Viser arkivet for stikkord gjerningsmannen

Ulike slags pårørande

Når drap og grove valdshandlingar skjer er det naturleg å tenkje på ofra og deira pårørande. No som massakren på Utøya og i Oslo er eit faktum, går alle sine tankar til dei som har vorte ramma. Samstundes skal vi ikkje gløyme at pårørande til gjerningsmenn også kan vera i ein frykteleg situasjon når det blir klårt at ein av deira næraste står bak ein tragedie med mange omkomne.

På fjesboka har det vore ein liten diskusjon om nettopp dette. Dei fleste seier seg samde i at ein må hugse dei pårørande til gjerningspersonen no, men nokre meiner også at foreldre til drapsmenn kan vera ansvarlege for at deira ungar utviklar seg til “monster”.

Ein kan sjølvsagt ikkje utelukke at nær familie har hatt noko slags skuld i at nokon har utvikla seg til drapsmenn, men vi skal vera varsame med å trekkje slike slutningar før vi har fått klår informasjon som tyder på dette.

Ingen som har sett ungar til verda kan vera sikre på at desse kjem til å skikke seg vel, uansett kor god oppdragelse ein har forsøkt å gje dei. Og i ein og same søskenflokk kan det finnast særs ulike variantar av arten homo sapiens.

Vi får kvar enkelt gjera vårt beste for å gjera ungane våre til gode borgarar med varme hjarte som har omsorg for andre. Vi får vera glade om vi lukkast, men kanskje ikkje ta det for gitt. Akkurat no trur eg vi er best mogleg førebilete for den oppveksande generasjonen om vi tenkjer på dei pårørande både til dei som er ramma og til gjerningsmannen.