Viser arkivet for stikkord kriminalitet

Hurtigsporet

For å koma kriminalitet til livs, er ein avhengig av å ha system som gjer at ein kan bekjempe kriminalitet effektivt. Eit hurtigspor i domstolane til gje raskare straffesakshandsaming.

Samfunnet endrar seg stadig. Kriminaliteten endrar seg, men også kven som utfører lovbrota. Folk reiser mer. Frie grensepasseringar medfører at dei som ikkje kjem til Noreg på ferie eller for å jobbe, men for å livnære seg på kriminalitet, også slepp lett inn.

Stadig høyrer vi i media om at kriminelle blir sleppte ut på gata etter å ha hatt ein snarvisitt i politiarresten. Dei forsvinn, og mange av desse er personar utan fast opphaldsstad som beveger seg rundt i samfunnet utan at myndigheitene har kontroll på dei.

Korleis kan vi gjera noko med denne situasjonen? Jo, vi må få ei meir effektiv strafferettspleie. Situasjonen har endra seg mykje dei siste åra. Ei løysing eg tek til orde for, er å etablere eit hurtigspor i dagens domstolssystem.

Høve til hurtighandsaming har vi i dei tilfella kor den sikta erkjenner dei faktiske forholda, men dette er ikkje så ofte. Dette fører gjerne til at ein må vente svært lenge på at saka kjem opp i retten.

Eg ser for meg ei ordning der politiet og domstolane i større grad samhandlar. Det er mogleg med ei effektiv straffesakshandsaming medan den sikta sit pågripen. Dette vil vera både i den siktas og samfunnets interesse at dette går raskt.

Dette bør vera aktuelt for lovbrot av mindre alvorleg karakter, typisk narkotika- og vinningskriminalitet. Slik situasjonen er i dag, er det mange slike lovbrot som ikkje er alvorlege nok til at påtalemyndigheita vel å varetektsfengsle gjerningspersonane fram til hovudforhandling, sjølv om unndragingsfaren er overhengjande.

Førstegangs overtreding av eit mindre alvorleg narkotikalovbrot blir ofte berre straffa med betinga fengsel. Dette har som konsekvens at lovbrytarane blir lauslatne, at dei unndreg seg straffeforfølging, og at det blir skapt eit lovtomt rom. Dette er ein situasjon vi må motverke.

For Oslo politidistrikt har dette vore eit stort problem dei siste åra. Dei har i lengre tid gjort mykje for å bekjempe openlys narkotikaomsetnad i sentrum. For å få bukt med dette problemet er det å få fjerna dei som står for lovbrota heilt sentralt, noko som inneber at straffesakene må blir avgjorte raskt.

Desse aktuelle sakene er ofte ferdig etterforska på gjerningsstaden. Eit døme: dersom politiet tek ein narkotikaseljar med stoff på seg på Oslo S, skal det normalt ikkje mykje etterforsking til for å oppklåre denne saka i seg sjølv. Det same gjeld enkelte typar vinningskriminalitet, der gjerningsmannen blir observert under handlinga, og tatt med utbytte frå den straffbare handlinga på seg.

Det optimale ville vore om politiet dagen etter kunne køyre den sikta til Oslo tingrett, at ein kunne få gjennomført hovudforhandling, at dommen kunne bli forkynt, fullbyrda og effektuert (føresett at vedkomande ikkje ankar), samt at ein kunne få gjennomført eventuell uttransportering og utvising frå landet. I staden er det slik at ein i dag må vente minst 3 månader på hovudforhandlinga.

Eg vil understreke at grunnleggjande rettstryggleiksideal sjølvsagt skal liggje til grunn. Alle som er part i ein rettsprosess skal føle at dei blir ivaretekne. Men det treng ikkje vera nokon motsetnad mellom effektivitet og rettstryggleik.

(Dette er ein redigert versjon av eit innlegg eg hadde på trykk i Klassekampen i mai 2014)

Kriminalitet i fly flyt

Schengen-samarbeidet vart i si tid inngått for å gjera fri flyt av folk lettare i EU- og EØS-landa. Senterpartiet stemte mot fordi vi frykta at manglande grensekontroll internt i Schengen-området ville medføre fri flyt av kriminalitet. Dessverre hadde vi rett.

