Viser arkivet for stikkord grensekontroll

Kriminalitet i fly flyt

Schengen-samarbeidet vart i si tid inngått for å gjera fri flyt av folk lettare i EU- og EØS-landa. Senterpartiet stemte mot fordi vi frykta at manglande grensekontroll internt i Schengen-området ville medføre fri flyt av kriminalitet. Dessverre hadde vi rett.

Mobil, organisert kriminalitet har breidd om seg etter at Noreg vart medlem av passunionen Schengen i 2001, og særleg etter at 8 nye land vart medlemmar i 2007. Om lag ein av tre innsette i norske fengsel er frå utlandet. Dette er eit problem både for samfunnet og for soningskøane – og for omdømet til andre menneske frå dei mest aktuelle landa.

Dyktige utlendingar er særs viktige for å oppretthalde verdiskapinga i Noreg. Dei styrkar også økonomien i sine eigne heimland ved at dei og familiane deira får betydeleg meir pengar å rutte med. Politiets Fellesforbund har peika på at tilstrøyminga av kriminelle har vore særleg stor frå dei baltiske landa.

Mange lovlydige baltiske borgarar gjer ein god jobb i ulike norske næringar som treng arbeidskraft. Det er synd om desse blir uglesette – som dei faktisk blir av mange nordmenn no – på grunn av at mange kriminelle frå landa deira slepp for lett inn i Noreg.

Å innføre passkontrollen vil ikkje hindre utanlandsk arbeidskraft i å koma til landet og vil dermed ikkje svekkje norsk næringsliv, som NHO har hevda. Storbritannia er ikkje medlem av Schengen, og dei har god tilgang på utanlandsk arbeidskraft. Skilnaden på Storbritannia og oss er at dei har langt færre kriminelle utlendingar i fengsla.

Tek vi tala for England, ser vi at berre 12,6 prosent av dei innsette i fengsla der er frå utlandet (juni 2012). Skottland 3,3 prosent. Etter at Noreg vart medlem av Schengen, steig andelen utanlandske fangar i norske fengsel frå kring 12,9 prosent i år 2000 til 32,5 prosent målt i mai 2011. I 2012 var talet oppe i 40 prosent.

Målsetnaden om at yttergrensene til Schengen-området skulle voktast godt, er ikkje nådd. Hellas og Italia har store problem med å hindre tilstrøyming av folk frå non-Schengen-land. Når Romania og Bulgaria truleg blir medlemmar snart, vil dette problemet bli endå verre. Såleis har også kriminelle frå andre delar av verda friare tilgang til den norske «marknaden».

Meir narkotika- og vinningskriminalitet, vald og valdtekter er resultatet. For å setje det på spissen: Vi har meir enn nok norske kriminelle om vi ikkje i tillegg skal importere store mengder kriminelle frå det store utland.

Debatten om Schengen går i fleire land, også i dei nordiske landa. Eit samla nordisk politikorps har gått inn for at avtalen blir revurdert på grunn av den aukande kriminalitet. Dei peikar på at det er for enkelt å bevege seg over landegrensene om ein ikkje har hederlege hensikter. Passkontroll der det blir registrert kven som kjem inn i landet, kva føremålet med reisa er og kor langt opphald som er planlagt, vil kunne gje myndigheitene betre grunnlag for å få oversikt over organiserte kriminelle.

Vi må arbeide målretta for å førebyggje grensekryssande kriminalitet. I dagens politiske landskap er det ikkje fleirtal for å gå ut av passunionen. Men dersom vi ønskjer å stoppe den frie flyten av kriminalitet, må debatten takast om korleis vi skal gjera det. Då er det verdt å diskutere om ikkje Norden igjen vil kunne vera eit praktisk og fornuftig avgrensa område for intern fri flyt av personar og passfridom. Det var et slikt samarbeid vi hadde i fleire ti-år før Schengen-avtalen trådde i kraft.

Få bukt med mobil kriminalitet: Exit Schengen

Talet på kriminelle utlendingar aukar stadig her til lands. I norske fengsel er over 30 prosent av dei innsette frå andre land.

Dette kjem ikkje av at utlendingar i seg sjølv er meir kriminelle, men fordi vi med manglande personkontroll ved grensa tiltrekkjer oss uforhaldsmessig mange kriminelle utlendingar. Mobil, organisert kriminalitet breier om seg i rekordfart når grensene er opne på det viset dei har vore etter at Noreg var medlem av passunionen Schengen i 2001, og særleg etter at 8 nye land vart medlemmar i 2007.

