Viser arkivet for stikkord kollektivtransport

Bussen bør vera for fleire

Eg sit på TIMEkspressen mellom Kristiansund og Molde og skriv dette. For ein gongs skuld passar det å ta bussen fordi eg uansett måtte la bilen stå i nordmørsbyen. Men desse velsigna bussane med avgang ein gong i timen er eit ukjent fenomen på indre Nordmøre.

I det heile er det lite buss rundt omkring i landet vårt.Dersom vi samanliknar kor mange milliardar som blir brukt på jarnbanen i forhold til dei beskjedne midlane som går til busstransport, og vi samstundes veit kor store delar av landet som ikkje har jarnbane, kan vi kanskje ta til å lure på kvifor.

Eg meiner det ikkje er nokon god grunn til dette. Jarnbanen fortener pengane, det er ikkje noko med det, men kva med bussen? Burde det ikkje brukast meir på å stimulere til bussruter med hyppigare avgangar langt fleire stader enn det er i dag? Eg meiner bestemt at det burde det.

Kollektivtransport er ikkje eit reelt alternativ til bilen i store delar av landet vårt. Ok, det ville koste nokre hundre millionar å få til eit langt betre tilbod, men igjen: Samanlikna med dei milliardane vi brukar på toget, hadde det ikkje vore urimeleg om vi som bur for langt unna jarnbanen fekk nyte godt av ei kollektivsatsing.

Dette er noko eg ønskjer å jobbe for framover. Så kan eg kanskje ein gong i framtida ta TIMEkspressen heilt frå Surnadal til Molde, Ålesund eller Volda, og la bilen oftare stå pent plassert i garasjen.