Viser arkivet for stikkord kriminalomsorg

Kriminelle barn og straff

Stortinget debatterte i dag temaet barn og straff og vedtok ei ny lov om nettopp dette. Det er snakk om framtida til unge menneske som gjennom å ha begått straffbare handlingar kan vera i ferd med å utvikle ein kriminell løpebane som varer i fleire år, kanskje livet ut.

Unge menneske som er over den kriminelle lågalderen, men som ikkje er myndige enno, må følgjast godt opp. Å sitje i fengsel saman med hardbarka vaksne kriminelle er ikkje ei god løysing.

Det er eit skrikande behov for at utsette barn og unge får eit heilhetlig hjelpeapparat rundt seg. Tenesteytarar og hjelpeinstansar skal framover koordinere arbeidet sitt og samhandle betre, og ein skal ha betre oppfølging av den enkelte frå mange kantar.

Vanskelege oppvekstvilkår og dårlege heimar peikar vi gjerne på når det går gale med ungdom, og det er sjølvsagt relevant. Men dette er ikkje forklåringa på alt. Det fritek heller ikkje unge menneske frå ansvar for eigne handlingar at dei har opplevd noko gale i barndommen.

Dette er likevel vesentleg at kunnskap om samanhengen mellom oppvekstvilkår og utviklinga til ungar blir brukt for å kunne førebyggje kriminalitet betre, og for å kunne kan fange opp dei ungane som treng hjelp tidlegare. Og det skal vera med som ein del av bakgrunnen når vi vurderer og iverkset tiltak når nokon har gjort lovbrot.

Opplegget med såkalte stormøte er eit døme på noko eg har tru på i så måte. Der blir fleire viktige aktørar inviterte til å delta og bidra. Den unge gjerningspersonen sjølv må yte ein innsats og forhåpentlegvis bli meir bevisst på kva han har gjort og tenkje over kva han vil med livet sitt vidare.

Alt må setjast inn på å stanse ein kriminell løpebane i starten. Det synest som at eit samla storting i dag vedtok at det er håp for alle. Tverrpolitisk semje om å vera optimistiske er eit godt utgangspunkt. Det er bra at vi somtid kan dele syn på både målsetnader og kva verkemiddel som bør brukast for å nå målet.

Det er viktig for å få eit velfungerende og godt samfunn at alle faktisk skal ha mest mogleg like sjansar til å bli gagns menneske – bidragsytarar til samfunnet. Men ikkje berre det: flest mogleg må få sjansen til å leva gode, innhaldsrike og meiningsfulle liv.

Når vi i tillegg til mange andre tiltak også opprettar eigne ungdomseiningar for dei som har begått alvorlege og/eller gjentatte lovbrot, er det fordi vi erkjenner at somme faktisk treng strengare reaksjonar med sterkt grad av kontroll i ein periode.

Eg nemnte at vi har tru på at det er håp for alle. Slike ungdomseiningar utelukkar ikkje dette håpet. For at dei som blir møtt med denne type straff i beste fall skal kunne klare seg godt resten av livet, er det nødvendig med straff og oppfølging som møter deira handlingar og den trusselen dei for tida kan utgjera for samfunnet. Målet er at ein på det viset forhindrar at ei negativ utvikling får halde fram.

Vi tek med den nye lova vi vedtok i dag eit fornuftig steg vidare, og eg håpar erfaringane med dei nye tiltaka blir gode.

Nerdrum og dei store fiskane

Debatten går friskt etter at Odd Nerdrum vart dømt til to års ubetinga fengsel for skattesvindel. Skulle han vorte behandla annleis enn andre fordi han er ein dyktig og kjent kunstnar med Tourettes syndrom? Er dommane for økonomisk kriminalitet for strenge i forhold til andre lovbrot, som vald og seksuelle overgrep?

Vi kjem borti mange dilemma når vi diskuterer straffelova og straffesystemet. Det er bra at vi tenkjer gjennom desse og diskuterer grundig – for best å kunne nå målet om rettssikkerheit, eit trygt samfunn og å sikre viktige samfunnsverdiar.

