Viser arkivet for stikkord jenter

Jenter som vender blikket innover

Ein moderne trussel mot likestilling og kvinnefrigjering meiner eg ligg i fikseringa på kropp, utsjånad og vekt. Jenter som bruker store delar av hjerneaktiviteten til å uroe seg for at dei ikkje er bra nok, er ikkje frigjorte. Dei vender blikket innover i staden for opp og fram.

Uansett alder blir vi påverka av kroppsfikseringa. Radmagre modellar på motesidene i dameblada og på reklameplakatane framstiller ei norm som er uoppnåeleg for dei fleste – eller som det vil vera direkte helseskadeleg å oppnå. Sjølv opnar eg ikkje lenger slike dameblad, for eg vil ikkje vera meir misnøgd med meg sjølv enn strengt nødvendig…

Til og med jenter i barnehagealder og i småskulen ønskjer å slanke seg. Dei ønskjer å vera annleis enn dei er, og er vare for andre si oppfatning av dei. Eg har ofte tenkt på kva som gjer at vi heng oss slik opp i dette med vekta.

Vi lever i ei tid med overflod på mat og med mange fristelsar. Usunn mat fristar oss kor vi enn snur oss, og det å ha eit balansert kosthald krev sjølvdisiplin for mange. Det er ikkje enkelt. Kvinner har ein tendens til å eta meir når dei er stressa, og det er vel lett å bli endå meir stressa av frykta for å leggje på seg.

Noko som ergrar meg, er tilsynelatande uskuldige kommentarar som denne: “Jøss, kor fin du er, har du slanka deg?” Hjernen min – og eg trur mange andre sin – koplar dette slik: Eg har ikkje vore særleg fin før, men no som eg er slankare er eg tydelegvis fin. Ergo: dersom eg legg på meg igjen, er det krise.

Nokon som kjenner seg igjen?

Nei, vend blikket opp og fram, jenter. Kva oppnår vi ved å bekymre oss sjuke over at kroppane våre ikkje fyller krava til å vera fotomodellar? Vi har saktens betre saker å bruke hjernecellene våre på dersom vi skal erobre verda.