Passfriheit og fri flyt av personar er kjernen i Schengen-samarbeidet. Yttergrensene til Schengen-området skal i utgangspunktet voktast godt, men dette fungerer ikkje i praksis. Hellas og Italia har store problem med å hindre tilstrøyming av folk frå non-Schengen-land.

Når Romania og Bulgaria truleg blir medlemmer snart, vil dette problemet bli endå verre. Ergo er det ikkje berre kriminelle frå andre Schengen-land som har fri tilgang til den norske «marknaden», det er også kriminelle frå andre delar av verda.

Fri flyt av kriminelle, med andre ord. Meir narkotikakriminalitet, fleire ran og tjuveri, vald og valdtekter er resultatet. Vi har nok kriminelle i Noreg frå før om vi ikkje skal importere store mengder kriminelle frå utlandet…

Debatten om Schengen går i fleire land, også nordiske land. Eit samla nordisk politikorps ønskjer at avtalen blir revurdert på grunn av dei negative konsekvensane.

Norden ville vera eit praktisk og fornuftig område for intern fri flyt av personar og passfridom. Det var et slikt samarbeid vi hadde i fleire ti-år før Schengen-avtalen trådde i kraft, og samarbeidet fungerte bra.

Eg forstår at det ikkje er gjort over natta å endre på eller gå ut av det eksisterande Schengen-samarbeidet. Men dersom dei nordiske myndigheitene vel å sjå problemet i kvitauget, og ønskjer å gjera noko effektivt for å hindre stadig fleire utanlandske kriminelle i å operere i Norden, bør dei revurdere avtalen.

Venstre og fortida

Manglande grensekontroll gjennom Schengen-samarbeidet fører til fri flyt av kriminalitet. Venstres Borghild Tenden og Sveinung Rotevatn har tydelegvis ikkje lese innlegget mitt ”Stengje Schengen?” godt nok. Dei meiner eg vil tilbake til fortida og stengje grensene til dei nordiske landa. Eg argumenterer derimot for at vi må revurdere samarbeidet, og peikar på at å gjeninnføre felles nordisk yttergrense kan vera eit alternativ.

Å styrke grensekontrollen for å førebyggje kriminalitet betre er ikkje å stengje grensene, men det er å gjera det vanskelegare for kriminelle å herje fritt. Dette burde vera i Venstres interesse også.

Å sjå at noko ikkje fungerer og eventuelt gjeninnføre betre ordningar, er ikkje som Venstre meiner å gå tilbake til fortida. Ikkje all forandring er framskritt. Schengen var definitivt ikkje noko framskritt for betre å hindre mobil, organisert kriminalitet. Dette problemet breier om seg, og noko må gjerast.

Stengje Schengen?

Schengen-samarbeidet vart i si tid inngått for å gjera fri flyt av folk lettare i EU- og EØS-landa. Senterpartiet var imot fordi vi frykta at manglande grensekontroll internt i Schengen-området ville medføre også fri flyt av kriminalitet. Dessverre ser det ut for at vi hadde rett i dette.

Politiets Fellesforbund seier til VG 28. april 2011 at dei ønskjer at grensene til dei baltiske landa blir sperra. Politiet er frustrerte over kor lite desse landa gjer for å bekjempe kriminalitet, og viser til at 80 pst av den organiserte kriminaliteten i Norden blir begått av personar frå Baltikum.

Tidlegare hadde dei nordiske landa felles yttergrense, og levde godt med det. Eg meiner at vi må sjå på Schengen-samarbeidet på nytt og vurdere å gjera endringar. Kanskje er felles yttergrense i Norden noko som bør gjeninnførast, eller kanskje er det andre tiltak som kan gjerast.

Poenget er at det per i dag er for enkelt å bevege seg over landegrensene om ein ikkje har hederlege hensikter. Passkontroll der det blir registrert kven som kjem inn i landet, kva føremålet med reisa er og kor langt opphald som er planlagt, vil kunne gje myndigheitene betre grunnlag for å få oversikt over organiserte kriminelle og såleis førebyggje mobil og organisert kriminalitet.

Land som Italia og Hellas har ikkje god kontroll med sine yttergrenser, og snart kjem Romania og Bulgaria også inn i Schengen-samarbeidet. Dette aukar behovet for tiltak, slik eg ser det.

Det er viktig å halde fram det gode samarbeidet med dei baltiske landa. Men for alle dei som kjem hit på ferie eller for å arbeide, og som faktisk utgjer ein stor ressurs for Noreg, vil det vera til det beste om dei med dårlege hensikter blir luka ut.