Kriminalpolitikk skal vera meir enn straff, og straff skal definitivt vera meir enn hemn. Generelt bør det å få folk ut av ein kriminell løpebane vera viktigare enn å halde dei attom murane lengst mogleg. Rehabilitering er stikkordet. Når ein går ut av fengselsporten, skal ein helst ha vorte ein lovlydig borgar som klarer ut med livet sitt. Mange – som Nerdrum – er i stand til dette.

Svært mange domfelte manglar imidlertid hus og heim og arbeid. For dei er det ikkje nødvendigvis enkelt å klare seg på godt på eiga hand. Derfor er det rett at ein gjennom å sone ein dom også kan få seg utdanning, lære seg å arbeide og bli i stand til å bruke fritida til noko gjevande.

Det allmennpreventive føremålet med straff er sjølvsagt også vesentleg. Ein straffar lovbrytarar for i beste fall å førebyggje at andre også bryt lova.

Nerdrum-saka handlar om økonomisk kriminalitet. Eg vil understreke at eg som politikar og medlem i justiskomiteen på Stortinget er forsiktig med å kommentere enkeltsaker. Denne konkrete saka er dessutan anka, og dommen er dermed ikkje rettskraftig før lagmannsretten eventuelt dømmer likeeins.

Men saka reiser nokre interessante spørsmål som det er verdt å dvele litt ved. Er det rett at økonomisk kriminalitet synest å bli straffa hardare enn grov vald og seksuelle overgrep? Burde det i staden for utstrakt bruk av fengselsstraff heller idømmast langt større bøter for skattesvik og andre lovbrot med økonomisk vinning som føremål?

Til det første spørsmålet: Den raud-grøne regjeringa og Stortinget gjorde eit rett grep då vi vedtok ei ny straffelov som medfører at vald og overgrep skal straffast langt hardare. Den øvre strafferamma for mishandling i nære relasjonar vart dobla. Vi auka minstestraffa for valdtekt frå 2 til 3 år og la føringar på at såkalt “ordinære” drap skal straffast strengare. Det er særs viktig at krenkande og valdeleg kriminalitet fører til hardare straff enn andre, mindre alvorlege lovbrot.

Til det andre spørsmålet: Ja, bøtene kunne nok vore større og kanskje fengselsstraffene kortare i ein del slike saker. Men det er viktig at dei rikaste lovbrytarane i samfunnet ikkje skal kunne kjøpe seg ut for å unngå fengselsopphald. Dette kan ikkje “småkjeltringane” gjera, og det bør ikkje vera sosial skilnad på kven som kjem i fengsel eller ikkje når lovbrota er sett på som straffverdige.

På den andre sida kan ein spørje seg om politet og påtalemyndigheitene etterforskar og tek “dei store fiskane” kva gjeld økonomisk kriminalitet, og om det er skilnad på kven dei går etter og om prioriteringa er rett. Økonomisk kriminalitet i hundremillionarsklassen begått av forretningsfolk får passere medan enkeltpersonar som snyt på skatten med nokre titusen eller hundretusen må inn bak lås og slå.

Tidlegare leiarar for ulike ungdomsorganisasjonar har vorte straffa med fengsel for medlemsjuks, medan Den norske kyrkja, som heller ikkje har styring på medlemsregistera sine, urettmessig mottek store summar i urettmessig statsstønad utan at Økokrim forfølgjer saka.

Rettsprinsippet om at vi skal ha likheit for lova er grunnleggjande. Dei mest kjente personane blant oss kan ikkje få strafferabatt fordi dei er kjendisar, men må heller ikkje straffast hardare for at rettsvesenet skal få statuere godt synlege eksempel. Når det gjeld Nerdrum-dommen i Oslo tingrett gjenstår det å sjå om han blir ståande etter ankebehandlinga. Dommen er uansett eit utmerka døme for å rette fokuset mot viktige spørsmål om lov og rett og straff.

