Viser arkivet for stikkord gullkorn

Rikt eller fattig?

Saka om Maria Amelie skal få opphald i Noreg eller ikkje rører mange. Tidlegare i kveld spurte guten min på ti år om eg kunne forklåre kva saka handlar om. Det var då det kom eit gullkorn frå han som eg vil dele med lesarane.

Eg gjorde eit tappert forsøk på å få fram argumenta for og imot slik at han skulle forstå at det er mange vanskelege vurderingar ein må gjera. Eg sa at eg meinte saka til Maria Amelie er spesiell, og at ho bør få bli sjølv om det ikkje er mogleg at alle papirlause asylsøkjarar som har fått avslag kan få vera her berre fordi dei har vore i landet nokre år.

Eg tala vidare om at asyl- og innvandringspolitikken skal sørgje for at folk som treng vern skal få det, og at det er viktig at folk med mørk og lys hud blir behandla likt. Han er vant til å diskutere med meg og liker å følgje med. Det er vel ikkje anna å vente når han har ei mor på tinget. Men det kunne også vore heilt motsett, han kunne fått nok (noko han sikkert kan få om eit år eller to).

Uansett, kommentaren hans vart slik: “Mamma, viss vi var eit heilt kvitt land, at vi hadde kasta ut alle svarte menneske, då hadde vi kanskje vore det rikaste landet lell, men samtidig også det fattigaste.” Eg spurte han kva han meinte med det, og han svara: “Nei, eg meiner berre det at vi ville vore det fattigaste fordi vi ikkje ville ha vore noko snilt land i så fall.”

Kommentaren hans handla ikkje om saka til Maria Amelie, men kom som ein reaksjon på det eg fortalte om dei vurderingane som må gjerast på dette politikkområdet.

Eg hadde lyst til å formidle desse orda, for det han sa rørte meg. Asyl- og innvandringspolitikk er ikkje enkelt. Men det kan seiast så enkelt som dette.