Mobil, organisert kriminalitet har breidd om seg etter at Noreg vart medlem av passunionen Schengen i 2001, og særleg etter at 8 nye land vart medlemmar i 2007. Om lag ein av tre innsette i norske fengsel er frå utlandet. Dette er eit problem både for samfunnet og for soningskøane – og for omdømet til andre menneske frå dei mest aktuelle landa.

Dyktige utlendingar er særs viktige for å oppretthalde verdiskapinga i Noreg. Dei styrkar også økonomien i sine eigne heimland ved at dei og familiane deira får betydeleg meir pengar å rutte med. Politiets Fellesforbund har peika på at tilstrøyminga av kriminelle har vore særleg stor frå dei baltiske landa.

Mange lovlydige baltiske borgarar gjer ein god jobb i ulike norske næringar som treng arbeidskraft. Det er synd om desse blir uglesette – som dei faktisk blir av mange nordmenn no – på grunn av at mange kriminelle frå landa deira slepp for lett inn i Noreg.

Å innføre passkontrollen vil ikkje hindre utanlandsk arbeidskraft i å koma til landet og vil dermed ikkje svekkje norsk næringsliv, som NHO har hevda. Storbritannia er ikkje medlem av Schengen, og dei har god tilgang på utanlandsk arbeidskraft. Skilnaden på Storbritannia og oss er at dei har langt færre kriminelle utlendingar i fengsla.

Tek vi tala for England, ser vi at berre 12,6 prosent av dei innsette i fengsla der er frå utlandet (juni 2012). Skottland 3,3 prosent. Etter at Noreg vart medlem av Schengen, steig andelen utanlandske fangar i norske fengsel frå kring 12,9 prosent i år 2000 til 32,5 prosent målt i mai 2011. I 2012 var talet oppe i 40 prosent.

Målsetnaden om at yttergrensene til Schengen-området skulle voktast godt, er ikkje nådd. Hellas og Italia har store problem med å hindre tilstrøyming av folk frå non-Schengen-land. Når Romania og Bulgaria truleg blir medlemmar snart, vil dette problemet bli endå verre. Såleis har også kriminelle frå andre delar av verda friare tilgang til den norske «marknaden».

Meir narkotika- og vinningskriminalitet, vald og valdtekter er resultatet. For å setje det på spissen: Vi har meir enn nok norske kriminelle om vi ikkje i tillegg skal importere store mengder kriminelle frå det store utland.

Debatten om Schengen går i fleire land, også i dei nordiske landa. Eit samla nordisk politikorps har gått inn for at avtalen blir revurdert på grunn av den aukande kriminalitet. Dei peikar på at det er for enkelt å bevege seg over landegrensene om ein ikkje har hederlege hensikter. Passkontroll der det blir registrert kven som kjem inn i landet, kva føremålet med reisa er og kor langt opphald som er planlagt, vil kunne gje myndigheitene betre grunnlag for å få oversikt over organiserte kriminelle.

Vi må arbeide målretta for å førebyggje grensekryssande kriminalitet. I dagens politiske landskap er det ikkje fleirtal for å gå ut av passunionen. Men dersom vi ønskjer å stoppe den frie flyten av kriminalitet, må debatten takast om korleis vi skal gjera det. Då er det verdt å diskutere om ikkje Norden igjen vil kunne vera eit praktisk og fornuftig avgrensa område for intern fri flyt av personar og passfridom. Det var et slikt samarbeid vi hadde i fleire ti-år før Schengen-avtalen trådde i kraft.

Få bukt med mobil kriminalitet: Exit Schengen

Talet på kriminelle utlendingar aukar stadig her til lands. I norske fengsel er over 30 prosent av dei innsette frå andre land.

Dette kjem ikkje av at utlendingar i seg sjølv er meir kriminelle, men fordi vi med manglande personkontroll ved grensa tiltrekkjer oss uforhaldsmessig mange kriminelle utlendingar. Mobil, organisert kriminalitet breier om seg i rekordfart når grensene er opne på det viset dei har vore etter at Noreg var medlem av passunionen Schengen i 2001, og særleg etter at 8 nye land vart medlemmar i 2007.

