnedagen, og det er viktig å markere han framleis. Men la oss mase mindre og heller bruke tida til å søkje makt og mynde og høgare løn dersom det er dette vi vil framhalde som viktig. Og la no dei som ikkje ønskjer dette få respekt for det også. Det finst ulike måtar å leva gode kvinneliv på.