Viser arkivet for stikkord kontantstøtte

Målrett kontantstøtta

Mange på venstresida meiner kontantstøtta bør fjernast mellom anna fordi den hindrar integrering av innvandrarar. Eg er samd i at kontantstøtta kan ha ein slik negativ bieffekt, men er usamd i den skal fjernast. Vi bør heller målrette og forbetre kontantstøtteordninga.

No gjeld kontantstøtta for to år. Den månadlege utbetalinga er for dei fleste for lita til at det å vera heime med den lille er eit økonomisk akseptabelt alternativ til å vera i full jobb. Dersom kontantstøtta blir avgrensa til å gjelde kun for eittåringane, medan den månadlege summen samstundes blir bortimot dobla, kan fleire få eit reelt val mellom barnehage og å vera heime med dei minste.

Det viser seg dessverre at fire av fem ikkje-vestlege foreldre heller tek imot kontantstøtte enn å sende barna i barnehage. Dermed kan borna gå glipp av nødvendig og grunnleggjande norsktrening og stille med eit handikap når dei startar på skulen. Ved å avgrense kontantsstøtteordninga til eitt år vil langt fleire toåringar som no ville ha godt av å gå i barnehage, forhåpentlegvis få begynne i barnehagen tidlegare.

Somme kan reagere på at familiar med Senterpartiet sin modell vil kunne motta kontantstøtte berre fram til ungen er to år og ikkje til tre år slik som i dag. Det er imidlertid ingen tvil om at det er eittåringane som vil ha mest att for å vera heime eit ekstra år. Fred og ro er faktisk ikkje så dumt for dei minste. Men for toåringane vil barnehagen ofte vera ein ypperleg stad for å utvikle sosiale evner og språket. Dette er særleg viktig for ungar av innvandrarar.

Eg meiner ikkje at å sende eittåringar i barnehagen er gale, tvert i mot er det for mange familiar nødvendig for å få kvardagen til å gå ihop. For somme ungar er det dessutan ein fordel pga ymse forhold heime. Eit godt utbygd barnehagetilbod er og vil framleis vera veldig viktig.

Samstundes bør det leggjast betre til rette for dei familiane som faktisk ønskjer å la ungane vera heime lenger enn til dei har fylt 10-12 månader. Senterpartiet vil at småbarnsfamiliar skal ha valfridom. Derfor går vi inn for å målrette og forbetre dagens kontantstøtteordning.

Endring av kontantstøtta

Eg har i eit tidlegare innlegg om kontantstøtta, “Heime somtid best”, formulert meg på eit vis som kan bli misforstått. Derfor vil eg klårgjera kva som ligg i løypa av endringar og når desse kan skje.

I den nye regjeringserklæringa Soria Moria II for åra 2009-2013 står det at regjeringa vil gjera dette: “Målrette og styrke en ordning med kontantstøtte til ettåringer. Vesentlige endringer i kontantstøtteordningen vil bli varslet i god tid.”

Dette inneber altså at den endringa vi i Senterpartiet har gått inn for er innan rekkevidde, men at det ikkje er avgjort når dette skal skje. Personleg håpar eg det ikkje tek lang tid.

Eg meiner bestemt at det vil vera eit framsteg med ei kontantstøtte som kan takast ut i eitt år før ungen fyller to kombinert med ein monaleg auke i den månadlege utbetalinga. Fleire foreldre kan på dette viset få høve til å vera heime med eittåringane. Samstundes vil endringa truleg føre til at fleire toåringar som av ulik grunnar vil ha godt av å starte i barnehage får gjera det.

Heime somtid best

Kontantstøtteordninga har vore under press, og eg er derfor letta og glad for at Senterpartiet sin modell for vidareutvikle denne har vunne fram. Den skal no gjelde for eitt år fram til ungen fyller to, men summen skal aukast monaleg.

Vi meiner at summen ein kan få utbetalt per månad medan ein er heime med smårollingar må vera såpass høg at den gjer det mogleg for fleire familiar å velje dette.

Somme kan reagere på at familiar vil kunne motta kontantstøtte berre fram til ungen er to år og ikkje til tre år slik som i dag.

Det er imidlertid ingen tvil om at det er eittåringane som vil ha mest att for å vera heime eit ekstra år. Fred og ro er faktisk ikkje så dumt for dei minste. For toåringane vil imidlertid barnehagen ofte vera ein ypperleg stad for å utvikle sosiale evner og språket.

Dette er særleg viktig for ungar av innvandrarar. Dessverre er det desse som oftast held ungane heime til dei fyller tre med dagens kontantstøtteordning, og det tener ikkje integreringa.

Eg meiner ikkje at å sende eittåringar i barnehagen er gale, tvert i mot er det for mange familiar nødvendig for å få kvardagen til å gå ihop. For somme ungar er det dessutan ein fordel pga ymse forhold heime.

Men eg er oppteken av at familiane skal ha eit reelt val mellom barnehage og å vera heime med ungen lenger enn fødselspermisjonen varar. Derfor er den nye modellen for kontantstøtta eit framsteg.