Målet om eit trygt samfunn

(Dette er innlegget mitt i justisbudsjettdebatten i Stortinget 3/12 2009)

Slik eg ser det, er justisfeltet eit slags kraftfelt der vi gjennom både visjonære og konkrete diskusjonar, godt fundert lovgjeving og fornuftig utøving av makt skal leggje til rette for eit trygt samfunn.

Det å kjenne seg trygg er ikkje ei sjølvfølgje for alle. Forsvarslause ungar veks opp i heimar med rus og vald. Både kvinner og menn blir utsette for krenkande overgrep. Og enkelte opplever å bli rana i heimen sin medan dei søv.

Vi kan somtid kjenne oss makteslause når vi veit kor vanskeleg det er å få bukt med denne valds- og vinningskriminaliteten som gjer folk utrygge. Norge er eit godt land å bu i for veldig mange, det er grunn til å understreke det, men så lenge som mange også får øydelagt liva sine på grunn av andre sine ugjerningar, kan vi ikkje kvile.

Eg vil som representant for Senterpartiet og dei raud-grøne framheve det målet vi har sett oss om å førebyggje betre, reagere raskare, oppklåre meir og rehabilitere betre. Dei grepa vi har gjort for å føre oss nærare dette målet er ei massiv satsing på politiet både ved rekordhøge opptak ved Politihøgskulen og ved å tilføre politietaten betydeleg meir pengar.

Domstolane våre – som er av dei mest effektive i Europa – har på imponerande vis fått unna etterslepet i sakshandsaminga. Og ved å få bort soningskøane i fengsla har vi beredt grunnen for å tilføre soninga eit betre innhald, noko som vil førebyggje ny kriminalitet. Kort sagt: Desse satsingane vil gjera folk tryggare.

Det ein aldri skal gløyme, er at det bak statistikken både over gjerningspersonar og offer står enkeltmenneske, kvar med sine problem og kvar si sårbarheit. Rus eit stort problem både for dei personane som er rusavhengige og for dei som blir råka av den kriminaliteten som kjem i kjølvatnet av rusmisbruket.

Domfelte med rusproblem er ikkje enkle å behandle og følgje opp, derfor er det eit stort behov for tilrettelagt soning med kompetent personell i fengsla og i friomsorga. Eg har forventninga til at dei nye rusmeistringseiningane skal bidra til at fleire kjem seg ut av misbruket og klarar ut med livet, til det beste for både dei sjølve og andre.

Heldigvis har ofra sine rettar og behov for støtte og oppfølging vorte teke mykje meir på alvor dei seinare åra. Ein god politikk for å verne om ofra sine rettar må også hengje saman med tiltak for å hjelpe lovbrytaren til å bryte den vonde kriminalitetssirkelen. Dess mindre vi lukkast med dette siste, dess fleire nye offer får vi dessverre.

Samstundes skal vi heller ikkje gløyme at folk nok forventar at Storberget opptrer som Fantomet, som det står skildra i jungelordet ”Fantomet er hard mot dei harde.” Straff skal for så vidt ikkje vera hemn, men alvorlege lovbrot må følgjast av strenge straffar. Såleis er det grunn til å nemne den nye straffelova som vart vedteken tidlegare i år, der nettopp strafferamma for grov vald og sedelegheitsforbrytelsar blir skjerpa.

Eg skal ikkje dra samanlikninga mellom justisminister Storberget og Fantomet så veldig langt, men eg kan ikkje dy meg for anna enn å sitere eit jungelord til i dette innlegget: ”Det hender Fantomet forlater jungelen, og går omkring i byen som en vanlig mann.”

Jaja. I dette tilfellet er det kanskje politikken som med eit aldri så lite skråblikk kan kallast jungelen, men vi kan også ta ei litt meir alvorleg vinkling der justisministeren ikkje lenger er ein del av biletebruken. Vi kan sjå for oss jungelen som ymse kriminelle miljø. Vi i Sp er opptekne av indivitets rettar og pliktar. Men vi har også ei grunnleggjande tru på at enkeltmennesket har evne til å endre seg.

