Viser arkivet for stikkord innvandringspolitikk

Skjønn og rettferdigheit

Utsendinga av Maria Amelie har skapt mykje debatt og engasjement, både for og imot. Eg har forfekta det synet at vi skal ha eit strengt regelverk i asyl- og innvandringspolitikken, men at vi samstundes må ha ei opning for å kunne bruke skjønn i enkeltsaker. Dette er ikkje nødvendigvis enkelt i praksis, men det treng ikkje vera feil fordi om det er vanskeleg.

Eg deler den bekymringa mange har for at det å bruke skjønn kan føre til urettvis behandling av somme som søkjer asyl. Men ulik behandling er ikkje synonymt med urettvis. Når nokon har budd her i mange år, gjort ein innsats for å lære seg språket og bli integrert og gjennom dette fått særleg tilknytning til landet – ja, då kvalifiserer det etter mi meining til ei særskilt vurdering. Endå meir meiner eg at omsynet til barns beste bør telje. Saka frå Vadsø i fjor haust om dei serbiske familiane med små ungar som brått vart utsendte, er eit døme på kva eg meiner er feil praktisering av reglane. Det vil seie at eg meiner det er brukt dårleg skjønn av utlendingsmyndigheitene i både denne saka og i Maria Amelie-saka.

Regjeringa har som mål å føre ein streng og rettvis asyl- og innvandringspolitikk. Folk utan dokumentert behov for vern blir utsendte langt raskare enn før. Dette fører til at det etter kvart vil bli færre og færre som gjennom langvarig ulovleg opphald får tilknytning til riket. Det å ta særlege omsyn til dei som allereie har fått denne sterke tilknytninga, er såleis ikkje det det same som å opne ei låvedør for innvandrarar inn til landet, noko somme har hevda. Derimot er det eit teikn på at vi som samfunn tek skjebnen til enkeltmenneske på alvor. Det er eit slikt samfunn eg vil leva i, ikkje eit samfunn der rigide tolkingar av regelverket gir håplause utslag.

Rikt eller fattig?

Saka om Maria Amelie skal få opphald i Noreg eller ikkje rører mange. Tidlegare i kveld spurte guten min på ti år om eg kunne forklåre kva saka handlar om. Det var då det kom eit gullkorn frå han som eg vil dele med lesarane.

Eg gjorde eit tappert forsøk på å få fram argumenta for og imot slik at han skulle forstå at det er mange vanskelege vurderingar ein må gjera. Eg sa at eg meinte saka til Maria Amelie er spesiell, og at ho bør få bli sjølv om det ikkje er mogleg at alle papirlause asylsøkjarar som har fått avslag kan få vera her berre fordi dei har vore i landet nokre år.

Eg tala vidare om at asyl- og innvandringspolitikken skal sørgje for at folk som treng vern skal få det, og at det er viktig at folk med mørk og lys hud blir behandla likt. Han er vant til å diskutere med meg og liker å følgje med. Det er vel ikkje anna å vente når han har ei mor på tinget. Men det kunne også vore heilt motsett, han kunne fått nok (noko han sikkert kan få om eit år eller to).

Uansett, kommentaren hans vart slik: “Mamma, viss vi var eit heilt kvitt land, at vi hadde kasta ut alle svarte menneske, då hadde vi kanskje vore det rikaste landet lell, men samtidig også det fattigaste.” Eg spurte han kva han meinte med det, og han svara: “Nei, eg meiner berre det at vi ville vore det fattigaste fordi vi ikkje ville ha vore noko snilt land i så fall.”

Kommentaren hans handla ikkje om saka til Maria Amelie, men kom som ein reaksjon på det eg fortalte om dei vurderingane som må gjerast på dette politikkområdet.

Eg hadde lyst til å formidle desse orda, for det han sa rørte meg. Asyl- og innvandringspolitikk er ikkje enkelt. Men det kan seiast så enkelt som dette.