Passfriheit og fri flyt av personar er kjernen i Schengen-samarbeidet. Yttergrensene til Schengen-området skal i utgangspunktet voktast godt, men dette fungerer ikkje i praksis. Hellas og Italia har store problem med å hindre tilstrøyming av folk frå non-Schengen-land.

Når Romania og Bulgaria truleg blir medlemmer snart, vil dette problemet bli endå verre. Ergo er det ikkje berre kriminelle frå andre Schengen-land som har fri tilgang til den norske «marknaden», det er også kriminelle frå andre delar av verda.

Fri flyt av kriminelle, med andre ord. Meir narkotikakriminalitet, fleire ran og tjuveri, vald og valdtekter er resultatet. Vi har nok kriminelle i Noreg frå før om vi ikkje skal importere store mengder kriminelle frå utlandet…

Debatten om Schengen går i fleire land, også nordiske land. Eit samla nordisk politikorps ønskjer at avtalen blir revurdert på grunn av dei negative konsekvensane.

Norden ville vera eit praktisk og fornuftig område for intern fri flyt av personar og passfridom. Det var et slikt samarbeid vi hadde i fleire ti-år før Schengen-avtalen trådde i kraft, og samarbeidet fungerte bra.

Eg forstår at det ikkje er gjort over natta å endre på eller gå ut av det eksisterande Schengen-samarbeidet. Men dersom dei nordiske myndigheitene vel å sjå problemet i kvitauget, og ønskjer å gjera noko effektivt for å hindre stadig fleire utanlandske kriminelle i å operere i Norden, bør dei revurdere avtalen.

Til kamp mot organisert kriminalitet

Organisert kriminalitet er eit problem som grip om seg og blir meir alvorleg. Det går ut på alt frå menneskehandel og narkotikakriminalitet til økonomisk kriminalitet og mobil vinningskriminalitet. Det er eit internasjonalt og grenseoverskridande problem, og det påverkar mange nordmenn på ulike vis.

Norske ungdommar blir fanga i rushelvetet når narkotikaseljarane lukkast med å gjera nye personar avhengige av rusen. Attom dette står store, organiserte nettverk med lite respekt for det enkelte menneske og menneskeverdet. Norske familiar opplever at husa deira blir rana medan dei er borte ein tur i helga – eller endå verre at huset blir rana på nattestid medan dei ligg og søv der. Dette gjer folk redde. Og problemet finst i heile landet.

Francis Bacon sa at “Ikkje noko er fryktelegare enn frykta sjølv”. Dette er det mykje i. Å oppleva at nokon bryt seg inn i heimen din, den staden du eigentleg skal kunne kjenne deg tryggast og mest avslappa, skapar frykt. Ikkje berre for den enkelte familie, men også for heile nabolag.

Trygge lokalsamfunn er ikkje berre ein floskel, det er ein realitet mange plassar enno. Plassar der ingen låser ytterdøra verken dag eller natt, og der ein slepper ungane fritt ut for å leike. Målet må vera å hindre ei utvikling der mange kjenner frykt og stadig er på vakt, fordi dette forringar livskvaliteten og den verdien som ligg i trivelege lokalsamfunn.

Den raud-grøne regjeringa har lagt fram ei eiga stortingsmelding om organisert kriminalitet, og heile Stortinget har nyleg slutta seg til hovudtrekka i denne. Vi vil mellom anna leggje endå betre til rette for målretta samarbeid og gode verktøy i politietaten for å førebyggje og bekjempe denne kriminaliteten. Eit godt døme på samarbeid som har gjeve resultat er Grenseløs-prosjektet. Dette viser at det er fullt mogleg å oppnå resultat utan å slå saman heile politidistrikt.

Det er viktig ikkje å gløyme den rolla som nærpolitiet har for å skape tryggleik lokalt og for å førebyggje at kriminalitet, også den organiserte, skal få fotfeste. Til dømes mobil vinningskriminalitet og mc- og narkotikakriminalitet skaper i høgste grad problem lokalt i mange delar av landet. Alvorleg kriminalitet kan førebyggjast og reduserast når politiet både er nært på innbyggjarane og det som skjer og samstundes evner å samarbeide på tvers av distrikt og med andre aktørar. Eg har i denne samanheng store forventningar til at IKT-satsinga i politiet skal mogleggjera nye og moderne løysingar og betre samhandling.

