Viser arkivet for stikkord kriminalreform

Frps gulrot og pisk

Nei forresten, Frp har gløymt gulrota. I framlegga til reform i kriminalomsorga er det tydelegvis pisk som gjeld. Halvere eller kutte dagpengesatsane til innsette i fengsla, gjera det vanskeleg å få prøvelauslating og setje fangane til å plukke søppel på gatene. Dette er umåteleg dårlege framlegg dersom målet er mindre kriminalitet.

Per Sandberg leier justiskomiteen, men kan mistenkjast for ikkje å ha sett seg godt nok inn i kva slags justispolitikk som gir resultat. I tillegg forheld han seg ikkje til dei store utgiftene som vil påløpe dersom Frp sine framlegg skulle bli gjennomførte, utgifter som vil fortrengje den viktige og målretta innsatsen som faktisk blir gjort i kriminalomsorga.

Reformen Frp ønskjer rettar seg både mot nordmenn og utlendingar, men det er tydeleg at det er særleg utanlandske fangar pisken skal svingjast over. Eg er samd i at tilstrøyminga av utanlandske kriminelle skapar problem for både politi, retts- og fengselsvesen, og at det er viktig å gjera tiltak for å hindre at dette problemet aukar.

Såleis må vi vurdere å ha eigne fengsel eller fengselsavdelingar for utlendingar. Justisdepartementet vurderer dette i skrivande stund. Men vi kan ikkje diskriminere iflg internasjonale forpliktelsar. Raskare soningsoverføring og å sende folk med korte dommar fort ut av landet er viktigast.

Det er også grunn til å kommentere framlegget Sandberg kjem med om at innsette ikkje skal kunne få prøvelauslating i det heile eller før etter at dei har sona minst 3/4 av straffa, mot 2/3 no. Alle er samde i at det å bryte lova skal få konsekvensar, men samstundes skal soninga bidra til å gjera det lettare å fungere i samfunnet som lovlydig når ein slepp utatt.

Innhaldet i fengselsstraffa er vesentleg, og at apparatet fungerer den dagen ein skal ut i det fri. Får ein ut på prøve når ein har sona 2/3 av dommen, kan KIF (Kriminalomsorg i frihet) ileggje domfelte møteplikt og vilkår for prøvelauslatinga. Dei kan arbeide med dei problema den domfelte har, samstundes som han eller ho prøver å få livet utanfor murane til å fungere. Ved brot på vilkåra eller nye lovbrot har ein tid til å setje domfelte inn igjen for å sone resten av dommen.

Ved å gjera som Frp gjer framlegg om, vil ein forkorte tida KIF har til å hjelpe den domfelte til å tilpasse seg samfunnet. Ein forkortar altså tida den domfelte kan vera under kontroll i friheit. Dessutan blir konsekvensen av eventuelle brot på vilkåra lågare, fordi det er kortare tid att til heile dommen er sona.

Dagpengane på i underkant av 60 kroner per dag skal Frp fjerne for utanlandske fangar og halvere til dei norske. Desse pengane kan dei innsette no bruke til alt frå sjampo til tannkrem og laurdagsgodteri. Desse dagpengane er knytt til at dei har aktivitetsplikt på dagtid.

Dei må anten jobbe, delta i såkalla programverksemd (sinnemeistringskurs td) eller studere for å kunne få seg ein jobb å leva av etter lauslatinga. Gjer dei ein dårleg arbeidsinnsats eller ikkje møter opp, kan ein ta frå dei dagpengane. Ergo: får dei ikkje dagpengar i det heile eller berre litt, vil dette ikkje kunne fungere som verken gulrot eller pisk. Det løner seg mindre å jobbe, og det straffar seg lite å halde opp.

Skulle ein vidare som Frp drøymer om setje fangane til å plukke søppel på gatene, ville det krevje massivt vakthald med mange nye tilsette og vera svært dyrt. Lenkegjengar med stripete drakter i gatebiletet og fangevoktarar med piskar ville kanskje Frp meine var ein god idé… Eg meiner derimot at dei fleste av framlegga frå Frp er særs dårlege.