Såleis er det viktig for meg å presisere at samfunnet bør leggje til rette for at ein domfelt som gjer sitt beste for å begynne eit nytt og betre liv skal kunne bevege seg ut av jungelen og vandre rundt i byen som ein vanleg mann.

Det fordrar at samfunnet legg til rette med god oppfølging og arbeid, men også at kvar enkelt av oss møter desse enkeltmenneska med respekt og ikkje fordømming. Det er noko som heiter at “sterk er den som vinn over andre, men mektig er den som overvinn seg sjølv”. Når nokon klarar dette, fortener dei å få anerkjenning for det.

Justiskomiteen sitt arbeid omhandlar meir enn politi, rettsvesen og kriminalomsorg. Jordskifteretten er eit døme på ein viktig institusjon der saker som betyr mykje for folk blir handsama. Følelsane knytt til eigedomsgrenser er ikkje til å spøke med, og uklåre eigedomsforhold skapar gjerne praktiske problem som ei rask og kvalifisert behandling i jordskifteretten ryddar opp i.

Eg vil vise til at det i regjeringsplattforma for den nye raud-grøne regjeringa blir slått fast at Regjeringa vil oppretthalde styrkinga av jordskifteretten og gjennomføre tiltak for auka rekruttering. I år vart det teke eit stort løft for å heve lønna til jordskiftedommarane for å gjera forskjellen mellom lønna deira og dommarar i rettsvesenet elles betrakteleg mindre.

I Fræna kommune ute ved kysten på Nordvestlandet ligg det nasjonale ATK-senteret, som per i dag tek hand om ca 1/3 av alle fotobokssakene i landet. Eg har stor tru på at det å overføre fleire slike saker til dette senteret vil kunne frigjera ressursar til meir operativt politiarbeid i mange politidistrikt rundt omkring. Og for oss i Senterpartiet – som er opptekne av vekst og velferd til liks med statlege arbeidsplassar i heile landet, er sjølvsagt ei sentralisering av oppgåver til ein distriktskommune ein oppbyggjande tanke.

Men aller viktigast: det å gjera arbeidet med dei sivile oppgåvene mest mogleg rasjonelt både ved dette grepet og ved andre tiltak, er særs viktig for at vi skal kunne nå målet om eit synleg og aktivt politi som førebyggjer godt og oppdagar kriminalitet raskt. Det at denne regjeringa i år oppretta 460 nye sivile stillingar i politiet, gjer at 280 polititenestemenn blir frigjort til operativt politiarbeid. Dette er eit godt døme på at vi gjer det vi kan for at politiet skal kunne vera meir ute i felten.

Ein diskusjon som pågår i ein del politidistrikt, er om strukturen. Kor mange lensmannskontor skal ein ha i distriktet, og om ein går inn for å slå saman somme, kven skal vera att? Eg vil leggje vekt på at vi i Senterpartiet er opne for endringar om dei bidreg til meir tryggheit for folk. I dei vurderingane som skal takast om strukturen rundt om i det ganske land, er det likevel på sin plass å minne om at resultata av politiets arbeid ikkje er lett å måle, og at ein desentralisert struktur i somme distrikt er sterkt medverkande til at kriminaliteten er låg og at tryggheitsfølelsen er sterk hos mange.

I Soria Moria II blir det derfor slått fast at regjeringa vil oppretthalde ein desentralisert politistruktur. Vidare står det i merknadene frå komiteen at ein skal leggje vekt på at også lokalkunnskap, tryggheit for befolkninga og førebyggjande arbeid skal liggje til grunn når omstruktureringar skal vurderast.

Eg begynte dette innlegget med å tala om at vi arbeider for eit trygt samfunn. Eg vil avslutte med å peike på den viktige innsatsen dei frivillige aktørane gjer. Dei har eit stort engasjement og eit varmt hjarte som det er verdt å framheve. Dei bidreg til at mange domfelte får meir meiningsfulle liv, for eksempel Musikk i fengsel og frihet. Saman med flinke folk i politiet, rettsvesenet og kriminalomsorga bidreg også dei ulike frivillige organisasjonane til at vi alle kan kjenne oss nettopp tryggare.