Vi kan ikkje godta at menneske blir utnytta på det grovaste i menneskehandel eller at folk fryktar for brutale ran i heimane sine. Vi skal kunne kjenne oss trygge i alle delar av landet. Kampen mot organisert kriminalitet må såleis halde fram med stor styrke.

NHO og mobil kriminalitet

NHO Møre og Romsdal er usamde i utspelet mitt om å revurdere Schengen-samarbeidet, fordi dei meiner det vil hindre utanlandsk arbeidskraft i å koma til landet og dermed svekkje norsk næringsliv. Dette stemmer ikkje. Dessutan ser NHO ut for å ta for lett på det problemet som mobil kriminalitet utgjer.

Organisert og mobil kriminalitet aukar, og er eit problem i heile landet, ikkje berre på det sentrale Austlandet. Politiets fellesforbund ønskjer å innføre grensekontroll igjen, og dei nemner spesielt problemet med folk frå dei baltiske landa. Mellom anna villainnbrot og tapping av kredittkort skapar utryggheit for folk, og eg meiner vi må arbeide målretta for å førebyggje slik grensekryssande kriminalitet.

Det å innføre felles nordiske yttergrenser igjen vil kunne vera eit effektivt tiltak for å gjera det vanskelegare for forbrytarar. Men det er ingen grunn til at dette skal hindre folk med ærlege hensikter og dei som vil jobbe her til lands i å koma til Noreg. Tvert imot vil deira omdømme heller kunne betrast dersom dei slepp at mange av deira landsmenn kjem hit for å begå kriminelle handlingar.

Eg er sjølvsagt også oppteken av at næringslivet skal ha god tilgang til utanlandsk arbeidskraft. Dyktige utlendingar er i dagens arbeidsmarknad særs viktige for å oppretthalde verdiskapinga i Noreg. Dei er også med på å styrke økonomien i sine eigne heimland ved at dei og familiane deira får betydeleg meir pengar å rutte med.

Det er imidlertid slik at kriminelle frå baltiske land står for 80 pst av den organiserte kriminaliteten i Norden. Vidare er det verdt å merke seg at Italia og Hellas ikkje har god kontroll med sine Schengen-yttergrenser, og at massiv ulovleg innvandring dit også blir eit aukande problem for Noreg. Dette problemet vil bli endå større når Romania og Bulgaria snart skal inn i Schengen. Det er på bakgrunn av dette at eg meiner noko må gjerast.

Skyfri himmel?

Eg sit og lyttar til Bjørn Eidsvåg sin “Skyfri himmel” samstundes som eg førebur meg på dei komande dagane.

Ettar at eg var så heldig å koma inn i justiskomiteen, har eg prøvd så godt eg kan å setje meg inn i dette viktige feltet. Denne veka skal eg reise ein del rundt for å lytte og lære.

Eg kan ikkje anna enn å tenkje på alle dei skjebnene som på eitt eller anna vis er knytt til ymse lovbrot. Både offer og lovbrytarar kan lengte etter dagar under ein skyfri himmel.

I morgon skal eg besøke Ålesund fengsel, onsdag jordskifteretten i Molde og Nordmøre og Romsdal politikammer og konfliktrådet i Kristiansund. Torsdag er det krisesenteret i Kristiansund som står på programmet.

Eg trur desse besøka vil gje eit breitt bilete av kva utfordringar storsamfunnet står overfor for å ivareta samfunnssikkerheita, gi støtte til ofra for grove og krenkande lovbrot og for å straffe og rehabilitere lovbrytarar.

Fortsetjing følgjer i slutten av veka. Inntil vidare vil eg uttrykkje eit håp om at vi politikarar framover klarar å leggje tilhøva betre for at fleire skal sleppe å lengte fånyttes etter gode stunder under ein skyfri himmel.

Frp og kriminalitetskoden

Det bør helst vera ein samanheng mellom oppgåver og løysingar. Frp vil endre moglegheita for å få prøvelauslating slik at ein må sone minst 4/5 av straffa først i staden for 2/3 slik det er no. Er oppgåva å forhindre at kriminelle gjer nye brotsverk, er ikkje Frp sitt framlegg ei god løysing.

Framlegget frå Frp høyrest umiddelbart greitt ut, for mange er naturleg nok opptekne av rettferd for offeret og at lovbrot skal få konsekvensar. Samstundes er det eit opplagt mål å førebyggje nye kriminelle handlingar. Då vil tiltak for å rehabilitere lovbryteren vera ein viktig del av fengselsstraffa og kriminalomsorga.

Innhaldet i fengselsstraffa er vesentleg, og at apparatet ute fungerer den dagen ein skal ut i det fri. Får ein ut på prøve når ein har sona 2/3 av dommen, kan KIF (Kriminalomsorg i frihet) ileggje domfelte møteplikt og vilkår for prøvelauslatinga. Det kan jobbast med dei problema den domfelte har, samstundes som han eller ho prøver å få livet utanfor murane til å fungere. Ved brot på vilkåra eller nye lovbrot har ein tid til å setje domfelte inn igjen for å sone resten av dommen.

Ved å gjera som Frp vil, å endre reglane for prøvelauslating til ein har sona 4/5 av dommen, vil ein forkorte tida KIF har til å hjelpe den domfelte til å tilpasse seg samfunnet. Ein forkortar altså tida den domfelte kan vera under kontroll i friheit. Dessutan blir konsekvensen av eventuelle brot på vilkåra lågare, fordi det er kortare tid att til heile dommen er sona.

Går vi over til å tillate prøvelauslating etter 4/5 av soningstida, vil dette anslagsvis føre til behov for ca 500 nye soningsplassar med høg sikkerheit fordi fleire må sitje inne i lenger tid. Opprettar vi ikkje desse, vil vi på nytt få lange soningskøar. Då får vi ikkje nok plass til varetektsfangar og domsinnkalte. Fleire lovbrytarar får gå fritt medan dei ventar på soningsplass. Der har vi vore og dit vil vi ikkje igjen.

Senterpartiet ønskjer ei kriminalomsorg som fokuserer på innhaldet i soninga, utdanning og førebuing til livet etter fengselsopphaldet allereie frå første stund. Dersom lange straffer hadde verka avskrekkande, ville land som USA og Kina hatt mindre tilbakefall og mindre kriminalitet enn til dømes Noreg. Det er langt ifrå tilfelle.

Sjølv ikkje risikoen for å få dødsstraff får drapsmenn til å avstå fra å drepa. Då er det klårt at straff i seg sjølv ikkje verkar godt nok. Derfor må vi gjera meir av det som faktisk verkar: Vi må auke faren for å bli oppdaga ved å styrke politiet. Vi må gjera rettsystemet meir effektivt slik at ein blir dømt og straffa langt raskare etter at ein har begått lovbrot. Dette vil gjera konsekvensen av lovbrotet tydelegare for lovbrytaren, betre situasjonen for offera og styrke den allmene rettsoppfatninga.

Eit menneske som har lite eller ingenting å tape, vil lettare begå handlingar som fråtek han fridomen og som stengjer han ute frå livet utanfor murane. Dersom dette livet utanfor ikkje er stort å sakne, er ikkje straffa særleg verknadsfull i seg sjølv. Styrkar vi derimot innhaldet i soninga og tilbyr ein god kriminalomsorg under prøvelauslatinga, vil vi kunne bidra til å gje dette mennesket verdigheit, ein heim og ein jobb å gå til. Det vil gjera at vedkomande får noko å tape.

Brukar vi Frp sin kode for å få bukt med kriminalitet, som mellom anna går ut på å endre reglane for prøvelauslating, reduserer vi den tida kriminalomsorga kan jobbe saman med den domfelte. Dei fleste som sit inne ønskjer å vera frie og å ha det betre, dei veit berre ikkje korleis. Lengre tid bak murane er såleis ikkje løysinga på den store oppgåva vi har med å førebyggje nye kriminelle handlingar.